Brevsending fraa Danmark.

 
Odense 26de Oktober.
 
I det fyrste Brevet mitt til Fedraheimen slog eg paa, at eg etlad meg til aa føra fram Minne fraa mitt Friskuleliv her i Danmark. Hellest er Friskulesaki ikkje i seg sjølv nokot nytt, so som Folketingmand Harald Holm sagde ved Minnefesten i Dalby, og eg kann ikkje finna, at Nokon i vaare Dagar hev Æra av aa vera Skapar av Folkehøgskulen, like so litet som Ein i Grunnen kann segja, at Tvangsskulen fyrst kom upp hjaa oss med Logi av 29de Juli (St. Olavsdag) 1814 (same Aaret som Riksbandet millom Danmark og Norig brotnad elder vart avhogget), elder at det livlause og tankelause Ramsevæsen kom upp med den Læreboki som hev skjemt Biskop Balles Namn, iser ved den syrgjelege Maaten ho hev voret brukad paa. Men alt fyre 1848, daa me fekk all den borgarlege Fridomen paa Papiret, hev den vaknande Folkeaanden voret paa Ferde fyr aa sprengja Tvangsskule-Isen yver Barnelivet og Huslivet, som no fyrst og fremst maa vera fritt, dersom her skal koma Sanning og Trivd i det borgarlege Fridomslivet vaart. Men skal Huslivet verta fritt, maa Barne-Fostringi og Barne-Upplæringi au meir og meir leggjast inn i Heimen og so litet som mogleg vera ei Rikssak elder eit Fyremaal fyr Riksstellet. Og serleg maatte den kristelege Barnelærdom verta ei Sak einast fyr Heimen og Kyrkjesamlingi, like eins som i Engeland. Riksstellet maa ikkje med utidig Tvang ned-svæva og ned-kvæva den Kjensla, Foreldri hev av si Skylda til sjølve aa sjaa etter, at Borni deira fær den rette Utvikling av sine Gaavur, til Bate fyr dei sjølve og fyr heile Samfundet; - men Staten skal einast gjeva den Vernd og den Hjelp Foreldri sjølve ynskjer og treng til, og so, naar ikkje betre Vilkor bydst, hjelpa fram heimlause og foreldrelause Born, so dei og kann faa sin Rett i Upplysningsvegen; for Samfundet hev ikkje Raad til aa lata medfødde Gaavur spillast i Dagdrivarskap og Faakunna.
           
Endaa det nok stundom kann sjaa onnorleids ut fyr eit grunnsynt Auga, so er daa Sanningi den, at me enno ikkje hev naatt vidare langt i Utviklingi av den borgarlege Fridomen vaar. Me stend enno, naar alt kjem ihop, meir enn halvbundne i den blide Draumen um det faderlege Einveldet med dets Vanar, Fordomar og Tilskipingar; og er det so underlegt, naar me minnest, at det ikkje er rett mykje yver 30 Aar, sidan alt det, som til det Jamne galdt fyr skikkelegt, krudde seg ikring denne Einvalds-Soli og sleikte etter Straalerne fraa den. ”Her er tvo Ord”, skriv den glade Guten aat Bjørnson heim fraa Landbruksskulen, ”det eine heiter Theori, det andre Praksis; og det er godt aa hava dei baade tvo, og det eine er inkje nokot utan det andre, men det siste er daa det beste . . . Mange veit det og kann det ikkje; for her er mangeslag Myr.” Men i Riksstellet, liksom og i Friskulesaki, skortar det mykje meir paa ”Praksis” enn paa ”Theori”. Allvist er her mange fleire, som kann snakka um, korleids ein Friskule skal vera, enn som vil setja inn nokot aalvorlegt – eg vil ikkje tala um Livet – paa, aa faa Saki gjenomført. Eg minnest væl den Gongen fyr 25 Aar sidan, daa eg hadde fylgt det Kallet, som – i Samstev med den indre Drift i meg sjølv – kom til meg gjenom den ædle Danekvinna, Grevedotteri Emmy Frijs, um aa taka aat med aa verksetja denne Saki i Livet, og daa eg av denne Grunnen hadde gjevet fraa meg baade det vesle Embættet, eg hadde, og det større, som eg var boden, - eg minnest, korleids ein Dekn daa so livande kunde fortelja meg um den rette Maaten aa føra Saki fram paa til Fullkomenskap, - mykje betre enn eg i den unge Alderen og med mine Gaavur visste aa gjera det, so som eg der stod i Strid mot Hundradaars Vildringar og Fordomar. Men so var der og den Skilen paa oss tvo, at eg gjorde det beste eg visste og kunde, i Lit til, at Saki i Grunnen var god baade fyr Gud og Mann, men han – kunde berre snakka. Og han tagnad trast, daa eg sagde: ”Ja, det er rett, det De segjer: men tak so fat og gjer soleids!” – for daa kunde han no ikkje for den Skuld gjeva upp Deknekallet sitt og setja Tæring etter Næring i eit Arbeid, som han daa sjølv fann var meir Sanning og Gagn i, enn det han no var uppi. Eg veit ikkje eingong um han hev prøvat paa det, som so mange andre hev gjort seg Umak med: aa skapa sjølve Tvangsskulen um i Friskule, elder aa uppretta eit ”Institut” fyr Rikmannsborn, der det daa kunde faa Utsynet av Fridom, um enn ikkje stort meir helder, daa Fridomen væl ikkje med retto er til berre for dei rike, men just fyr alle, og daa fyr dei arme likso væl. Skal Borgarsamfundet trivast og hava Lukka i sitt Arbeid, so lyt nok dei rike gjeva den ringe Haandi i denne Saki og. Baade Lærararne og Velstandsmennerne maa lata seg til her, og som væl er, so gjer dei det alt no, og meir og meir vil dei gjera det, etter som dei lærer aa sjaa, kor vigtigt og naudsynlegt det er; og her gjeld ogso det Ordet, at ”det er sælare aa gjeva enn aa taka.”
           
Av dei, som eg hev havt med aa gjera i denne Sak, veit eg ingen aa nemna, som i denne Maaten hev voret meir storsynt og romhendt enn den fyrr nemnde Grevedotteri Emmy Juel-Vind-Frijs, som eg – menneskeleg talat – fyrst og fremst kann takka fyre, at eg kom aalvorlegt inn i Friskule-Arbeidet. Ho var den Gongen reint ung, og hadde Fordomarne aat heile si Ætt og heile sitt Stand imot seg; men ho heldt seg ikkje fyr god til aa gjesta dei fatike og arme, og føra dei Hjelp og Trøyst baade med Munn og Haand; og aalmenn Manns Upphjelp i Fridom og sann Upplysning var henne ei Hjartesak. Ho vart sidan gift med Landskapsmaalaren Thorvald Læssøe og døydde fyr 15 Aar sidan. Daa eg her er komen til aa draga fram Minnet um denne ædle Kvinna, skal det helder ikkje dyljast – og det segjer seg i Grunnen sjølv – at det i det heile var Danekvinna, som fyrst fekk Syn fyr Friskulens Verd, og me maa segja, at den gamle Enkjedronningi vaar, Karoline Amalie, i denne Maaten hev voret eit stort Ljos til Æra fyr Danmarks Kvinnur. Men skulde eg nemna dei alle, fraa den rikaste til den armaste, som hev havt Hjartelag fyr denne Saki, so vart Rekkja lang. – Det tor eg nok segja, at Danekvinna er med oss, og kor tidt difyr enn Vinden kann snu seg i Dagsens Liv, so tor eg nok og segja, at me hev Folke-Aanden med oss. Men Faderen aat alt Ljos hev me med oss i Ordet: ”Æra Faer din og Moer di, at det kann ganga deg væl og du maa liva lengje i Landet”.
 
M. E.
 

 

Frå Fedraheimen 13.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum