I Telemarki.

 
[Del 1 av 2]
 
2 Hallvard Flug
 
var ein fatik Mann. Han budde paa ein Plass, som heet Flug og laag upp-i ei heng-bratt Aabraut; Husi hans hekk fast-klengde i ei Berg-Skorte liksom Svolu-Reid paa ein Hus-Vegg. Aai nedi Djuvet var vatsrik og diger og velte seg framyvir store Steinar med svær Dur og Sus. Verst var det Haust og Vaar; daa var det mest ikkje høyrande Manna Maal innmed Flugs-Husi. Men ender og daa stod ein Ve’r-Boge yvir Djuvet og lagde eit lindare Ljos-Spil utyvir det myrke Fjell-Heng.
           
Hallvard var aalvorskleg og myrk som den Susen han budde i. Han var ein Arbeidstræl av dei fysste, og streng og hard var han i all si Ferd, -ovstreng, tottest Folk, baade mot sjave-seg og andre. Han var gudeleg og vart reknad bland dei Vakte.
           
Han hadde 8 Born; dei var friske og kvike alle saman. Men 8 Born er mange fyr slik ein arm Husmann. Og trass alt det han strævad, med Arbeid og Bøn og Bøn og Arbeid, so vart han allstødt armare. Og som han vart armare, vart han og meir og meir myrk.
           
Han hadde mest stendugt Arbeid; for han var fælande glup. Alt det han gjorde, var handfridt og kjæpelegt 1), og rask var han, so det var overlag. Han smidde, helst Egg-Jønn, gjorde Tre-Sko, Mjølke-Trog, Kubbestolar, Sleiver og slikt. Hende det, at der inkje fanst Arbeid heime, strauk han av Garde. Det var ikkje vandt aa faa Arbeid fyr den Karen.
           
Men det, han helst hadde Hug til, det var Utskjering. Han var reint ein Kunstnar i dette. Han sleit seg laus fraa Grov-Arbeidet, naar han kunde, og skar. Men – det gav fyr snaud Inntekt. Han maatte altid inn under Matstrævet att. Det var som ei Stuld av eigen Matkopp, denne Skjeringi. Etterpaa arbeidde han so Sveiten silad – gjorde Bot!
           
Det var løglegt aa sjaa paa ‘n Hallvard, naar han sat og vilde til aa skjera. Han høyrde inkje, saag inkje, plirde med Augo, teiknad fram i lause Lufti med Peikefingen, og tok so paa og skar flugandes fort – ”hellest gløymer eg det eg saag!” sagde han. Men naar Grunn-Dragi var feste, arbeidde han vidare rolegt og tryggt.
           
Det var klaart, reint og enkelt, det han skar. Der var Meining elder ”Stil” i ”Rosunne” hans. Kvar Grein var som voksi fram, so vællagad og kjæpeleg var ho. Og alt hadde Samanheng; det eine høvde so væl ihop med det andre. Der var Tankegang elder Logik i det. Ein ørliten Tanke spann seg ut til eit fagert, fullt Bilæte. Der var Aand i det Skorne; Hallvard bles Liv i Trebiten. Hallvard var Diktar.
           
Men daa Armodi vaks og Hugen tyngdest, vart han meir myrk og kald. Det var nokot som kjøvde og kvævde ned hans Tankar og Syner, nokot som tærde og aat ikring seg paa hans sjuke Hug. Han kjende seg meir og meir innestengd, meir og meir bunnen. Og reiv han seg laus ein Gong og skar, so kvakk han upp -: det var visst Synd! Det var Freistaren i Kjøtet honoms! – Denne Tanken fekk meir og meir Magt med den arme Mannen.
           
Han slog i denne Tid fast Lag med Haugianarflokken. Reiste det ein Lægprest gjenom Bygdi, fylgde Hallvard gjerne med. Der dei heldt til eit Bil med Samlingar um Kvello, der tok han Arbeid rundt i Gardarne. Han arbeidde onnugt heile Dagen, og um Kvelden var han med i Samlingi og heldt lange Bøner. Med Skjeringi vart det reint slutt.
           
Hallvard fostrad Borni sine, som Ein kann vita, i strengt Aalvor. Dei skulde agast inn paa rett Veg. Trass og Udygder skulde dengjast ut. Ein maatte inkje ”spara Riset” sitt. Han gløymde reint det andre Bibel-Ordet, at Foreldri maa ikkje arga upp Borni sine; han berre heldt seg til det um ”Riset”. Og so gjekk det som det gjekk. Hardlynnet og Vrangviljen voks hjaa Borni. Og di meir han dengde, di verre vart det. Dei Smaae lærde aa hata Faer sin. Men Hallvard forstod ikkje dette. ”Det er Djevelen, som er i dei, og han maa ut!” tenkte Hallvard.
           
Gunnar, eldste Sonen hans, var gruveleg strid og trassig mot Faer sin. Kjærleiken og Godlynnet var dengt ut; Barnehugen var drepen. Daa han var framsloppen, svor han fyr seg sjølv paa, at han ikkje vilde fara med nokot av det, som Faer hans foor med. Han vilde aldri lesa meir, og daa minst gudelege Bøker, aldri kaasa 2), aldri hengja paa Hovudet, aldri beda, elder ganga i Kyrkja, elder i Samlingar, - ingenting av det Faer hans gjorde. Gresjeleg stygt svor han paa dette.
           
Eit Par Aar seinare var det ei Gjenta, som fekk eit Barn. Gunnar sagdest vera Faer aat Barnet. Dette kom ein Dag fyr Hallvards Øyro. Neste Morgonen reis han graa-tidleg upp og gjekk i Skogen. Tok so Toppen av ei Ungbjørk og vreid til ho var retteleg seig og mjuk; og daa han so kom heim att, drog han Guten or varme Sengi, og slog, slog – hudstrauk Armingen. Tilslut maatte han leggja ”Syndaren” burtpaa Sengi att. ”Dette skal du faa dyrt bitala, du Hallvard Flug!” stunde Guten, og bannad. Han vart lengje liggjande, seinst meir av Trass enn av Sjukdom.
           
Daa han reis upp att og kom laus fraa Faeren, svor han dyrt paa, at han var saklaus i det, han var skuldad fyre. Han var fri som Barnet i Vogga. ”Det skal du vita, du Hallvard!” sagde han, og bannad so det lynte um honom.
           
Aa! som Gamlen auad og vreid seg. Hoss skulde han fara aat? Prøva med Bøner? - Hjelpte inkje. – Meir Tukt? – Ja, Hallvard fann ikkje onnor Raad. Meir Tukt! Det var det einaste han visste; det laut vera Guds Vilje. Fangad so Guten paa nytt, og sleit mest Paaken sin ut.
           
Gunnar vart hardt sjuk. Dokteren fekk høyra gjete dette, gjekk innum ein Gong han foor den Vegen, og fann Guten fælt medfaren. Hallvard fekk høyra, at han hadde faret vitlaust fram, at Guten kunde verta helselaus, ja døy . . . .
           
Gunnar laag og ørskad, og Hallvard fekk høyra mykje stygt og vondt. Han fekk fæl Hugverk. Ein kunde høyra han vreid seg og stunde som ein sjuk Mann, naar han var aaleine.
           
Daa Gunnar seint um sigje reis upp att, var han langt ifraa frisk. Han var tung paa det eine Øyra og kjende vondt i vingstre Sida. Men no vilde han slaa seg reint til Uvyrda, - ikkje av Lyst, nei; men fyr aa erta, eitra, tver-trassa Faer sin. Han var væl værd det, den Utangen! - Med kvart Andedrag kjende han det vonde i Sida; kvart Andedraget totte han manad til Hemn yvir Faeren.
 
1)nett [smakfullt] og form-fagert.
2)sukka
 
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum