Kristiania, den 1ste November 1878.

 
Det 6te Stiftsmøte fyr Kristiania Stift vart haldet i denne Vika. 80 Medlemer møtte fram den fyrste Dag, 200 den andre. I den fyrste Saki, um eit aalmennt norsk Kyrkjemøte, heldt Prest Svein Brun Grunnfyredraget. Me vantade ein Forsamling, som ved den Stelling, Medlemerne hadde, kunde stydja deim, som hadde Avgjerdi av kyrkjelege Saker i si Haand, meinte han; det var ikkje Tale um annat enn aa gjeva Raad. – Daa Spursmaalet var fyre paa Storthinget fyr 10 Aar sidan, var det fyresleget, at dei 6 Bispar skulde vera sjølvskrivne, og at det elles skulde møte 16 av Prestarne valde Prestar og 22 av Kjyrkjesamningarne valde Leikmenn. Talaren hadde fyrr voret imot, at so mange Leikmenn var med; no vilde han likvel takka til, um me fekk eit raadgjevande Møte med tvo Tridjepartar Leikmenn; men Bisparne maatte vera sjølvskrivne og Bispen i Kristiania Ordførar. Professor Bugge vilde hava eit godt Kyrkjemøte, (det vil segja godt fyr Prestarne); difyr kunde han ikkje gjeva sitt Jaminne til, at det var færre Prestar enn Leikmenn, og han maatte ogso hava Vissa (Garantiar) fyr, at det ikkje kom med Demokratar elder Folk, som Ein i vaare republikansk-demokratiske Tider tenkjer seg som Innehavarar av alt Slag Magt; kvar Husfar kunde difyr ikkje vera med aa velja; det var altid fraa Leikfolket, at kyrkje-nedrivande Stræv kom. Av andre Talarar nemner me Prestarne Roll, Horn, Schjørn og Hauge og Leikmennerne Elverud, Erlandsen, Aubert, Broch og Tønnesen.Det vart vedteket ei Bøn til Kyrkjestyret um aa framsetja Logforslag um, at det skal skipast eit Kyrkjemøte av Menn, som ved tryggjande Val vert utsedde til aa repræsentera Kyrkjesamningarne, det kyrkjelege Embætte, det kyrkjelege Styre og den kyrkjelege Vitenskap. Prest Rolls Forslag um, at dei Menn, som skal vera med i Kyrkjemøtet, maa vera ”gudelege, skynsame, røynde og lærde”, vart forkastat. – I den andre Saki, um Sundagskvild paa Jarnvegjer, vart det vedteket ei Bøn til Kyrkjestyret um aa stydja Arbeidet med aa faa Trafiken med Jarnvegjer og Eimskip innskjerdt paa Sunn- og Helgedagar. – Um den tridje Saki, Skriftemaal og Syndsavløysing, skal me fortelja litetvetta i næste Bladet. – ”Dagbladet” undrar seg yver, at det berre vart talat um aa gjeva Prestarne større Magt og ikkje haldet fram som Grunn fyr eit aalmennt Kyrkjemøte, at Prestarne meir og meir tykkjest koma i Villgreida yver deira Skyldur: hadde det vortet sagt, at eit Lands-Kyrkjemøte vilde vera godt til aa faa nedlagt Protest mot, at Prestar negtar aa reisa i Soknebod til sjuke Faatøkfolk, naar det ikkje er sendt Hest, at Personelkapellanar negtar aa ferma ein Gut fyr derved aa mykja Gutens Far, at Grensa millom den guddomlege og den menneskjelege Majestæt vert sett som paa Gardermoen i Sumar, at Prestar fer slik fram mot underordnade Lærarinnur som paa Fredrikshald i Haust, og at Provstar, som læt Prestens Medhjelparar sannprova, at Kyrkjesamningi er velnøgd med Presten sin, kunde faa slike Saker avgjorde av ein kunnug Domstol i eit aalmennt Kyrkjemøte, vilde Folks Gaumsemd fyr Saki hava voret større, meiner Bladet. Og Spursmaalet um eit Møte av heiderlege, velvyrde og lærde Theologar og Politikarar av alle Samfundslag til Raadleggjing um, korleids Ein skulde skipa ei fri Kyrkja i eit fritt Rike soleids, at Kyrkja kom til sin Rett samstundes med, at det ikkje vart gjort nokot Inngrip i den riksborgarlege Retten, vilde hava dreget til seg den aalmenne Aathug til ei mykje meir frugtberande Dryfting enn detta Møtet. – Det var ogso paa Tale aa faa eit einaste Møte, eit Møte ein Gong fyr alle, til aa greida ut dei verste Flokar, og Bøni til Kyrkjestyret gjeld ogso detta.
 
Det 7de Stifts-møte fyr BergensStift. Um “Embættsumgripet og det rette Kall” vedtok dei, som møtte, samrøystes, at Kyrkjesamfundet som eit kongelegt Prestedøme og eit heilagt Folk er den einaste retteInnehavar av Guds Ord og dei heilage Sakrament, at Samfundet av Gud hev fengjet desse Naademidel med den Skylda aa kynna Ordet og stjorna Sakramenti, men ikkje i kvar einskild Medlem kann gjera detta og difyr til denne Gjerd maa taka Menn, som er duglege og kjenner Kall til det. – Det andre Spursmaalet var, um Artikel 14 i det Augsburgske Truarbrevet forbyd Leikmenn aa kynna Gudsordet. Det var ymis Tvilsmaal um, kvat det ligg i Ordet ”offenleg” (publice) i den nemnde Artikel – nokre meinte, at Ordet tyder ”samfundsmaatig”, ”paa Samfundets Vegnar”, andre, at det er det same som ”fyr opne Dører” -, men alle var dei samde um, at Leikmannsverksemdi er logleg i den lutherske Kyrkja. Nytt Møte skal haldast til Aars att.
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum