Notisar

 
Flamsk. I Belgia, der Flamsk i den siste Tidi, allvisst etter Aar 1830, er uppteket til Dyrknad som Bokmaal, Kyrkje,- Skule- og Rettsmaal ved Sida av Fransk, kom det alt i 1874 ut 127 Blad og Tidsskrifter paa Flamsk, derav 8 Dagblad. Det hev ikkje lukkatst aa faa Flamlendingarne til korkje aa bruka Fransk, Høgtydsk elder Hollandsk, endaa detta siste ikkje skil seg so mykje fraa Flamsk som Dansk fraa Norsk. Og der er Dialektar ogso i det flamske Belgia; den Meinkroken er dei ogso komne yver. Men Flamlendingarne hev Vilje.
 
Trufesta. Under den gule Feber i dei Nordamerikanske Sudrike gjekk Far ifraa sin Son, Born ifraa sine Foreldre, Egtemenn ifraa si Husfru, men enno er det ikkje høyrt gjetet, at ei Husfruhev gjengjet fraa sin Manns Sjukeseng, segjer eit Blad.
 
Paris-Framsyningi. Den norske Gavl av den svensk-norske Utstellings-Bygnad er seld til Fyrsten av Striday fyr 12000 Franks.
 
Bomullshausten i Amerika i Aar skal vera den største dei hev havt sidan Krunaaret 1860; han er gjengjet upp til nær 5 Mill. Ballar.
 
Ordførar M. A. Andersen i Øystre Thoten skriv i ”Gjøviks Blad”, at han ikkje var formeleg innkallad til Provstevisitatsmøtet, daa Sokneprest Steen fekk det Vitnesburd, som det hev voret skrivet so mykje um; Hr. Andersen vil difyr ikkje vedkjenna seg Vitnesburdet og tek det fyr ikkje aa koma seg ved, berre Medhjelpararne. Samstundes gjeng han likvel ved aa hava underskrivet Protokollen, og daa skynar me ikkje rettare, enn at han fær standa fyr Støyten liksovel som dei andre. Det er ikkje Mannsgjerd slikt aa vilja vrida seg fraa det, Ein hev voret med paa.
 
Kattesyning. I Krystalpalatset i London vart den 16de Oktbr. opnad ei Kattesyning. Den fagraste Katten heiter ”Misteltein”, og tilhøyrer Miss Weightmann. Fyr sine Angora-Kattar hev ho fyrr fengjet 35 Premier. Den tyngste av dei Kattar, som i Aar vert framsynte, er ”Toby”, 17 eng. Pund. ”Royal Rom”, som var paa ei af dei fyrre Kattesyningar, vog 22 eng. Pund.
 
Hat mot Framande. Marrokkanarne likar ikkje Framande i sitt Land; dei hev vist den spanske Konsulen Vetrvegen og likeins Repræsentanten fyr dei Nordamerikanske Sambandsrike. Men Landsstyret straffar ikkje fyr desse Brot.
 
Kaupmann A. Sibiriakov i Moskva, kjend av si Verksemd fyr Sibiria-Sjoferder, hev innsett i Hovud-Rentekammeret i St. Petersborg 100,000 Rubler til eit Universitet i Siberia.
 
Den nyleg valde grekiske Patriark, Joakim III, er berre 48 Aar gamal. Han hev studerat i Tydskland og er mykje folkekjær bland Grekararne paa Grunn av sin nationale Stødleik, han er rein og heil Hellenar fraa Topp til Taa. – Hadde me slike Bispar!
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum