Åt Vetle Tunguvard!

 
Det er sletikkje før di, at det trengs å hjelpe ”G”, at eg her tek penna; ikkje heller har eg tid til å skrive stort imot deg. Men når Du er so blåstød på, at vi har rett til å kalle kvar ein ein ”fritenkjar”, som ikkje tek beint fram kvart eit bibelord etter bokstavom og tru kvart eit smask etter desse bokstavom, so må du ha eit par ord. Er du då smelviss på, at bibelen i kvart eit vers og ord er uruggelegret omsæt? Du veit, målkunna før kvar tid veks, likso, at bibelen difør au før kvar tid bli omsæt betre og betre før det same. Du veit, at oldskrevne, handskrevne biblar og bibelstykkje no og då fins, ænog i vår tid, og at desse heller ikkje i alt samstava med dem, folk hittils har omsæt etter. Kor ber so dette iveg? Ber det åt den leiden, at Gud skulde ha bunded frelsingja vår åt nok orpaper-opskrift? Eller ber det den leida, at bibelen er berre vår heligste eller einaste helige lærebok, men skreved av folk, som stodret fot til Gud, før æn dei skreiv, og som var komen dit ved noko meire levande æn paper og sværte?
 
Tru du, du har ret til å kalle alle dem ”fritenkjarar”, som ikkje meiner, at Gud lagad til rettes jorda vår slik, som ho no er, i 6 vanlege dagar, so har du fælt ein hard dom over dem, du minst tru og vil! Du gjer au bibelen ei låk tenesta med slik tale. – Ændå vil du ikkje, vi etter bibelen skal halde på di, at jorda står og sola går; du segjer, ”Gud ingenstad hev sagt det.” Der let du Gud ”segje løgn”, ”fordi at folk eingong trudde denne løgna!” Kor har du det ifrå? Du segjer: me tru nokot annat no, korleids skal du då hjelpe Gud utor denne vanden? Bibelen (Gud) segjer då ænno greidt om Josva, at sola og månen gjek, men at han let dem både 2 stanse solænge, som Josva trång ljoset deira dvs. test han hadde duskad av fienda sine! Du segjer, at ”ein i røynden tek åt å tvile på Guds alvælde”, når han tru, at dei ”6 dagarne” er lange tidarbolkar. Dette kan eg ikkje sjaa. For meg er han fullkomen likso stor før di, om ikkje større!
           
So segjer du, at den sanne kjørkja no er kallad den lutherske”. Æn slik einsynt og rangsynt sætning! Den ”sanne kjørkja” har ikkje landskapsgrænsor; ”heller ikkje er vi døpte åt Per, Pål, Apollos” eller Luther, veit du, men åt Kristus Jesus. Kristus kjørkja er den sanne kjørkja; ho ræk frå den første kristelege dåp der aust i Jødelandet på Kristi tid og fins alle stader, der folk i tru vedkjenne seg aposteltrua og bli døpt i Guds trifalduge namn, og bænkje seg som hans born kring Herrens bord i audmjuk tru, håp og kjærleike. ”Den lutherske kjørkja” er so tøygelegt eit namn, at vi får finne os i, at dette bli standande jamsides med søstrom sine. Inni alle desse søstrom fins det medlemar av “den sanne kjørkjon”, det er sakja og sanningen det!
           
Om Grundtvig brukar du slike ordelag, at det er længe sidan eg såg noko så sårande stygt sagt om honom, skjønt du atåt tilstår, at ”han har gjort ovmykje godt; var ei kjæmpeånd” og ”tvillaust ein stor Guds reidskap” osv. Det stygge er dette, at du utan grungjeving, utan duft av grungjeving segjer, ”at Grundtvig no ikkje vart standande på sanningsgrunnen”; og: ”hadde han vorted standande på sanningsgrunnen, der han først stod, so vilde han nok ha fåt fram meir, gagnad kjørkjon meir”, og: ”han kom avveges og kom då med si makalause opdaging”! ”og mange av venom og etterfølgjarom hans føre då denne range særmeiningji hans ændå længer bort ifraa sanningen”! – Slik, i denne duren går det – utan grun og vitnemaal. Det er vil ferd i flygande luften!
           
Men du, som er ein so bibelfast man, har du ikkje ænno andsad ”den raude tråden” gjenom heile apostelskrifta om eit ord, som skrifta er skreved etter? At dei helige mænner skreiv, fordi dei trudde? At dei ”subjektivt” trudde på eit ”objektivt” trudomsord? Har du ikkje andsad dette om ”det trauste ordet, som er vel værd al godkjenning, og som er væl værd å takas imot”? den gode vedkjenningja (”bekjendelsa”)? Om Påls ord åt Timoteos: ”Hald du deg stødugt åt det ordet, som du har fåt: for du veit, kvem du har fåt det hos; og du er desutan vellært i dei helige skriftom ogso, som kan gjeva deg visdom, lærddom, om sæla”? Har du heller ikkje vismon om ”det ordet”, som dei kristne i dei første århundrom aldrig vilde skriva på paper, og som derfor ikkje kom på paper, føræn denne alverdsens riksmakta fik tak på dei ting, ho aldri skulde ha haft? – Hald so dette i hop med dei første versa i Johannes evangelium om ”ordet”, som var og er og kom hit og vart kjøtklæd, men som verda ikkje vilde vedkjenne seg, men som Kristi vener al sin dag har vedkjent seg, alt ifrå Peter, då han svarad, at han ikkje vilde ganga ifrå Jesus, ”fordi at han (Jesus) hadde det endelause livsens ord”, so kan det hænde du bli tvilrådig, om du tørs kalle Grundtvig ein, ”som kom ifrå sanningsgrunnen” og fan op vilfarande veger åt venom sine. Tru heller, at han peikad på dei gamle, gamle stigarne, der apostlar, kjørkjefæder, blodvitne og kvar ærleg truande sjel med trygd trufast gjek sine føt her på jorden, so trudde du rettare, gode ”Vetle”! Med Grundtvig var det soleids net det motsætte av det, du segjer, for han stod frå førstonne ikkje på den faste sanningsgrun, meire æn andre då; men han kom dit, då han var valt og oplyst av Gud til det store verket og tok imot kallet. –
           
Kor veit du au det ifrå, at ”det på Grundtvigs tid ikkje trångs å reinske læra”? Og at han då heller ikkje gjorde det? Er det ikkje sant længer, æn til Luther då, at ”Kristi kjørkje skal gange frå klårheit til klårheit og vækse i ljøset? Tru du, at voksteren i liv ikkje fører med seg vokster i ljøs, alt inntil herren kjem?
           
Tænkj’ på dette! Eg må slutte, elles bli eg for langdryg.
           
Nidaros 26/10 1878.
                                                          
Ærb.   
 
O. J. Høyem
 

 

Frå Fedraheimen 02.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum