Utlandet.

 
Lord Beaconsfield hev fyr ei Tid sidan sagt, at han trudde, han skulde have gode Tidender aa bera fram paa Gjestebodet aat Lordmayoren (Borgmeistaren i London). Det vart haldet sidst Laurdag, og Telegrafen hev alt skaffat oss eit Utdrag av Talen aat Fyrsteministeren. Eit Infall i India fraa Norvestsida, sagde han, var fysisk umoglegt. Men fyr aa kunna møta alle Vandemaal, laut ein likvel taka sine Fyregjerder. Naar Fyrebuningarne var fullførde, vilde Grensa ikkje lenger gjeva Orsak til Hugsott, og ein torde daa hava Von um god Grannefred. Um det austerlendske Spursmaalet sagde han, at alle vigtuge Kongressavtal var paa god Veg til aa verta gjenom- førde. Han negtad, at nokor Magt tenkte paa aa draga seg undan fraa sine Skyldor. Englands Regjering heldt fast paa den bokstavelege Uppfylling af Semja og vilde, um det vart Naud paa, skjota til det britiske Folk til Forsvar fyr ei kraftig Hevding av Semja med Nytting av alle Hjelperaader. No fyr Tidi var Stellingi aalvorsleg, men ikkje faarefull. – Han læt altso ikkje saa heiltupp fredlegt endaa. – Den indiske Regjeringi skal ha gjort galet med di, at ho ikkje tok paa Emiren strakst. Han hev no fengjet Tak til aa hersetja Kyberskardet, so det skal vera lettare aa ganga ikring enn aa taka det.
 
Dei austriksk-ungarske Delegationar (Utvalsthing til Dryfting av sams Fyremaal) kom saman i Pest sin Torsdag og byrjad sine Raadleggjingar um Laurdagen. I Andrekammeret i dei austrikske Riksthing hev Andrassy leget under i Adressedebatten. Berlinsemja var framlagd til Umtal; ho vart godkjend, men det vart uttalat Misnøgje med, at Austrike hadde gjenget inn paa ’a. I det ungarske Folkething derimot sigrad Tisza med stort Yvertal. Forslaget aat Vinstre um aa setja Ministeriet under Riksrett vart forkastat med 170 R. mot 95, og daa det skulde veljast til Delegationarne, gjekk Emni aat Ministeriet igjenom. Andrassy hev soleids Fleirtal fyr seg i Delegationarne. Her skal daa Berlinsemja og Kongressprotokollen fram att.
 
Det franske Folkething forkastad sin Fredag Valet paa den bonapartistiske Slaastkjempa Paul de Cassagnac. Han ventad seg den Utgangen, som vart, og nyttad Tilfellet til aa bruka seg baade paa Høgre og Vinstre, paa Regjeringi og paa Riksformannen so fælt, at Thingformannen maate tala ’n til Rettes Gong paa Gong.
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum