Høgsfjord i Ryfylke (Brev).

 
Her i Bygderne hev det paa fleire Gardar voret Utskiftning. Det viser seg no, at detta hev voret til Gagn. Folk tek til aa setja Jordi si i betre Stand, grava Beitur og meir slikt. Husdyrstellet er i Framgang. Kui fær meir Mat og gjev dermed meir i Bytta. Dessverre held nok Sume enno paa med det gamle: mange Kyr og litet Mat. Det er dei gode Fjellbeiti, som narrar dei til det. Men dei reknar nok galet lika væl.
           
Vaar største Sak her i Prestegjeldet er no um Dagen den aa faa Veg upp den leide og faarlege ”Skre-Liaa”. Fekk me den, so var visst mykje vunnet. Daa kunde det t. D. henda, at gode Menn fann Vegen upp til oss med, so me kunde faa læra einkvart. Me kunde hava Hug paa det.
           
Politikk snakkar stort Ingen um, men alle jamrar fyr Pengar. I denne tronge Tidi hev det voret til stor Hjelp fyr Arbeidsfolket inn i Altesvik og derikring, at Hr. John. Jebsen hev sett upp eit stort gilt Hus derinne, som nok fyr det fyrste skal brukast til Mylna, og sidan fær Ein sjaa. Det stend ned med Sjøen og tek seg heilt drustelegt ut med sine kvite Steinmurar.
           
Veeret er og hev voret ovleg godt, Detta er godt fyr alle, og mest fyr Fjellmannen, som ifjor sleit so mykje vondt.                               
 
- M. -
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum