Væringar.

 
Me veit, at dei Menn fraa Norden og Russland, som tok keisarleg Krigstenesta i Miklagard i gamle Dagar, heite Væringar. Detta Namn trur dei er vortet til i Russland. Dei nordiske Menn, som fyrst flutte til Svithjod hitt mikla (Storsverik), kallade seg ”Russar”, og sine Skyldingar vestanfyr Øystresjoen kallade dei ”Varægar” ( russ. Variag’, grek. Varangos, gn. Væringr). Russar og Væringar skulde soleids standa i Samhøve til kvarandre paa Lag som ”Yankee” til Engelskmann elder Utflutt til Heimbue. Fyrr hev dei trutt, at Ordet er komet av eit gamalsvensknorsk Ord = det angelsaksiske vär, eit Forbund, elder av det gamal-norske vár, ein heilag Lovnad. Men no hev P. Thomsen (The Relations between ancient Russia and Scandinavia etc. Oxford og London 1877) funnet eit angelsaksisk Ord wärgenga, som i ei gamal Ordbok er tydt Utlending, og i dei longobardiske Logjer finnst ogso Ordet waregang i same Merkjing. Av same Rot finnst gn. væra, Ro, og væri, Livsupphelde. Thomsen meiner difyr, at Ordet Væring tyder framand. Samarne i Noreg og Russland kallar Varangerfjorden Varjagvuodn, og i Normandiet finnst ein Strandstad Varengueville sur Mer, ein Landsby Varlengueville les deux églises, og endaa ein Bekk Varenguebec, som skulde tyda Framandbyen ved Havet, Tvo-Kyrkje-Framandbyen og Framandbekken, liksom varangerfjorden tyder Framandfjorden. Erman (Reise um die Welt. Berlin 1833-41) fortel, at han i 1830 i Tobolsk, ”dei slaviske Russars Island”, høyrde danske Varar fala som varægiske Varar.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum