Utlandet.

 
Socialistlogi hev gjort det umoglegt fyr Socialdemokratarne i Tydskland aa vera til som tilskipat Serlag lenger. Ho hev alt vist sine Verkningar. I Berlin er 4 Samlag uppløyste, 34 trykkte Skrifter, utkomne etter 1872, er forbodne, likeins Bladet "Berliner freie Presse"; den 24de kom Bladet ut med ein annan Tittel, men det nyttad ikkje, det vart konfiskerat. Socialdemokratarne hev uttenkt allskyns ville Raader. Fyregangsbladet deira, Vorwärts, raader til, som Liebknecht gjorde i Berlin, at kvar Mann skal verta verande paa sin Stad og halda fram med Uppegglingi einskils, solenge Undantakslogi stend ved Magt. Det er komet ei onnor Tid, ein maa bruka andre Vaapn.
               
England og Afghanistan. Den engelske Utsendingen hadde ikkje vortet fagnad so vel av Emiren, som Times fyrst fortalde. Emirens Svar lydde so: "Gjere, kvat de vil. Utfallet er i Guds Hand." Det var ei endefram Avvisning, og dermed kom Saki i ei ny Skora. Krigen var uavvendeleg, meinte dei. Engelsmennerne skundad paa sine Tilbuingar og drog større Hermugar saman. Likevel heiter det no, at Frammarsen mot Kabul vert utsett til næste Aar, fyrdi dei vil skræma Emiren til Gagns ved aa senda imot honom ei Hermagt, som er vel tilskipad i alle Maatar.
               
Den engelske Skattkammerlord heldt den 23de Oktober ein Tale i Wolverhampton og sagde i den attaat annat: "Ein kann ikkje segja seg trygg, annat enn det viser seg nye Syner til Krig, som ein trudde skulde voret burtjagade. For det spyrst, um Skilordi i Berlinsemja vil verta uppfyllte. Det er ikkje Tvil um, at det er sume Deilar av Semja, som det vil visa seg vandt aa føra igjenom. Han ynskte likevel, at Underteiknararne paa Semja, serleg Sultanen, vilde sjaa, kor vigtugt det var, at det store Verk ikkje vart gjort til inkjes."
               
I Bulgaria og Rumelia er det brotet ut eit Uppstand. Til Porten er (etter Telegramm til "Pol. Corr." fraa Konstantinopel) innkomet slik Melling: Stor Uppøsing i Bulgaria og Makedonia. I Filippopel bur dei seg til ein Demonstration imot den austrumeliske Nemndi. 2000 velvaapnade Bulgariar gjekk paa Krasna den 18de. Rastik ottar Paagang av Bulgaringar.
               
I Italia er Utriksministeren Corti, Krigsministeren Bruzzo og Marineministeren Brochetti gjengje utor Riksraadet.
 
Retting:Dei sidste Linorne i Stykket, "um Socialistlogi i det tydske Riksthinget" i fyrre Numret skal lyda so: "Dette Forslaget vart vedteket; likeins vart § 6 vedteken, slik som Nemndi hadde fyresleget, soleids at Tidsskrifter" o. s. fr.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum