Mord i Sverik.

 
I Borgviks Sokn (Vermland) vart Nott til 30 Oktober ei ugift Kvinna Augusta Hallgren, som driv Bakarnæring i eit einsamt Hus ved Landevegen, og den 4 Aar gamle Brorson hennar yverfallne og svimeslegne; 10 Kronur i Pengar og nokre Kakur vart stolne. Augusta Hallgren er komi til Sans og Samling att, men ikkje Barnet. Misstenkte fyr Yverfallet er Hans Julius Olsen fraa Øystre Aker ved Kristiania; han er gripen og innsett i Karlstads Fengsel. - Ved Stockholm, paa Hamni ved Blasieholmen, vart Laugdag den 9de Novbr. Styrmannen paa Eimskipet ”Sødra Sverige”, A. Ohlsson, ihelskoten med ein Revolver. Gjerningsmannen, som stod paa Land og strakst tok Flugti, vart ettersett og gripen. Han heiter Anderson og hadde voret med Skipet som Passager fraa Lübeck, hadde vortet usams med Styrmannen, ilandsett i Kalmar og vilde no hemna seg; han er fraa Stockholm, men hev faret til Sjøs, sidan han fyr 16 Aar sidan reiste heiman, mest med engelske og amerikanske Skip. Han angrar ikkje Gjerdi, men er missnøgd med, at han ikkje fekk Høve til aa skjota fleire ”Hamnbusar” daa han hadde att 4 Laup, som han ikkje vann med aa skjota av. Styrmann Ohlsson, 45 Aar gl., leiver etter seg Kona og Born.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum