Brevsending.

 
Selljord, 9de November 1878.
 
Kjære ”Fedraheim”!
           
Du hev nok haurt, at det skulde freistast med ein Folkehøgskule her i Selljord i Vinter. Det er ei gamal Soga, at der skal spaaast illt, naar nokotnytt vil fram. Soleides her og. Men Folkehøgskulen kunde ikkje høyra paa slikt; Uppgaava var for stor og aalvorsam til det.
           
Fredag den 1ste November Kl. 4 um Ettermiddagen byrjade Skulen med eit Folkemøte i Skulestova paa Bjørge. Folk var komne vida fraa; visst mange Hundrad var paa Staden. Etter Folkehøgskulesongen: ”Hvad Solskin er for den sorte Muld er sand Oplysning for Muldets Frænde”, heldt O. Arvesen eit Foredrag um den sanne Upplysning. Den maatte vera det same fyr Mannsbarnet som Soli fyr Jordi. Liksom den aatte og gav baade Ljos og Varme, soleides maatte det og vera med Upplysningi. Det finnst mange, som nog hadde Ljos, men ikkje Varme. Det var daa dei, som kunde hava store Kunnskapar, men ikkje hadde latet desse gjort Hjartat større, Hugen varmare og Livet fagrare. Det var med desse som med Maanen. Andre kunde berre vera Eld og Glod; heile Hjartat stod i Loge; dei vilde famna all Verdi. Detta var gildt; men stod slike utan Ljos, d. e. Kunnskapar, so vart det til andleg Ørska. Desse vart like den svarte Omnen, som nok kunde verma, men likvel var svart. Soli talade sannast um, korleids ein Skule skulde skipast, totte han; men skulde ein slik Skule verta til, so maatte Andi fraa Gudsheimen vera i honom. Ordføraren i Selljord, Jørund Telnes, steig so fram. Han takkade fyr det, at Skulen var komen hit og var ovleg glad, trudde stødt, at Høgskulen hadde nokot stort aa gjera. Høgskule maatte Telemorki eiga, ikkje berre denne Vinter, men ogso sidan. Venar maatte slaa seg saman og kaupa ein Høgskulegard. Paa denne Maaten vilde Skulen verta fast. Men innvortes vilde og Skulen hava Gagn av det: han vilde verta meir heimsleg og folkeleg av det. Oddmund Vik talade so nokot um Ungdomshugen. Kvar Ungdom, som det var nokot tess med, hadde Draumar um nokot stort, han skulde verta. Det store kunde standa løynt og uklaart; men det var godt, at det var der fyr det. Aasmund Vinje hadde songet um ein, som gjekk fri paa Kongsbergsmarknaden. Det var mange, som kom til aa finna sitt største i slikt, etter som det saag ut til. Den eine kunde leggja seg paa Drykken, den andre kunde verta reint hard til aa lura Folk o. s. f. Kvat var Grunnen til, at det gjekk den Vegen? Ungdomshugen hadde ikkje fenget nokot større. Hadde desse Ungdomar fenget sjaa, kvat som i Sanning var stort i Livet, so hadde dei kannhenda vortet dugande Menn. Vist var det, at alle, som hadde vortet til nokot stort, hadde havt ein sterk, brennande Ungdomshug. Slike, som ikkje hadde drøymt nokot, kunde nog verta skikkelege, bra Folk; men det vart ikkje nokot Mannsliv. Høgskulen vilde bjoda Ungdomshugen nokot godt, vilde setja eit stort Maal fyr Livet.
           
So var det Slutt fyr den Kvelden.
           
Daa mange hadde bedet um det, vart og Laurdagen teken til Folkemøte. Det skulde vera Ordskifte um Maalsaki. Lærarar var tilstadar fraa ymse Kantar av Telemarki, og elles var der myket Folk paa Møtet. Det byrjade Kl. 10 og varde til Kl. 1/ 2 3. O. Arvesen synte fyrst i eit gildt Fordrag, kvat fyr ei stor Gudegaava Ordet var; det kunde vekkja Gleda og Eldhug, det kunde og vekkja Harm, ja, eit sterkt Ord kunde gjeva Dauden. Modersmaalet aatte denne sterke Magt, ikkje nokot annat. Kvart einaste Folk hadde Rett til aa bruka Modersmaalet sitt, soleides ogso med vort Folk. Sidan vart det Ordskifte; det gjekk med Liv heile Tidi. Mange talade, og alle baade Lærarar og andre, var samde um, at Noreg maatte faa att Tunga si. Maalet i Skularne maatte plent vera norsk. Det vart talat myket um aa faa Lesebøker paa Bygdemaal. Det var no dei og, som meinte, at best av alt var, at Læraren talad norsk, so var det meir det same um Bøkerne; men Lesebok og Katekisma laut dei daa hava. So vart det og talat um ein skulde bruka aa skriva det sokallade Normalmaal elder Bygdemaali. Detta totte eg var mindre merkjande.
           
Eg lyg ikkje, naar eg segjer, at Telemarkingarne er framifraa karar til aa tala fyr seg; men so tala dei Modersmaalet sit og!
           
Høgskulen byrjade Maandag. Det var daa innteknat 66 Gutar og møtte gjorde 52. Sidan er fleire komne til, so no er det inteknat 70 og møtt fram 56. Av desse hev ein elder tvo heil Friplass og 5 halv Friplass. Me ventar paa fleire Gutar med det fyrste; sume hev me høyrt skal vilja koma etter Jol. Men eg kann no ikkje kalla deim Gutar alle desse, som er komne, daa ikkje so faa er yver 30 Aar. Nokre Lærarar er ogso med. At Venerne aat Skulen er glade, fyrdi so mange flokkast til, kann du vera stød paa, Fedraheimen!
 
So hev me daa gode Voner!
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum