Norskt Bokliv.

 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(G.)
[Framhald.]
           
Skulen hev lært dei, ikkje so mykje aa utvikla og framforma sitt eigetAandsliv, men helst aa arbeida seg inn i eit annat; ikkje aa vera seg sjølv, men helst – aa spila ein Rolle. Me fær Rollen av Læraren, innstuderar Rollen, og gjeng so ut i Livet og ”spilar”, so det er forunderlegt aa sjaa; det svider litt um Øyro med sama; me skjemmest og hev ”Lampefeber” eit Bil; men til Slut vert med so herde og øvde, at me spilar mest ”naturlegt”. Hev me so spilat denne Rollen eit Tjug Aar elder so, so spilar me stundom so godt, at me maa tenkja oss um sjølve fyr aa hugsa, at det er Rollespil. Og Ingen kann saara oss verre enn den, som vil koma og fortelja oss, at so er, liksom Ingen kann gjøla oss meir upp, enn naar han fortel oss, at me talar og ”optræder” ” ganske som Dannede”. Me set ofta vaar ”Daning” i detta, aa kunna denne Rollen. Det er, fyr mange av oss, vaart Ideal, vaart Livsfyremaal. Og Ingen skal undrast paa oss fyr det. Me hev so lengje kjendt Trykket av aa vera “Paria’er” og sedde ned paa av alle desse ”Fine” og ”Flotte”, at det er naturlegt, at me strævar etter aa vinna oss fram paa Sida av desse Folk, so dei ikkje lenger skal ”flira” aat oss og hava oss til ”Narr”. Eg trur det er det, som driv mange av vaare Bondegutar til Unviersitetet. Dei vil verta nokot annat enn det dei er. Dei vil, som Mgl. segjer, ”lyfta seg upp aa eit høgre Danignsstig.” Dei vil koma burt fraa sitt Eiget og læra aa vera nokot større og gildare. Vaart Sjølvstende er ikkje sterkare; me er so reint Ungar i denne Vegjen. Og so vert vaart Liv Knot og Rollespil. Vaar sanne Natur ligg under, ofta i sin heile Raaskap; det er berre Hamen, me laanar, og den vert mest aldri heilare, annat ”Bjørneragget” sting fram rett som det er; - men fyr den Hamen ofrar me med Gleda alt vaart eiget, vaart Sjølvstende, vaar Natur, so langt som me kann; me er fraa Barndomen upplærde i slik ei Sjølv-Vanvyrding, at me aldri er gladare enn naar me kann koma rett langt burt ifraa vaart eiget Væsen. Difyr vert t. D. Bondegutarne ofta dei største Hatarar av ”Maalet”; for detta gjeng just ut paa aa draga fram, det dei helst vil gløyma og koma burt fraa; Maalsaki er deira vonde Samvit. Eg kjenner so væl detta fraa meg sjølv, helst i mine Seminaristdagar. Og eg kjenner det endaa betre fraa andre.
 
Men dersom vaare Bondegutar tek Livet paa denne Maaten – og dei fleste hev i allfall eit Drag av det -, so kann Ingen venta, at de skal kunna skapa nokot Sannt og Sjølvstendigt i Bokheimen. Dersom dei er Knotarar og Hermarar i sitt Liv, vert dei det au i Tanke og Dikting. Den, som i Livet skjemmest yver sit eiget, vil altid ljuga seg fraa det i sine Bøker. Han vil setja si Æra i aa skriva og tenkja plent som han ikkje var seg sjølv. Han vil herma etter det som er mest paa Moten. Han vil sjeldan vaaga aa koma fram med nokot Nyt. Skulde han det, maatte han koma fram med sitt Eiget, og det er det han ikkje vil.
 
Det hender, at slike Rollespilarar, naar dei vert fullvaksne og fær Magt til aa vera ærlege, tilslut uppdagar, at dei likevæl eig nokot i seg sjølve, som kunde vera verdt aa faa fram. Og dei kann faa det fram, som sagt, dersom dei er sterke og hev Mod. Likevæl vert det væl aldri heil Sanning. Deimaa altid, dersom dei hev Sans fyr Form og Stil, passa paa, at dei ikkje sprengjer Rollen; dei kann leggja sitt Eiget inn, men altid so, at det høver med den. Rollen vert det fyrste; Innhaldet maa retta seg etter Formi, daa den er tillærd, fast.
           
Detta gjeld helst fyr Diktaren, som er mest bunden av Formi. Han maa altid stella seg so, at han fær det til aa laata; det, som ikkje vil laata godt, maa ut. Er han no i Rollen, so vil mangt av det, som høyrer honom naturlegt til, ikkje kunna klinga godt med i Rollen; so maa det ut, - so sannt han hellest hev Sans fyr Formi. Og so stryk han og stryk og rettar og filar, so lengje til heile Formi læt godt, og er i full Samklang med Rollen. Men naar det er gjort, vil han vanleg finna, at det som er att av hans Eiget, av hans naturlege Tenkjemaate og Syn, er svært litet.
           
Men dersom han bryt paa den tillærde Formi fyr aa vinna i Sanning, so taper han i Grunnen Alt. Eit Blandingsmaal, ei Bytingsform, gjev aldri nokot sannt elder naturlegt Inntrykk, og ho eig ikkje eingong den Fyremun, som altid ligg i ein rein og heilrennt – um enn i seg sjølv usann – Stil. Diktaren maa soleids halda seg i Rollen, og skal han so kunna faa fram det Liv, som i Grunnen vilde krevja ei reint onnor Form, so maa han vera ein større Maalmeistar enn vaare bondefødde Dansknorske fyr det meste er.
           
Det Same gjeld fyr den, som legg seg etter det Rhetoriske (Ordhegd, ”Veltalenhed”) i Stilen. Eg dreiv paa med det sjølv ei Tid, fyrr eg vart heil Maalmann, so eg kann tala av eigi Røynd. Eg hadde endaa ikkje lært aa sjaa, at det eg foor med, var Rollespil. Men det kom yver meg stundom som eit vondt Samvit, og helst naar eg hadde skrivet nokot, som Folk totte var godt. Eg filad og filad paa alt det eg skreiv, til dess eg totte det ”leet”: ”Rollen”, den tillærde Formi, kravde det slik og slik, og eg stellte og stellte paa det, til dess det klingad saman med Rollen; men naar eg so var ferdig med detta, so hadde eg fyr det meste nok av Stilen min au. Han var meg imot; for han vart so all igjenom usann.
           
Det, som eg sjølv hev røynt som dansk-norsk Forfattar, finn og jamt stadfest, naar eg les det som andre Bondefolk skriv paa sama Maalet. Er det ein, som skriv god Dansk, vert han jamt so forunderleg usann. Men dei fleste er stillause. Mest ingen kann Dansk, so der er Meining i det, og av dei, som kann det, er det dei fleste, som sprenggjer ”Rollen” og skriv eit Blandingsmaal, som ikkje høyrer heime nokonstad. Dei vert ikkje aaleine stillause, men sumtid reint maallause. Det er syndlegt aa sjaa paa. Sansen fyr Maal og maalsleg Vænleik er meir enn liten i detta Landet. I Sanning: me treng eit nytt Maal! – for av Fusk og Samrøring og stillaus Blanding hev me snart havt nok. –
           
Eit lærerikt Døme paa det meste av det eg her hev sagt um vaare bondefødde Dansknorske, kann me i den seinste Tidi finna i John Lie’s Forteljing ”Knut Trondson.” Eg skal i næste No. taka denne Boki fyr meg og syna henne fram fraa det Synspunktet eg her hev avmerkt.
 
Hans Tale er sød, ak, men tro ham, o tro ham dog ei!
 
Same Bladet, som driv Gjøn med vaare nationale Fargar, hev no vortet so patriotisk, at det endeleg vil kalla det danske Maalet her i Landet dansk-norsk elder norsk-dansk. Men skal tru, soframt det paa den Maaten fær gjort Ende paa det rette norske Maalet, at inkje same Bladet daa gjeng attpaa Ordi sine, og segjer at dansk er dansk? Og so stend me daa, Gud betre, reint maal-lause.
                                                          
S.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum