Frosta 3die Novbr. (Brev).

 
Fredagen 1ste Novbr. Kl. 3-4 Ettermiddag vart Folkehøgskulen paa Frostad opnad med eit litet Venemøte. Mange Bygdefolk, Menn og Kvinnur, møtte fram. Kuløy talad um Fyremaalet fyr Skulen. Han tok Døme fraa Olav Haraldsson, som alt fraa sin fyrste Ungdom vaks upp med Tanken paa store Verk; Fosterfaer hans, Rane Vidførle, og serleg Moer hans, ho Aasta, gav jamt denne Tanken Næring, so han fekk veksa seg stor og tilslut slog ut i Livet; soleids var det no Voni, at Folkehøgskulen maatte læra vaare unge Gutar aa veksa upp med Tanken paa godt og stort Verk, so dei etter magt og Megn kunde fylka seg inn millom den sanne Framgangs Hermenn. Matias Skard las upp eit Stykkje or Apostelsoga. Fleire Menn or Bygdi var og uppe og talad; dei ynskte, at Gutarne gjenom Skulen her maatte vinna fram til nokot godt. – Skulen hev no fyre Jol tri faste Lærarar, Bentsen, Kuløy og Skard, og dertil ein Timelærar, Dyrlækjar Skar. Bentsen var ikkje komen endaa, daa Skulen vart opnad.            
 
O. A.
 

 

Frå Fedraheimen 16.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum