Eit Tater-Gravøl.

 
(Ved R. Konstad.)
 
Eit Taterfylgje ligg i Bygdi; dei hev misst eit Barn. Dei gjer Likferdslag; eg og mine Grannar er og bedne.
           
Um Morgonen kjem me til Gards. Me kjem i slike Tankar, som gjerna fylgjer Ein til Grav-Øls; me ventar aa koma i eit Syrgjehus. Men snart skal me sjaa, at Sorgi ikkje er so reint tung endaa.
           
Tatrarne møter fram ut i Garden.
           
”Jøss! kor snilde de er au, som kjem og vil hjelpa oss! De lyt gjera so væl aa ganga inn”.
           
Me gjeng inn; dei skjenkjer ein Dram og ein Kop Kaffi; me fær paa Pipa og set oss. Dei fleste av oss er ikkje vidare hugad paa aa gjeva oss i Radd med Tatrarne; andre hev betre Mod.
           
”Eg skal undrast koss eg foor, daa eg kaupte denne Merri, eg?” segjer han Sjur.
           
”Spyr han Far og han Thore”, svarar den unge Tateren; ”det er Hestkarar baade tvo, det.”
           
”Neimen um det er godt aa segja det no lel,” segjer gamle Søren, ”slike som Tiderne no er; men du fær no altid vita det, naar du kjem paa Marknaden.”
           
”Ja det var væl!” meiner han Sjur; ”men visste eg eg hadde handlat reint tull, so foor eg ikkje paa marknaden.”
           
”Det finst ikkje Raad det, ser du, at du hev handlat fælt galet, du; - men korleids vert det med Hestehandelen vaar no, Thore?”
           
”Ja det er som eg hev sagt, det; det er berre deg det stend paa.”
           
”Stend det paa meg, so veit du eg hev sakte Viljen; men nokot annat er det, um eg kann hava Pengarne til rette Tid, og ljuga vil eg ikkje; dermed fær det vera so lengje med aa gjera nokot visst av.”
           
”Aa, det er visst ikkje faarlegt med deg, Søren; du fær fulla Pengarne til den Tidi du treng dei.”
           
”Det er ikkje litande paa det, slike som Tiderne no er; her finst ikkje Pengar bland Folk, ser du. - Ja me fær daa talast ved um det sidan.” No vert me sette aat Fyredugurdsbordet. ”De lyt gjera væl aa forsyna Dykk; det vert ikkje mange Rettarne, men de fær tekkjast med det som er.”
           
Tatrarne rødde og skraalad, baade med’ me aat og sidan, so Huset var fullt av Gjøn og Laatt og Banning. Det var reint uhyggjelegt. ”Dei hev nok ikkje rart til Hartelag, desse Folk”, tenkte eg. ”Eit Dyr vilde syrgja meir yver Ungen sin, enn desse syrgjer yver Barnet!”
           
Daa me hadde etet, skulde Liket berast ut. Same Laatt og Staak, same Snakket um Hestehandel og dilikt. Daa vart eg var Moderi aat det daane Barnet. Ho var ut i eit Side-Kott fyr seg sjølv, ho. Der gjekk ho no og gret, med’ Faeren og dei Gamle staakad og lo der inne i Stova. Aa du forunderlege Moderhjarta! tenkte eg med sjølvemeg, - for ein vælsignad Ting du daa er. Du er like varm og kjærleg du, anten du bankar under Stri og Vadmaal hell under Silkje og Fløyel. Mangt hev du aa bera, som andre ikkje kjenner, og saart maa du ofta lida, naar Ingen veit um det. Utan deg var Verdi dubbelt so kald og arm; og Barndomen vaar vart nok litet ljos, naar ikkje du vakte yver honom. Men um det høyrdest eit Skrik fyr kvar Styng, som Moderhjartat fær, daa vart Heimen full av Skrik. –
           
Det var snaudt nok, Tatrarne var god-fyr aa halda seg rolege, med’ eg talad nokre Ord og song ut Liket. Bestemoeri fylgde aat Kyrkja. ”No er det gjort au!” sagde ho rolegt, daa Jordi hadde gjøymt Barnebarnet hennar.
           
Det var hellest gjestmilde Folk, Tatrarne. Eg og Fylgjet mitt vilde helst beint heim att; me hadde litet Hug paa aa fara attende til Likferdsgarden; men det fanst ikkje Raad. Der vart ei Skriking og Jamring som det galdt Livet: ”Aa kjære vælsigne dykk, de fær daa ikkje gjera oss slik Sorg og Skam!” bad dei. Me laut fylgja.
           
I Likferdsgarden er Gjestebod. Dei kjem med ein Dram. ”De lyt nok drikka or, lell; for de skal ikkje faa meir av detta Slaget enn de toler det.” ”Aa, det vert visst nok taa detta,” sagde han Sjur; han kunde liksom meir Folkeskikk han enn me andre.
           
Ei stor Lukka var det no, at det var sannt som dei sagde, at dei ikkje hadde mykje Brennevin; for hadde dei det havt, veit eg ikkje korleids det hadde komet til aa set ut der den Kvelden.
           
Snart bar det i att med den gamle Visa um Merrabyting og slikt. ”Du kann tru eg hev havt mange Slag Hestar”, segjer den gamle Tateren.
           
”Jau det vil eg sakte tru! den, som hev faret so vidt som du Søren, han hev røynt nokot av kvart, han,” svarar han Thore.
           
”Uppi Gudbrandsdalen bytte eg til meg tvo Følsungar fyr ei gomol Merr, der.”
           
”Det var god Handel, Von!”
           
”Aa, ikkje ille; det verste var eg laut hava dei i 14 Dagar, fyrr eg vart av med dei att.”
           
”Aa, ikkje lenger -?”
           
”So bytte eg dei burt og fekk att ein fyr tvo, som dei segjer.”
           
”Men den var gild den, tenkjer eg.”
           
”Aa – kunde voret verre! Det var Alvstad-Rauden, um du hev høyrt gjetet honom.
           
”Nei hev du havt den!”
           
”Eg hadde’n i fleire Aar; men so selde eg ’n, og det hev eg tregat. Eg saag ’n att her no um Dagen; han var baade sprengd og broten; - ja det er fælt, som dei fær aat med dei stakkars Dyri. Dei Store kann fara fram som dei vil, dei, maatru; men hadde det voret eg -! jau daa hadde det vortet annan Dans.”
           
Der vart mykje Snakk no um desse ”Storfolki” elder ”Kommissionerte”, som dei vart kallad; kvar fortalde si Soga um dei, og Enden vart, at dei ”Kommissionerte” laut vera baade raaare og verre enn hitt Folket, Og det verste var, at det ”beit ikkje Log paa dei held,” som gamle Søren sagde. Det var ikkje greidt fyr Smaafolk aa liva i denne Verdi, og ikkje fyr Hestar held, slik som desse Folki foor aat. – Men gamle Søren blinkad av og til fult med Augom, liksom han vilde segja -: ”eg greider meg no lell, eg, og lurer kje eg dei, so lurer visst ikkje dei meg!” -
           
Det var eit kvatvoret Gravøl. No tek me til aa hyfsa paa oss fyr aa reisa. Og ein Dram laut det vera til Avskil. ”Nei det er rett Skam au, at me ikkje skal hava so me kann skjenkja Folk skikkeleg fyr Umaken sin,” jamrad dei. Me leet væl um Skjenkjen og meinte me hadde Inkje aa klaga fyre. Liksom til Bot fyr det Brennevinet, me hadde fengjet forlitet, fylgde dei oss med ein sann Straum av Takk-Ord og Vælsigningar, i di me strauk av Garde. – ”No hev eg voret der! sa han unge Raamund,” tenkte eg.
           
Dei fleste er glade i Gjestebod og Gilde; det er eg og paa min Maate. Men eit sovoret Lag ynskte eg meg ikkje att Dagen etter.   
 

 

Frå Fedraheimen 09.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum