Utlandet.

 
Det bulgariske Upprør - heiter det i eit Telegramm fraa Konstantinopel – hev breidt seg ut yver fleire Bygder i Rumelia og nørdre Makedonia. Upprørararne hev hogget ned 3 Kompani turkiske Herfolk. Hovudnemndi aat Upprørararne hev sitt Sæte i Kustendje. Dei panslavistiske Samlag i Ryssland skaffar Pengar og Vaapn. Fyremaalet med Upprøret er aa faa Rumelia, Thrakia og Makedonia samfeste med Bulgaria til eit bulgarisk Rike. Upprørararne er reknade til 12,000 Mann, og dertil kjem den bulgariske Milits, som vil gjeva seg i Lag med Upprørarne. Soldatarne hev alt rømt i store Skarar fraa Heren, utan at Officerarne hev gjort nokot til aa hindra det. Soleids vil Upprørsheren koma upp i minst 30,000 Mann.
           
Den engelske Regjering hev teket den Raadi aa senda Shir Ali eit Ultimatum, som det heiter, d. e. aa setja honom Kniven for Strupen. Det er størst Von til, at det litet munar.
           
Negerupprøret paa St. Croix. Landshovdingen Garde hev sendt det danske Finansministerium Melling av 8de Oktober um Upprøret. Det hev lukkatst fyr Landshovdingen med Herfolk og Friviljuge fraa Øyi aa døyva Upprøret utan framand Hjelp. 74 Plantingar er brende, 24 frelste. Av Fredrikssted er ikring Tridjeparten heilt nedbrunnen, men det, som er brunnet, er meint aa utgjera minst Halvparten av Verdet aat alle Bygnadar i Byen. Store Varelag i Krambuder og Pakkhus er øydelagde. Tapet i Byen er det ikkje gjort nokor Rekning yver, men fyr Plantingarne skal det ha stroket med Avling fyr 150,000 Dollars. Eldskaden paa Sukkerverki er sett til 4000 Dollars fyr kvar Plantingsgard; dertil kjem Verdet aat Setohus og Raadskarshusvære med det, som i var, paa alle Gardarne. Av Negerbyarne er ingen brend. Skaden paa Sukkermarkerne er ikkje stor. Med Eldspaasetnaden hev Upprørararne gjenget sløgt fram; dei hev brukt Rum og Petroleum, og dei hev jamnast varat dei Kvite aat, at dei skulde hava seg undan, fyrr Elden vart paasett. I fyrste Samantreffet vart det drepet 2 Soldatar; elles er det ikkje drepet andre Kvite enn Plantaren Fontaine. Av dei Svarte er det roket med 60-70.
 
Mordfreistnad mot den spanske Konggen. Den 25de Oktober um Eftan, som Kongen kom att fraa nokre Manøver og reid gjenom Madrids Gator, vart det avfyrt eit Skot imot honom. Han vart ikkje skadd. Gjerningsmannen, ein Unggut paa 20 Aar, vart strakst gripen og førd burt; det var med Naud, dei kunde halda den rasande Folkehopen fraa aa riva honom sund. Kongen reid vidare, og Folket helsad honom med Fagnadrop. Brotsmannen er fraa Tarragona og hev stadet til, at han var komen til Hovudstaden einkom fyr aa drepa Kongen. Han var Socialist og Medlem af Internationale, sagde han.
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum