I sin Rapport fraa Parisframsyningi...

 
i Aar skriv Professor Dr. O. J. Broch bl. A.: ”Det er korkje Hindringar elder Politibod, som kann verja mot den aandelege Gjæring i vaar Tid; det er berre ved solid og sunn Daning og ved so mykje Ein kann aa gjeva dei religiøse Kjenslur Vokster, at ein kann føra Folket tilbaka paa den gode Veg, som hev Framstig fyr Samfundet i Fylgje med seg, og riva det burt fraa dei Vegjer, som fører til Samfundets Undergang. Faakunna er det verste av alt Samfunds-Vondt. Det er dei høgre Klassar i Samfundet, som hev Daning, Kunnskap og Rikdom, som maa stella seg i Brodden fyr og taka ”Upphavstaket” til alt, som kann innplanta dei rette Tankar um Økonomi, Dygd og Moral hjaa Folket: ”Til aa vera ein god ”Konservativ” bør Ein korkje ubrigdelegt hengja seg ved den yttre Formi elder altid forsvara det, Ein ikkje kann og ikkje meir bør søkja aa halda uppe; men det er naudsynlegt aa søkja dei Brigde, som Samfundets stendige Framstig krev, og innføra deim i rette Tid. Det er den Uppgaava, som iser Statsmannen hev. Det er ikkje meir berre den gamle administrative Rutine, som no tarvst: Statsmannen maa skyna sitt Aarhundrad, kjenna og gjeta dei aandelege Rørslur hjaa Folkemassarne og triva den heppne Augneblinken til aa leida og styra deim”.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum