Kristiania, den 12te November 1878.

 
”Morgenbladet” hev nyst gjort Landet ei stor Tenesta ved aa prenta av heile det Votum, som tvo av dei norske Rigsraadar, me enno hev, var med aa skriva under i 1869, og som i klaare Ord sagde, at det ikkje var naudsynt aa stydja Nationalkjensla i Noreg. Detta Votum er reint forvitnelegt paa ei Vis, men ogso syrjelegt aa lesa; det er ikkje berre dei Ordi, som ofta hev voret haldne fram: ”Kjærligheden til, Troen paa og Interessen for det Nationale tiltrænger ingen ny Støtte”, men heile Votumet, kvar einaste Setning og kvart einaste Ord vitnar um det unationale Standpunkt, dei tvo Riksraadar stend paa, og som den eine av deim, kann me leggja til, stendigt hev stadet paa, alt sidan han i Wergelands Dagar var med som ein av dei hævaste i Dæmringsflokken. Rett skal vera Rett: han hev ikkje skift Standpunkt i denne Saki, - det er elles Tilfellet i ymse andre Saker -, og kor gamal han vert, er det liti Von um, at han kjem til anten aa læra elder aa gløyma nokot,naar det gjeld det Nationale, elder det, som Nationen, Folket, tarv og krev. Men til Heppa fyr Landet er han, um han enn hev helder stor Magt, berre ei Menneskja, og som det gjekk i den Saki, Votumet galdt (um Gamal-Norsk som Fag i dei høgre Skular), soleids vil det ogso ganga i dei andre Saker, so sannt me er ein Nation, eit Folk, med vaart eiget Lynne og vaare eigne Ættarmerkje. Det tarvst berre Tolmod, og Tolmod er nettupp eit norskt Ættarmerkje. Drottseten (Friederich Stang) kann i den Stelling, han stend, hemja Framstiget litetvetta, men aldri stogga det; og naar Ein jamt gjeng tvo Stig fram, gjerer det ikkje so rett mykje, um Ein ender og daa tek eit Stig attende.
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum