Rispur.

 
Ein Skrivar var ute og køyrde, so rauk Selepinnen or. Skrivaren fram og saag etter, men kunde ikkje skyna, kvat det var; trudde han hadde køyrt Sælen radt sund. So tok han sjølv i Skaaki og gjekk jamsides Hesten og drog; fyr kvart Stig slog Selepinnen honom paa Haandi. Slik gjekk det ein Fjordung Veg. So raakad han ein Bonde. ”Goddag, Ola”, sa Skrivaren; ”du lyt hjelpa meg; eg hev køyrt sund Selen; no vinn eg kji lenger.” Ola burt og saag, - tok so Selepinnen og sette i: ”so!” sa’n, ”no kann Skrivaren køyra.” – ”Men . . . men – det burde jeg jo have skjønnet selv!” ropad Skrivaren fortustad. ”Eg totte au so!” meinte ’n Ola. -
                                  
 
Dei segjer at den som gjev eit fast Haandtak, hev eit stort og godt Hjarta. For eit stort og godt Hjarta Hummaren daa maa hava!              
[”Norden”].
 
           
Ein Fant kom inn ein Stad og bad um Mat; det fekk han. No var det Smørstykkje, Kjeringi sette fram, etet av paa den eine Kanten; men han tok til aa eta fraa den andre, han. Kjerringi leet um, at han helder burde taka der, som det var teket fyrr; - ”aa Takk” sa Fanten, ”eg ska nok koma dit au, eg.” – Og han kom dit. Han aat upp heile Smørstykket.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum