Skule og Upplysning.

 
Smaa Skuletankar.
                              
(Sluten).
 
Eg slog paa det heruppe, at dette "Materiel"-Strævet syner fram ein Taatt av den officielle Skuletanken. Med all den Nytten det gjer, kann det vera verdt at sjaa etter, um det er ein god Tanke, det dreg etter seg. – Det heng no fyrst ihop med det, at Barnet skal sjaa og taka paa alt det, det lærer; det er denne tydske "Anschauung", som er komen i Mote. Folk vrid seg fælt med det her i Landet, og det hev 'kje fenget slik Magt, som det skal hava derute, men inn i Straumen er me komne. Det maa hava si Tid og laupa Lina ut, so det er mest raadlaust aa strida mot. Det kann setja av mangt godt og nyttelegt. Folk kjem nerare til Tanke um, koss eit Barn skal lærast, og det gjeng eit Drag gjenom denne Læremaaten, som nøyder til at taka Lærdomen meir endefram og skyneleg, og som dreg Læraren tidare ned av Kathedret. Millom dei gode Frukter kann Ein og reikna det, som her er upplyst, at Ein fær betre Skule-Tølur. – Men det er samstundes ymist, som eg fæler fyre i denne Læremaaten. Det er dette tjurre og tanke-kloke. Borni lærer seg til aa vita alt og kunna segja alt. Alt lærest so, at dei kann taka og peika paa det. Det er Sjaaing og Skyning og Tenkjing alt. – Dette tykst verta svært klaart, men kaldt og poesilaust. Barnet lærer t. D. aa fortelja so urimeleg greidt og visst og vent um Blomarne, koss dei er lagad, naar Ein riv deim sund, kor dei gror, og kvat Nytte, me hev av deim og – kor vene dei er. Men sovoret tykst mest vera ubarnsklegt! Det kann verta for mykjet av det.
               
Det er aa sjaa og vita, men litet av Kjensla. Det vert so lett nokot utvortes, mekanisk. Barnet lærer aa handfara Alting liksom etter ein viss Regel; i den er det upptamt. Soleids vert heile Skulen liksom ein Eksis. Og Læraren han er den store Eksermeistaren, som gjer det altsaman som etter "Reglementet". Berre han kann det og held seg til det, so gjeng det som det skal. Det vert difyr mykjet av det beste i honom, som Skulen inkje kann bruka; nokot av det djupaste innst i hass "Personlighed" ligg unyttat. Og difyr vantar det so titt Aand og Hjarta i Skulen. Læraren fær kje bruka det, og Born inkje helder. Det er borte det løyndomsfulle Band millom deim, som skulde gjera Skulen til ein Heim. I det ytre kann nog Tonen vera ven og godsleg, men han kviler kje paa sterk djup Grunn. – Læraren er eit Stykkje "Materiel", som skal hjelpa Borni til skyna mange Ting, men han kann vera glup til det utan at vera fyr deim den varme sterke gjilde Mannen, som dei liver Barne-Aari saman med i Hugnad og Gleda.
               
Dette Materielspursmaalet heng og ihop med det, at det er den "reale" Daningi, som hev Undertaket paa Folkeskulen. Fyrr var det mest berre Forklaarings-Trudom, "Folket" fekk; no skal det faa nokot meir; difyr fer dei til i Byar og Storbygder aa taka fraa Trulæra nokre Timar, og so kjem det reale Læregreiner istaden. Eg vil 'kje nemne Rekning, som er so nytteleg baade til aa læra tenkja av og til Livsbruk, men so er det Naturkunna. Det er kje Feil i, at denne Læregrein held paa aa taka Magti i Folkeskulen, jamsides med andre "nyttelege Ting". Lærar-Seminararne syner dette. Fyr nokot meir en eit halvt Tjug Aar sidan kom det sterkt fram her i landet, at Folkelærararne laut verta naturkunnige, og so varde det kje lengje, fyrr det vardt gjort Rom fyr det Kravet, og no trur eg dei les Naturkunna paa Seminaren, so dei myrder seg mest. Likeins er det væl paa Lærarskulane. Samstundes er Soga trengd tilsides. Etter Reglementet skal det nog inkje vera meir av Heimssoga en nokre Smaastubbar til aa upplysa "Fædrelandets og Kirkens Historie". Og her um Aaret, daa Storthinget vilde hava Oldnorsk inn paa Seminarom, svarad dei, at det var 'kje Rom, endaa Gutarne kjem dit mykje meir heimanlærde en fyrr. Legg Ein alt detta ihop, so kjem det ut den Summen, at i Folkeupplæringi vert "det reale" dreget fram, og "det humane" trengt tilleds.
               
Det er atter den tyske Skuletanken, me hev Tak i. Han er i dette Stykkje og den raadande hjaa oss. Baade det, Folkeskulen lærer Borni upp i, og Maaten, me tek det paa, lærer me etter det tyske Mønstret, um me en gjere nokre smaa Tillempningar. Denne nyare tyske Skulen kom so i Ropet her um Aaret; han fekk Æra baade fyr Sadova og Sèdan. Men tru han hev pløgt den Grunnen, der Sosialismen no gror so godt? - Eg veit inkje, men i Byar, som hev godt Ord fyr Folkeskularne sine (t. D. Berlin, Leipzig, Dresden) der er Sosialismen sterkaste. – Det er væl nog med alt dette Nyttelege, men det vert spelegt i Landet, fyrst det vantar Aand.                                    
d.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum