Den gamle Øksi.

 
Sumar og Sundag var det;
gauken han gol,
og alt stod og blømde
i blenkjande sol;
vinden i topparne
gustad so linn,
og fagre fuglar sumde
frå nut og til tind.
 
Og då det leid på dagen,
av gjente og av gut
ein såg so mange reika
på bygdavegen ut;
og snøgt dei tok te’ flokka seg
innunder busk og tre,
då kunde ein langvegs høyra
deim skratta og læ.
 
Men som det jamt seg lagar
når munnen kjem på gong,
at minne um gamle dagar
vil vakna i segn eg song, -
so tok me te’ fortelja
um mangt eit gamalt hend’;
då hadde kvar si regla,
som litet var kjend.
 
So tok dei te’ fortelja
um haugafolk og troll,
um koss han Pål på bakken
slog huldri ikoll,
um han Ola herframme,
som i fjellet ei nott
høyrde dei ”hulde” spela
so fager ein slått.
 
No mente vel sume,
han berre hadde drøymt,
at inkje slike vette
i fjellet var gjøymt;
men andre tottest vita
fyr visst, at til dei var;
dei hadde so ofta høyrt det
både av mor og far.
 
”Å jau vist maa dei finnast”,
tok gamle Gunleik i,
han farbror såg dei ofta
i fjell og i li;
og inkje må det undra oss,
um soleids det er,
so mange rare krafter
do jordi i seg ber.
 
Eg hugsar i mi heimbygd,
der eg levde som gut,
han farbror hadde gravet
ei øks or jordi ut;
og vel var ho gomol,
men for verk elder sott
ho var for alle livande
til største helsebot.
 
- For lengje lengje sidan,
då åtte gamle Sjur
den heile Bakke-grendi,
der nie mann no bur;
han budde i granskap
med han Torkjel på Mo,
som åtte store vidder
frå berg og til sjo.
 
Og elvi, som for dansande
alt frå den innste gil,
var millom desse gardarne
det gamle grenseskil;
men midt i elvi låg der
ei øy, stor som ein gard;
dit ingen torde våga seg,
då haugafolk der var.
 
Men Sjur, som vilde syna,
at han var inkje rædd,
han tok te’ rydja øyi,
som tett med skog var klædd;
han grov og han sådde,
og det trivdest so vel; -
han haugafolk ei ansad,
han var no lika sæl.
 
Då Torkjel tok te’ skyna,
at dette gjekk vel,
han kravde halve øyi
alt etter ret og skjel;
og Sjur gav svar tilbaka,
dei fekk talast ved i ro,
so skuld dei vist bli vener
og samde dei tvo.
 
So drog dei tilmøtes
som den tid skikk det var,
og både var dei væpnad,
si øks på herdom bar;
so drog dei tilmøtes
på den umstridde øy,
då tenkte vist ingen,
at han her skulde døy.
 
Men då dei kom til samråds,
det inkje gjekk so brådt,
 
dei rødde og dei tvistad,
til det vart langt på nott;
den eine vilde hava
alt det, han hadde rudt,
då tykte vel den andre,
hans stykkje vart for stutt.
 
So vart dei heilt upp usams,
og der fall kvasse ord;
då vilde ingen gjeva
ei handsbreidd med jord,
og fyrr dei sjølv det visste,
flaug øksi deim i hand; -
då kunde ingen tamt deim
korkje med bast hell band.
 
Han Torkjel flaug i sinne
med mange djerve hogg;
han Sjur tok meire unda,
do var den gamle snøgg;
men sidstpå vart han ogso
alt meir og meire ill,
og striden vaks og vart tilslut
skymeleg hard og vill.
 
Då sette Sjur i oksli
hans Torkjel øksi fast,
men same stundi råmadst han,
so skallen hans brast;
so sturtad dei både,
so laut dei både døy,
avdi dei vilde rana seg
haugafolkets øy. –
 
Men sidan var der ingen,
som braut deira fred;
han farbror var den fyrste,
som vågad seg derned.
Ei øks han grov or jordi,
han var ’kje rædd det slag; -
men aldri meire fekk han
ein lukkeleg dag.
 
Men øksi fekk han med seg,
det var ei gåva god,
avdi at ho var tvegi
eingong i mannablod;
for vel var ho gomol,
men for verk elder sott
ho var for alle livande
til største helsebot.
 
Ein stryk henne rangsøls
med kast og med sving
rundtum den sjuke flekken
tri gonger i ring,
og so ein støyter henne
mot golvet rett kvasst,
då kann visst ingen sjukdom
i kroppen sitja fast. –
 
Det var vel lengje sidan
han heimantil var reist;
som gut han såg det ofta
på folk og på beist;
når inkje det var dauden,
som var med deim i kast, -
so snøgt dei bragte øksi,
so vart dei friske trast.”
 
H – b.
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum