Smaafugleferd.

 
Adolf Ebelin, Medarbeidar i det tydske Blad ”Gartenlaube”, fortel, at han ved eit Hotel i Kairo (Egypten) saag nokre europeiske Smaafuglar som Sporvar, og Erlur. Daa Erla (Linerla, Ringerla) flyg i Ring, snart vert trøytt og ofta maa segja seg og ”vippa” med Styrden – difyr heiter ho ogso Vippestyrd -, undrade Ebelin seg yver, korleids Fuglen var komen dit. Nokre Dagar sidan sat han og drakk Kaffi ved Cheopspyramiden; daa flaut ei heil Skreid med Erlur framum, og han spurde Beduinarne, korleids Fuglarne hadde komet yver Midlandshavet. ”Veit du ikkje, hadnetak” (høge Herre), svarade ein av deim, ”at Smaafuglen læt seg bera yver Havet av Storfuglen?” Ebelin lo, men Beduinen lagde til: ”Det er nokot, som kvart Barn hjaa oss veit. Assafir (Smaafuglen) er for veik til aa gjera den lange Sjoferdi; han ventar difyr paa Storkar, Tranur og andre Storfuglar, set seg paa Ryggen deira og læt seg bera fram. Tijur (Storfuglen) gjerer det gjerna, daa han tykkjer gildt i Smaafuglen og Songen hans”. Ebelin vinkade aat nokre Beduinborn, peikade paa Erlurna og spurde: ”Veit de, korleids desse Fuglar er komne hit?” ”Ja, svarade dei, ”Abu Saad (Storken) hev boret deim yver Havet”. Daa Ebeling fortalde detta i Hotel du Nil lo dei honom lukt upp i Synet alle, so nær som den aagjæte Afrikafararen Heuglin og Fuglekjennaren Brehm. Heuglin sagde: ”Eg hev visst detta lengje, men hev ikkje skrivet um det, fyrdi eg ikkje hev kunnat sannprova det paa vitenskapleg Maate. No stend det aa lesa i Petermanns ”Reisen im Orient” (2dre Utgaava), at Svensken Hedenborg ved Midlandshavet ofta hadde høyrt Song av Smaafuglar, som han ikkje kunde faa Timd av. Daa han ein Gong paa Rhodos-Øyi gjekk etter Ljoden av slik Song, og ei Storkeskreid sette seg ned til aa kvila, saag han, at det flaug ei Mengd Smaafuglar upp fraa Ryggarne deira. Um det var Erlur elder andre Fuglar kunde han likvel ikkje sjaa, daa dei var for langt burte.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum