Rispur.

 
Der var eingong ein Husmann, som var so hard til aa rima, at det gjekk paa Rim alt det han sagde. Eingong kom det ein Sveitser, som var utsend til aa læra Bønderne aa ysta. Daa sagde han:
 
Her er nok ein Sveiser,
som er ute aa reiser,
men je har nok itte Mjølk,
liksom andre Folk,
men hadde'n kunnt yste 'taa berre Vatn,
skulde je hatt'n.
                                              
 
Hermingar. Ulikt er det, sagde Mannen: det er stødt dei rike, som hev fleste Pengarne.
Ulikt er det, sagde Kjeringi: sume Folk døyr, naar dei er unge, og andre liver all si Tid.
Kjem det, so kjem det alt paa ein gong, sagde Skræddaren, fekk ei gomol Brok aa bøta Joleftan.
                                              
 
Paa Upptaksprøva ved ein Seminarskule vart ein Gut spurt, kvat me skal gjera, naar me vert usams med nokon. Guten tagde. Læraren: "Minnest du ikkje kvat det stend: Naar din Broder - -?" "Naar din Broder har syndet mod dig, saa gak straks hen og bete dig for Presten!" ramsad Guten.
                                                                             
(Sannsegn.)
 
                                              
Ein Prest talad um det tapte Faar. Han tok til slik: "Har nogen af Eder set noget til et vildfarande Faar? her er et borte! har Ingen set det?" – "Der kom ein framande Sau te okko i Gaarkveld", sagde ei gomol Kona.                               
(Sannsegn fraa Listerfylke.)
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum