Notisar

 
Daane. Kaupmann Finne i Throndheim, 76 Aar, Chef fyr eit av dei rikaste Handelshus i Throndheim. – Kaptein J. M. Buch, fyrr Yverinspektør ved Throndheims Tugthus. – Den franske Politikar Garnier-Pagès, Medlem av dei provisoriske Regjeringar i 1848 og 1870, Forfattar av det aagjæte Verk: Histoire de la revolution de 1848, 10 Band (Paris 1861-72), Stykbro’r aat E. J. L. Garnier-Pagès, som var med i Julirevolutionen 1830 og do 1841.
 
Lotteri-Setlar. Lotteri-Kollektør Jon Unmann fraa Kaupenhamn vart i Oktbr. lagd i ei Bot av 150 Kronur fyr Sal af Lutsetlar til det danske Lotteri. Han hev greidt Boti. Salet var gjort gjenom fullt betalde Brev, ikkje Krossband.
 
Elektrisk Ljos. Engelskmannen Werdermann fyreviste nyst i British Telegraph Manufacturing Co.s Hus eit Apparat til aa utbyta det elektriske Ljos. Times rosar Apparatet. Ogso den engelske Regjeringi gjerer Freistnadar med detta Ljoset. I ein Timberverkstad i Woolwich er upphengd ein Lampe, som lyser 50 Fot til alle Kantar. Ljoset er saa sterkt som av 40-50 Gasbluss og kostar 8 d (60 Øyrur) Timen. Professor Morton i Stevens Institut, London, hev haldet eit Fyredrag yver det elektriske Ljos; han endade med aa spaa detta Ljoset ei stor Framtid, men meinte likvel, at det enno maatte mykje vitenskapelegt Arbeid til, fyrr detta Ljoset kunde nyttast i Hus.
 
Vesuv er paa Høgdepunkten av Utbrot. Lava flyt i same Riva som i 1872. Ogso paa Kamtshatka hev det voret vulkanske Utbrot.
 
5 norske Seglskip gjekk under i September, 34 engelske, 13 amerikanske, 12 franske, 7 tydske og 14 andre, ialt 85.
 
Fyrst Bismarcks Dotter, Maria, hev gift seg med Greiv Rantzau, som hev ei Aarsinnkoma paa 12000 Riksmark. Bismarck hev aukat detta med 9000 Mark, so Egtefolki fær 21000 Rmk. (18366 Kr. elder nær 5600 Spd.) um Aaret aa liva av. Bismarck sagde ved Brudlaupet, at Sambandet millom Husi Bismarck og Rantzau, liksom Schleswig-Holstein, var ”up ewig tosammen ungedeelt”.
 
Utolsemd. I Spania er protestantiske Prestar i stort Tal sette i Fengsl, og Borgarar, som er elder hev vortet misstenkte fyr aa vera Protestantar, misshandlade. Halvkulturen er seg sjølv lik yveralt.
 
”Østlandske Tidende” kjem i Staden fyr ”Frederiksstads Tidende”, ikkje ”Frederiksstads Tilskuer”, som me sagde etter eit annat Blad i fyrre Numer.
 
Kona Gunhild Kristina Jakobsdotter Banevegen ved Farsund er no i sitt 101ste Aar og hev fengjet att baade Syn og Høyrsla etter fyrr aa ha voret baade blidn og dauv. I Staden fyr graatt Haar, som ho i lang Tid hev havt, tek det no til aa veksa fram fagert svart Haar. Um hundrad Aar er all Ting gløymt.
 
Preussen tek i desse Dagar upp eit Rikslaan paa 60 Mill. Riksmark. 4 fyr Hundrad. Emissionskurs 94. 4 fyr Hundrad.
 
Den alkjende Schliemann driv trottugt paa med Gravingsarbeid. Han er no i Ferd med aa grava ved Hissarlik, det gamle Troja, med 125 til 150 Mann. Mange forvitnelege Ting er alt funne.
 
Fund. Ved Falkøping i Sverik hev dei den 5te Novbr. funnet 3 Gullringar, Myntstenger dei kallar, under ein Stein, kvar Ring paa eit Skaalpund.
 
Pehr Thomasson, kjend som Forfattar av ei Mengd Smaaskrifter til Morskapslesnad, er hardt sjuk; dei tvilar um, at han stend det yver.
 
Wergelands-Monumentet. I eit Møte sin Fredag vart det avgjort, at Bilæthoggar Brynjulv Bergslien skal hogge Statuen i Samkvæmd med det av honom gjorde Utkast men likvel med nokre mindre Brigde, som den æsthetiske Nemnd hev fyreslegjet. Etter Kontrakten skal Kunstnaren vera ferdug med Arbeidet ved Midsumarbil, so Minnesmerkjet kann verta støypt i Ettersumaren og reist til Hausten næste Aar. Skal tru, det ikkje skulde vera det rettaste aa venta med Avsløringi til 17de Mai 1880?
 
Nordljos. Reallærar Sofus Tromholt bed i ”Bergensposten” Folk fraa so mange Stadar som moglegt senda honom Upplysningar um Tidi fyr og Utsjaaandet av Nordljos, som dei maatte verta vare; det er enno stor Uvissa um, kvat Nordljos er fyr nokot.
 
Nytt Verk. Anders Fryxell, ein av dei Attan i det svenske Akademi, arbeidar paa eit Verk um Bellmann.
 
Sibiriaferd. Til London kom nyleg fraa Obi ein Skoner, ”Sibir”, som er bygd ved Tura, Side-elv til Irtish-Elvi. Ferdi gjenom det kariske Havet og Igorsundet hev soleids vist seg aa vera mogleg endaa i Oktbr.
 
Dr. Farr i Cheltenham hev nyleg eit Fyredrag vist, at di tettare Folk bur, di stuttare liver dei og. I Liverpool Distrikt, der Folk bur tettare enn andre Stadar i England, døyr 39 av 100 um Aaret, i Liverpool By varar Livet i Millomtal berre 26 Aar, i Manchester 29, i 53 Distrikt i England 51 Aar, i 345 Distrikt 35 Aar, i 137 Distr. 40 Aar, i 47 Distr. 35 Aar og i 9 Distr. 32 Aar. I Byarne hev det likvel vortet betre i dei siste 7 Aar, fyrdi det er gjort meir til aa halda Lufti rein.
 
Vatsferdfraa Danzig til Odessa. Eit Samlag i Wien hev vendt seg til den russiske Regjering med Forslag um aa kanalisera Weiksel- Wieprz-, Pripet- og Dnjepr-Elverna. Denne Vatsveg vert 290 geogr. Miler. Spursmaalet hev voret uppe fyrr, fyr 20 Aar sidan, men det vart den Gongen berre med Tanken.
 
Sannsegn. ”Velværet aat alle Folk er Bate aat kvart einskilt Folk”, sagde Adam Smith fyre meir enn hundrad Aar sidan.
 
Egteskap i Europa. Paa 10000 Innbuar kjem gifte i Ungarn 6475, Frankrik 5566, England 5398, Austrik 5271, Italia 5270, Danmark 5191, Tydskland 5107, Noreg 5065, Sverik 4952, Holland 4948, Skottland 4678, Belgia 4634, Schweitz, 4582, Irland 4313.
 
Fornæm Umskrivar. Emiren av Afghanistanhev umskrivet Daniel Defoes aagjæte Verk ”Rabinson Crusoe” paa Persisk.
 
Inden Sir Moses Montefiore, som no er 94 Aar gl., bur seg til ei Ferd til Judeland; han vil sjølv vissa seg um, korleids det gjeng med dei Verk, han hev sett i Gang til Bate fyr sine Frendar og Truarfelagar i deira eiget Land.
 
Dei siste, som gjekk upp med Ballon captif i Paris var Gambetta og Spuller. Dei gjekk ogso saman i Ballon den 7 Oktbr. 1870, daa det galdt um aa koma burt fraa Paris til aa setja Skikk paa Forsvaret mot Tydskararne.
 
32 Mord. Bill Longby, 26 Aar gl., er nyst hengd i New-York som skyldug i 32 Mord.
 
Ogso eit Bankobrev. Ein Borgar i Posen fekk med Posten sendt ein stor Fisk. Daa han ikkje tottest hava Bruk fyr Fisken sjølv, selde han ’n til ein Restauratør. Eit Par Dagar sidan fekk Borgaren Spursmaal fraa Syster si, um han hadde teket imot dei 4000 Rigsmark, ho skylde honom; ho hadde lagt inn i Fisken eit Pantebrev paa 3000 Rigsmark og ein Veksel paa 1000 Rigsmark. Borgaren til Restauratøren, men Fisken var uppteken og Inkje var funnet i ’n, vart det sagt.
 
Ein Stad i Loire-Distriktet i Frankrik vart nyleg fengslad eit Egtepar som hadde drepet 12 av sine 16 Born.
 
Den gule Feber er no upphøyrd i Nordamerikas Sudrike. Ialt er uppgjevet 18648 Tilfelle, derav daane 7778, mest i Byarne New Orleans og Memphis.
 
Times Redaktion. Professor Shenery hev voret Hovudstyrar av Times, men heretter skal Bladet styrast av Eigaren Walter, segjer eit Blad.
 
Bjørnerud-Mordet. Frederiksson skal no sendast til Sverik. Justits-Dept. hev paalagt Politifullmegtug Garden aa vera tilstads ved alle Forhøyr yver Frederikson heretter, baade i Sverik og her heime.
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum