Skattespursmaalet Handel med sterke Drykkjer og Tobak som Statsmonopol.

 
Den Maaten, som siste Thinget hektad ihop Riksbudgettet paa, syntest meg i ymse Maatar aa vera helder stakkarsleg; - men daa same Thinget hev æra av desse trauste Forhandlingarne um Folkemaalet i Folkeskulen, so lyt eg vera godlyndt lell og ikkje segja nokot leidt um det. –
           
Rikskassa treng større Innkomur; dei umveges Skattarne kann ikkje lenger strekkjast so dei rekk til; so langt synest Alle aa vera samde. Det tor og henda, at største Mengdi hev som ei Kjenning av, at siste Things Toll-Auking paa Kaffi, Sukker og Ljos-Olja maa minkast av att. Endaa meir enn desse Toll-Aukingar vil Stempelskatt paa Skuldbrev vera ein Uting; men Stempelskatt av Heimilds- (”Hjemmels”-)Brev paa faste Eigedomar kunde og burde aukast nokot gjenom eit Minimumsfastset i Samhøve med Eigedomens Verd. Saknaden av eit slikt Fastset gjer, at naar slike Eigendomar skifter Eigar innan Ætti, so vert Skatten mindre, naar Ætti er i Velstand enn naar ho er i større Skuld. Falsk Uppgaava av Kjøpesum læt seg og betre dylja, naar Eigedomen er heftefri.
 
Arve-Avgifti tor og kannhenda med nokon Rett setjast upp, helst fyr Arvtakarar langt uti Ætti.
           
Men detta er alt Hjelp som litet munar; det skal meir, mykje meir, til. Innkomeskatt hev vortet framsett som det, Ein no hev aa taka til. Og alt um denne Skatten fyr min Part vilde tyngja meir enn all annan Skatt, so er det so langt ifraa, at eg hev nokot imot Innkomeskatten – i seg sjølv daa -, at eg tvert imot skulde ha ynskt, at han var komen fyr fleire Aar sidan, serleg paa det Prinsip, som Fridomsflokken i Thinget hadde framme. Men so er det Maaten aa faa Tingen gjenomførd paa, desse Likningskommissionar og alt det, huttemegtu! fyr Styr og Stell! – Denne Vidd og Breidd i alle Formting er oss ei sann Landeplaga.
           
Men naar eg her vil freista aa draga Folks Aathug burtpaa Sterkdrykk-Handelen som eit slikt Skattegrunnlag, at det maa kunna tøygjast ut til aa dekkja Kravet og soleids gjera Innkomeskatten utrengd, daa visst fyr den fyrste Tid, - so er det ei endaa verre Landeplaga, som stend meg fyr Augo, og det er Misbruket av dei sterke Drykkjer, eit Misbruk, som eg trur kunde stoggast paa nokot, naar Handelen med slike Varar vart ein Riks-Serrett elder Statsmonopol. Denne Tanken er ikkje eit Innfall fraa idag; eg heldt honom fram alt fyr nokre Aar sidan i eit Utkast til eit Framset fyr Storthinget, som eg etter Uppmaning skreiv; eg veit do ikkje, um han kom med i det endeleg inngjevne Framlaget.
           
Det hev voret framført, at det her i Landet aarleg vert uppdrukket fyr 24 Mill. Kr. i sterke Drykkjer. Ein Storpart av denne Summen, kanskje uppimot Helvti, er Vinst fyr Seljararne, ireknat Skattar og Avgifter. Dersom no Innkjøps- elder Fabrikprisen var 14 Mill. Kr., og Utsalsprisen heilt igjenom (fyr alle Slag og alle Mengder) vart sett til det Dubble av Innkjøpsprisen, so vilde Vinsten, i Lag med dei indirekte Skattarne, som er tilvande og som Ingen klagar fyre, rundeleg fylla ut Riksens Rekneskap, endaa um Ein laut draga ifraa ein 2-3 Mill. Krunur fyr den Brennevins-og Maltskatt, som Staten no tek inn. Der vart likevæl att ein so stor Sum, at der var nokot aa laupa paa, um Bruket av Sterkt til Bate fyr Land og Folk skulde minka.
           
Den Avgift av Brennevinshandel i Smaatt og av Øl- og Vinhandel, som no kjem dei einskilde Herad tilgodes, bør helst avskaffast; ho hev i lange Tider voret til Forargelse fyr Landsbygderne, av di det mest berre er Byarne, som dreg Vinsten, medan Bygderne hev sin fulle Part av den Skaden, som Drikka dreg med seg. So vidt eg minnest, vart det fyr nokre Aar sidan framhaldet av ein kgl. Kommission, allvisst av sume Medlemer av ’n, at Avgifti burde skipast so, at ho og kunde koma Bygderne tilgodes.
           
Naar Staten tok Retten til denne Handelen med sterke Drykkjer, vilde detta fyr Innførarar og Fabrikantar draga med seg den Forandring, at det her i Landet berre vart ein Kjøpar aa handla med; men at Staten som Kjøpar skulde nytta sin Einerett onnorleides enn rimelegt kunde vera fyr baade Partar, synest her ikkje vera nokon Grunn til aa ræddast fyre.
           
Med Avsyn paa Stellet og Utsalet av Varen hev eg tenkt meg, at Ein kunde fara fram paa Lag so: dei ymse Drykkjevarar fylltest paa Flaskur elder annat Ilaat, som deretter maatte forseglast og paasetjast ein Setel, som sagde Namnet og Prisen paa Varen 1); so vart dei utleverade til Sals, t. D. ved Tollarar elder ved Apotekarar. So lengje ei slik Flaska – elder annat Ilaat -, som var utleverad fraa offentlegt Utsal, ikkje var uppteket, og Forseglingi og Paaskrifti var uskadd, meiner eg, at ho av kven som helst sidan maatte kunna yverlatast til andre, ved Sal elder paa annan Maate.
           
Tobakken er og sers godt lagad til aa verta skattlagd. Gjer han enn ikkje so mykje vondt som det sterke Drikka, so gjer han daa meir vondt enn flest alle trur.
           
Vart no Handelen med sterke Drykkjer ei Rikssak, so vilde det knapt tyngja Forretningsyrkjet so svært, um Ein tok Tobakshandelen med.
           
Av 4 Mill. Pund Tobak vert Fortenesta, etter 2/ 3 Kr. fyr Pundet, 2 2/ 3 Mill. Krunur.
           
1)Paa desse Setlar burde det vera prentat ei Aatvaring, t. D. soleids: ”Fyr Sjæl og Likam, Hus og Heim, Gods og Eign hev dei sterke Drykkjer gjort tallaust mykje vondt; Næringsverdet deira er fyr Ingenting aa rekna mot dei forbrukte Næringsstoff; fyr Helsa er dei til Skade.”
 
Rogaland i September 1878.
O.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum