Norigs Soga paa Norsk.

 
”En livfuld Norgeshistorie for Børn og Menigmand savne vi desverre endnu; men med Guds Hjælp vil vel en saadan snart se Lyset,” skreiv Ole Vig fyr yver 20 Aar sidan (”Liv i Norge” S. 180). Men enno kann me ikkje segja, at den Voni han her uttalar, er heilt uppfyllt. Væl fekk me alt fyr lengje sidan ei Norigs Soga paa norskt Maal (Eirik Sommers); og den er etter Tid og Høve utrulegt god; men Maalet var den Gongen ikkje so uppdyrkat som no, og Kunskapen om Soga vaar hev og gjort store Framstig, so ei ny Bok alt av den Grunnen kudne trengjast.
           
Ikkje eingong paa det ”aalmenne Bokmaal” eig me ei god Noregssoga. S. Petersens ”Læse- og Lærebok” fyr Skulom gjeng det etter mi Meining ikkje an aa kalla korkje aandfull elder livleg. Ho er ei Beingrind, og dertil reint for stutt. Petersens ”Fortællinger af Fædrelandets Historie” er altid livlegare og meir fullstendig; men so gjeng ho ikkje lenger enn til innaat Kalmarsamfestet, og det er nettupp den Bolken fraa daa og ut til vaare Dagar, som me saknar mest Ljos yver. Eg veit ikkje ei einaste Bok, som gjev ei samanhengjande og nokorludne fullstendig Framsetjing av Fedrelandssoga vaar i den Tidi. Eg fyr min Part hev voret nøydd til aa lita meg med det, som eg hev fengjet av Petersens vesle Norgeshistorie og A. Fayes ”Norges Historie til Brug ved Ungdommens Undervisning.” Men so er detta mest berre turre Upprekningar av dei ytre Hende; Folkets indre Liv og Framgang fær Ein ikkje stort av, og det skulde, etter mi Meining, vera Hovudsaki i ei Fedrelandssoga fyr Ungdomen. Kongar og Krig skulde ikkje vera det, som alt sveiv um; Folkets Liv og dess Utvikling skulde vera Grunnlaget. Det er i Grunnen forgalet som det er; i Petersens ”N.hist.” er Wergeland, Bjørnson og fleire av vaare Merkesmenn – nemde med Namn paa Foten av ei Sida. Og den Boki vert no brukt i kvar einaste Skule og mykje hellest og!
           
Nei, det var stor Skade, at ikkje O. Vig fekk gjeva ut den Norigssoga, som han tenkte paa. Som me veit gav han ut fyrste Delen, ”Norges Sagnhistorie,” og Tanken var aa komet med tvo Delar til: 2dre Delen fraa Kristendomens Innføring til Kalmarsamfestet, og 3die Delen fraa daa og til vaare Dagar; kvart av dei 3 Bandi paa 30 Ark. Det kunde vortet ei høveleg Norigssoga, og den, som kjenner Vigs Syn paa Soga i det heile og hans Gaavur til aa skriva attaat, han vil skyna, at me der leid eit Tap, som ikkje var av dei minste. ”Folkeoplysningsselskabet”, som han baud fram Arbeidet sitt til, tykte det kunde ikkje taka imot det; men det tok imot R. Keysers ”Norges Historie,” som kann vera so god ho vil hellest, - til Folkelesning og fyr Ungdomen er ho ikkje. Det var eit uklaart Syn ”Folkeoplysningsselskabet” hadde paa Folkets Tarv den Gongen.
 
Men er det ikkje Von um, at ein elder annan av vaare fedrelandselskande Maalmenn vil taka upp att Vigs Tanke og bera ’n heilt fram? So langt som Maalsaki no er komi, og so mange gode Krafter som ho no eig, so skulde det ikkje vanta paa god og aandfull Sogelesning fyr det norske Folket. Og skulde det ikkje vera eit fagert og vonfullt Arbeid? Det vilde gleda so mang ein Mann utyver Landet og gjeva oss mang ei hugnadsfull Stund i dei lange Vinterkveldar. Skulde ikkje einkvar Folkehøgskulelæraren vilja leggja i Veg, tru? Fekk me høyra, at eit slikt Arbeid var i Gjerdom, skulde me av Hjartat ynskja: Signe Arbeidet!
 
Vaage i September 1878.
 
J. K.
 
 
 
Me vil vita, at ei ny Norigssoga paa Norskt snart er ventande fraa ein Mann, som me trur kjem til aa skilja seg fint fraa det Arbeidet. Ho er ikkje so stor som Hr. J. K. hev tenkt seg Boki, men kjem hellest visst i mangt til aa svara til dei Krav, som han set upp. Det kunde hellest nok vera godt aa tenkja paa ei større og; men skulde Ein faa fullt Ljos yver Tidi fraa Kalmarsamfestet og utetter, laut Ein væl venta, til Vitskapen fekk greidt skikkeleg ut i det Emnet. Likevæl kunde den Mannen, som havde Hug til aa taka upp Vigs Tanke, nok taka til med det strakst; for slikt Arbeid gjeng ikkje fort. Og me veit alle, at det var godt, um Vigs Tanke kunde koma i Verk so snart som det var Raad.                                
 
Bldst.

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum