Lysingar.

 
Det norske Samlag.
- 1878, 9de Aaret. -
           
Samlaget hev til Fyremaal aa  hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
           
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med Posten. Ein melder seg i Brev til ”Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44),Kristiania,” og maa med det same senda Aarspengarne.
           
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, - umfram dei nye Bøkerna, som kjem ut i Aar.
           
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
           
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 
                       
Fedraheimen
eit frilyndt Folkebald paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar, Rispur o. m. YmseStykkje er paa Bygdemaal.
           
Dersom Ein tingar og betalar fyr eit heilt Aar fraa 1ste Juli av, kann Ein faa 1ste Halvaargang 1878 (Januar-Juni) fyr halv Pris, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. –
           
Ein kann tinga det paa alle Posthus og i Brev til ”Fedraheimens Ekspedition, Kristiania.” Pengar maa fylgja. Naar du sender Pengar til Fedraheimen so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum