Utlandet.

 
Ryssland og England. Samstundes som Porten sende Lobanov sitt Klagebrev um Uppstandet i Bulgaria, sende den engelske Regjering til det ryske Styre ein Note med Klage yver, at dei ryske Tropper er vende attende imot Tschataldja. England ottar, at dette vil seinka Gjenomføringi av Berlinsemja og setja Freden i Austerlandom i Faare. Den engelske Regjeringi vonar difyr, at dei ryske Tropper ikkje vil ganga ut yver den Lina dei no hev sett – eit Tiltak som vilde tvinga England til aa tryggja seg, som det kunde – og ikkje det berre, men at den ryske Yvergeneralen snart vilde koma til ei Semjing med Porten um, kvat som bør gjerast til halda Age paa Folket, so han kann røma dei Stellingar att, som han nyst hev hersett. Etter eit Telegramm fraa London av 3dje November skal Lord Salisbury ha teket imot Svaret fraa den ryske Regjering paa denne Noten. Her er sagt, at Ryssland hev ikkje ei einaste Stund tenkt paa aa krenkja Berlinsemja, men vil draga Tropperne sine attende til den Tidi, som er sett. Det hev komet utenkte Hende imillom, som hev valdat Herslutningarne paa Balkanhalvøyi, men desse vil ikkje meinka Gjenomføringi av Vedtekterne paa Berlinsemja. Svaret, som er haldet i ein forsonleg Tone, skal ha vortet vel uppteket i London, segjer ”Neue freie Presse”; men sume andre Blad segjer det motsette. ”Neue fr. Presse” meiner, at det veit god Greida, og det, at England no viser seg so vægjet, trur Bladet kjem av di, at Landet no hev nog med aa greida den afghaniske Floken. Er det elles so, som fortalt er, at det Ultimatum, som er sendt til Emiren, krev, at det ryske Sendelag skal burt fraa Kabul, at Afghanistan skal gjeva upp alt Samlag med Ryssland og halda seg strengt nøytralt, so kunde det nog henda, at Samhøvet millom dei tvo Tevlarar i Midasia paa nytt Lag hev vesnat att. – Korleids ein no helst vil sjaa Tidi, anten ein vil taka dei myrke Syner fyr Etterfylgder av Krigen elder fyr Fyrelauparar fyr ny Ufred, so er det visst, at den Letthugen, som hev voret no eit Bil, hev gjevet Rom fyr Hugsott att. I det engelske Riksraad hallar no Hugen mest til ein fast Politikk, som ikkje gjev etter fyr Ryssland korkje i dei europæiske elder asiatiske Spursmaal. – Det ryske Bladet Golos, som gjeng fyr aa vera eit med dei spakaste, uttalar seg fyr ein open Krig likeso evlaust som Storhopen av dei ryske Blad gjer no fyr Tidi. Austrike og England, segjer det, er Rysslands visse Uvener, og dei maa ikkje faa Lov til aa halda eit Tilstand uppe, som vil avmegta Ryssland til Slut. Det austerlendske Spursmaal læt seg ikkje fullt ut løysa annat enn ved Krig. – Fraa Berlin er mellt Morning Post, at Ryssland er tenkt paa aa faa heren i Bulgaria og Rumelia upp til 200,000 Mann. Fraa Odessa (og andre Hamner ved Svarthavet) gjeng store Troppesendingar til Turkiet. Porten rustar seg og so godt han kann.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum