Norskt Bokliv.

 
[Del 1 av 2]
 
(G.)
 
Det fyrste som krevst til aa vera ein god Diktar er aa hava Diktargaava; det andre er – Mod til aa ”vera seg sjølv.” Detta andre er likso vigtigt som det fyrste. Vera seg sjølv er det sama som aa vera sermerkt, upphavleg, original. Den, som ikkje er seg sjølv, vert ei Avskrifta vandre; han kann skriva ”godt”, hagt, trøysamt, forvitnelegt; men – alt det han skriv, hev voret skrivet fyrr, og betre, iallfall sannare. Den, som ærlegt er seg sjølv, som legg fram av sitt eiget Innhald, ser med sine eigne Augo og talar med sitt eiget Mæle, vil altid hava nokot aa gjeva, som hev Verd, altid nokot som er nytt og friskt og som ingen annan kunde gjera so godt og sannt; den, som slepper seg sjølv og vil vera nokot annat, vert Ingenting. Han kann gjera so mykje Braak han vil: hans Gjerning fær aldri Liv og aldri Magt yver Folks Tankar.
           
Den som er seg sjølv er sann. Det, han skriv, slær Rot i Menns Hug, av di det sjølv er sprunget friskt fram or ein Manns Tanke. Det er ein livande Blom, som set Fræ og Frugt. Den, som ikkje er seg sjølv, lyg; det han skriv, er ”Kunst” og kann likso litet slaa Rot som kvar annan Papirblom. Det kann vera ”fint gjort”, og Ungar og Umyndige kann fyr ei Stund gamast storleg ved det blenkjande og skraavande ”Kunststykket”; - men det kann aldri i Lengdi løyna, at det er daudt.
           
Alle Bokheimar hev sine Kunstmakarar, sine Papirblom-Fabrikantar. Dei kann vera gode til sitt Bruk. Det finst allstad Folk, som ikkje hev Sans og Syn fyr den ægte Blomen, men er fælt glade i den ettergjorde; og det maa vera Einkvar som skriv fyr dei au. Men Ingen skulde slaa seg paa detta Fabrikk-Yrkjet, sam ikkje var fødd til det. Ingen skulde vera Etterdiktar utan den, som ingen Ting aatte aa gjeva sjølv.
           
Men det er mange veike og uklaare Naturar, som ikkje hev den ”Sjølvfornegting”, som det stundom krevst til aa vera seg sjølv. Dei ser einkvar Storskalden, som dreg aat seg den aalmenne Aathug; og so trur dei, at det maa vera gildare og større aa vera nokot slikt som han, enn aa vera detta vesle og uvyrdande, som dei tykjest vera i seg sjølv. Og so gjev dei seg til aa herma. Dei skriv Bøker i hans ”Smak”, istadenfyr aa skriva naturlegt og sannt, um enn kannhenda ”simpelt”, paa sin eigen Maate. Istadenfyr aa vera den vesle Lerka – elder Sporven -, som fri under Guds Himmel kvitrar sin kunstlause men friske Song, gjer dei seg til Lirekassar, som med Braak og Kunst, men daudt, avhaspar andres Lundar.
           
Her i Norig burde det vera faae av slike. Me segjest vera so sjølvstøde, me Nordmenn, og i det ”Prosaiske” er me det nok au, um ikkje altid paa rettaste Maaten. So kunde Ein venta, at me iallfall i Poesien vilde syngja kvar med sin Nebb og vera oss sjølv; for der kunde slikt høva. Og det kann henda at me hev meir av orginal Dikting og mindre av Hermarar, enn ymse andre Land etter Maaten. Det kann henda.
           
Men me hev endaa nok av Papirblomar og Lirekassar. Iser gjeld visst detta, naar bondefødde  Menn prøver aa dikta paa Dansk.
           
Mest alle vaare store Dansk(norsk)-Diktarar er slike som hev Dansk(norsk) til sitt Morsmaal. Henrik Wergeland, Welhaven, Munch, Bjørnson, Ibsen, Lie, er alle dansknorske Menn, og dei hev alle gjort det godt. Av bondefødde hev me nok svært faae, som hev drivet det upp til aa verta sanne og sjølvstendige Diktarar paa Dansk; dei fleste hev anten skrivet paa Norsk (Vinje, Aasen, Telnes o. fl.), elder – dei hev vortet Etterdiktarar.
           
Detta er naturlegt nok i Grunnen. Det vil altid falla tungt fyr ein Diktar aa vera seg sjølv, naar han ikkje bokfører sine Tankar og Syner i det Maal, som disse Tankar og Syner er ”fødde” i. Ein Diktar maa ikkje einast kunna sitt Maal, - kunna det betre enn vaare fleste Bondefødde kann Dansk -, men han maa eiga det so heilt, at han kann forma Maalet til etter seg istadenfyr aa forma seg til etter Maalet. Det vil altid vera Faae, som kann detta, naar dei skriv i eit tillært Maal, og kanskje Ingen, som kann det heilt ut. Dei kann vera diktarar gode nok; men det er ikkje altid sagt, at ein Diktar attaat er ein stor Maalkjennar.
           
Men detta var i seg sjølv ikkje det verste. Me ser baade i Utlandet og her heime, at kraftfulle Diktarnaturar kann læra eit framandt Maal so godt, at dei fær det til aa forma seg etter dei nokorlunde, um det enn er rimelegt, at dei vilde kunna skriva endaa finare og sannare paa deira rette Maal. Det, som fyr vaare Bondefolk er det Verste, det er, at dei fraa si fyrste Tid av vert upplærde i det aa ikkje vera seg sjølv, upplærde i Usanning, Etterherming og Tilskaping. Det fyrste, Bondeguten lærer, naar han skal til med si ”Utvikling”, er, at det er ”simpelt” fyr ’n aa vera seg sjølv, men derimot ”fint” aa vera nokot annat. Det skal daa framifraa Magt og Mod til aa vinna so langt, at Ein kastar Leksa og tek sine Tankar og Former or sin eigen Barm. Dei fleste vert hangande i Leksa, og det so fast, at alt det dei skriv og segjer tevar av Boki lang Veg.
           
Bondefolket vaart hev ikkje smaae Gaavur. Men det hjelper litet, at dei hev Gaavur, naar dei strakst kjøvest ned i Sjølv-Mistru og Tilhug til Ap og Usanning. Det at dei rivst upp or den heimlege Naturgrunnen og plantast um att i ny Jord, gjev dei ein Knekk i Vokstren, som dei sjeldan vinn heilt yver.                         
 
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum