Kristiania, den 8de November 1878.

 
Den fjorde Novbr. vart det flaggat fraa ymse offenlege og private Bygnadar i Kristiania; ogso ymse Stadar i Sverig flaggade dei.
 
I Egypten hev det voret Yverflaum av Nilen, og Elvi hev gjort stor Skade, dei reknar paa ½ Mill. Lstrl.; 250 Menneskjur hev druknat.
 
Skattespursmaalet hev voret under Dryfting i eit Bondevenmøte ved Mandal. S. Jaabæk, Braadland, Rejerson, E. Jaabæk, Berge, K. Finsdalog Høye talade. Møtet vedtok fylgjande ”Resolution”: 1. Toll paa naudsynlege Varar maa Ein søkja aa minka. 2. Større Sparsemd i Rikshushaldningi maa Ein ynskja; Utgifterna til Heren og Floten kann utan Skade minkast. 3. Det er aa tilraada Eigedoms- og Innkomeskatt til Rikskassa.
 
Den største Rugaaker i Thelemorki. Paa garden Mosebø i Saudland stod det i Sumar Rug paa ei Vidd av 38 Maal Jord i ein Aaker. Det var eit fagert Syn. Avlingi er no avtreskt og seld til Bygdarfolk fyr 14-16 Krunur Tunna. Agronom Jakobsen hev verkat fyr, at det ikring Skien vert saatt meir Rug enn fyr; det er likvel mange, som meiner, at Rugdyrkjing ikkje løner seg, daa Rug fraa Utlandet i dei seinare Aar stend so billeg, at Hevd og Arbeid kann leggjast betre paa aa dyrka andre Sædeslag.
 
I Vefsen hev Brøderne Ole og Mikal Langjord skotet ein Bjørn i Hidet; dei skaut ein ogso i Sumar.
 
Skaldeverk. B. Bjørnsons ”Et nyt System” er ferdugt, men vil ikkje verta korkje spilat elder selt, fyrr Boki er umskrivi paa Tydsk. Adolph Strodtmann er i Gang med Umskrifti. Naar Boki er umskrivi, vil Bjørnson samstundes venda seg til dei Theater i Skandinavia og Tydskland, som han ynskjer skal spila Stykket.
 
”Norske Oldsager” er Titelen paa ei Bok med fransk og dansk Tekst og 700 Teikningar, som Professor O. Rygh vil utgjeva imot Jol.
           
Fraa 26de Aug. til 10de Oktober, 6 ½ Vika, doingen i Bodøy Sokn, som hev 5000 Innbuarar.
 
Kyrkjevigsla. Bisp Essendrop vigslade den 23 Oktbr. ei ny Kyrkja ved Aarnes Jarnvegsstation i Nes; ho hev Plass fyr 600 Sitjande; Kyrkjeklokkurna er fraa Saksen.
 
Ny Umskrift av det nye Testamente. Adjunkt Thistedahls Etterleivde hev sendt vaart Bibelselskap ei heil Umskrift av det nye Testamente. Det er ogso han, som hev umskrivet det gamle Testamente, so nær som Mosebøkerna og Salmarne.
 
Fraa ein Stad i svensk Norrland sende ein Arbeidar eit rekomanderat Brev med ein innlagd 100 Krune-Setel til Skyldingarne sine i Sunnerbo. Det gjekk 3 Maanadar, utan at Brevet kom fram. Brevsendaren tok daa til aa gjera Krav paa Skadebot, men no kom Brevet fram med eit Innhald av 10 Tikrune-Setlar. Den Forvandling er likso merkverdug som mange i Ovids Metamorphoses, segjer eit Blad.
 
Sudbanen (Smaalensb.) vart sin Fredag yverfaren av Jarnvegsstyret: Jarnvegsdirektøren, Professor Guldberg og Jørg. Meinich, saman med Yver-Ingeniør Wetlesen. Det vart gjevet Order til aa paaskunda dei Arbeid, som stend att. Ikring Frederiksstad vil Jarnvegen vera ferdug um 3-4 Vikur. Den øystre Lina er paabyrjad baade fraa Aust og Vest: I Eidsberg heldt dei Takstar den 1ste Novbr.
 
Umkomen Lots. Fredag Morgonen i fyrre Vika gjekk ein Lotsbaat med tvo vaksne Lotsar og ein Gut ut fraa Rannøysund til aa borda eit Farty, som søkte Hamn fyr Uvedret. Baaten vann seg ut til Fartyet, og den eine Lotsen, Hans Tobias Hansen Stangenes, ”den duglegaste og mest urædde Lots i Rannøysund”, treiv Finkenettte til aa vippa seg yver, men Toget rauk isund, og Lotsen gjekk til Botns; det vart strakst utkastad Redningsbøje til honom, men til inkje Nytte. Den Umkomne hev Kona og 8 Born – det minnste 3 Maanadar gamalt. Han hev ofta med Faare fyr eiget Liv ført Farty i god Hamn. Soleids frelste han i Novbr. ifjor, daa ingen annan Lots torde ganga ut, eit franskt Skip (ein Brigg) fraa aa ganga under.
 
Um Jarnvegjer gjenom Asia skriv eit Blad: Ein Jarnveg gjenom Asia til Kina hev alt lengje voret paatenkt, og knapt er ein annan Jarnveg fraa Midlandshavet til Eufrat fyreslegjet, fyrr det vert Spursmaal um Jarnveg til Jerusalem. Naar desse Jarnvegjer vert ferduge, vil det verta bisnesamt aa høyra Konduktørarne ropa: Ninive:Ti Minuttar! – Babylon: Femtan Minuttar! – Jerusalem: Tjuge Minuttar - Dagverd!O. s. b.
 
Direktørenved Stockholms Undersøkjings- Fengsl, Løytnant Hoving, er dømd til aa missa ein Maanads Løn fyr Slurv i Tenesta.
 
Bjørnsons ”Maria Stuart i Skotland”, som no vert spilat i Kristiania, gjekk sin Maandag ”yver Scenen”, dei kallar, fyr fem og fyrtiande Gong.
 
I Kaupenhamn heldt dei sin Sunndag Fest fyr B. Bjørnson. Professor J. E. Sars var innboden som Æregjest. Professor Schjødte tok Fyresætet. Otto Borchsenius heldt Festtalen og ynskte, at Skalden, som Risen Antaios, maatte henta ny Kraft til stor og rik Dikting ut av sjølve Livet kvar Gong hans Motstandarar kastar honom til Jordi. Bjørnson nyttade Høvet til aa tala um Danmarks Framtidsstelling. Cand. Trier talade fyr Sars. Forfattararne Kr. Arentzen, Kaalund, Schwanenflügel, Dr. Schandorph, Dr. Pingel, Dr. Høffding, Hørup, Rubin, Galschjøtt, Hendriksen, Redaktør Borg fraa Helsingborg o. fl. heldt Talar. Det var livlegt Ordskifte i Spursmaalet, um det var alles Skylda, ogso Vitenskapsmenns, aa taka Lut i det politiske Liv og velja fast Standpunkt i Partikampen. – Maandag Kveld heldt Riksdagens Millomparti Fest fyr Bjørnson med S. Høgsbro og V. Holm i Brodden.
 
Fraa O. Olsen & Søns Klokkestøyparverk ved Tunsberg, er nyst sendt 2 Kyrkjeklokkur til Eidsberg og 2 til Ringerike. Ialt hev dei i detta Verket støypt 106 Kyrkjeklokkur, umfram Skipsklokkur, Gardsklokkur, o. s. b.
 
Tollinnkomurna fyr Juli-Oktbr. er 3 Mill. Kronur mindre i Aar enn i Fjor, endaa det vart gjort store Paalegg paa siste Storthing. I Sverik er Tollen ogso no mykje mindre enn tidlegare. Det viser seg soleids, at Mindretalet i den Skattenemndi som Storthinget nedsette i 1877, hev Rett, naar det segjer, at Tollen ikkje er aa lita paa, iser i tronge Tider. Rikskassa kjem nog til aa verta tømd til Botns i detta Aaret, og fraa 1ste Juli 1879 er Innkomeskatten vissare enn viss.
 
Nytt Blad. ”Frederiksstads Tilskuer” er gjengjenget inn. I Staden utkjem ”Østlandske Tidende” 3 Gonger i Vika, styrd av Cand. jur. N. H. Sørensen. – R.H. Mørch er no namngjeven Styrar av ”Tønsbergs Blad.” Under hans Styre vil Bladet ”ikkje slutta seg til nokot av dei raadande Parti.”
           
Eit Telegram, avsendt fraa Simla i Aust-India Onsdag 25de Septbr. Kl. 1.55´ Fyremiddag, kom til London Tysdag 24de Kl. 11.47´ um Kvelden.
 
Faatøkdomen veks i Beklin. I 1875 fekk kvar 82de Innbuar Hjelp i Pengar, i 1876 kvar 80de, i 1877 kvar 74de, og i Aar er Talet paa deim, som fær Hjelp, stiget uhorvelegt.
 
Snjofall. I Sud- og Millomtydskland og endaa i Frankrig (ved Dijon) fall Snjo i Sluten av Oktober. Ved Throndheim derimot (paa ein høgtliggjande Gard Havstein) haustade dei daa mogne Jordbær og tok inn fraa Hagen Prestekragar, Soløy, Auriklar, Nellik, Asters, Lupinar og andre Blomar.
 
Veksel-Logforslaget. Konnungens högsta domstol i Sverik finn ikkje det skandinaviske Veksel-Logutkastat aa vera godt. Det er difyr tvilsamt, um det kann koma fyre paa Riksdagen i 1879.
 
Rispa. Ei engelsk Avis hev denne Lysing:-Til Sal ein Apekatt, ein Katt og ein Papegøye hjaa Brouson David, som hev gift seg og difyr ikkje lenger hev Bruk fyr desse Dyr.
 
I Halse (Nordmøre) lagde ein Mann ut Otersaks i ein Bekk og fann um Morgonen 3 Sjo-Aurar – den største ½ Alen lang – i Saksi.
 
I Paris vart det paa berre ein Maanad i Sumar uppetet 11 ½ Mill. Kilogramm Kjøt og derattaat nær 5 Mill. Kilogr. Flesk, Fugl og Fisk og 27 Mill. Egg.
 
I Frankrig liver det 200000 Munkar og Nonnur i 4300 Kloster.
 
Russlands Straffekoloni i Siberia hev i den siste Skipsferdsperiode fengjet sitt Folketal aukat med 11,764 Menneskjur, deribland 732 Menn og 121 Kvinnur, som er dømde fyr Mord, 12 ”uforbeterlege Politikarar,” 4 Prestar osb.
 
Fyrstinna Elisabet i Rumænia hev gjort eit Dikt (Vakt ved Donau), som vart sunget av Folket, daa Soldatarne drog inn i Bukarest etter Krigen.
 
Garibaldi og hans tvo Søner hev fengjet ein stor Arv ved Testament etter ein Neapolitanar, som budde i Frankrik.
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum