Notisar

 
Gaava. Brandkonstabel E. S. Lindset, som frelste dei tvo Borni ved Brunen i Schultze- garden (sjaa fyrre No), hev fengjet ein Sylvbikar og ei Bankbok paa 80 Krunur i Paaskyning. Gjevaren elder Gjerararne vil vera ukjende.
 
Ordnar. Fyrsteløytnant Flood, som var med i den siste Krigen og paa Slagmarki fekk den rumæniske Stjerneorden, hev no sidan fengjet Donau-Krossen.
 
"Peter Pavels Legat". Birgitte og Charlotte Pavels, Døter av Provst og Sokneprest i Gloppen Peter Pavels, hev gjevet 8000 Krunur til det nemnde Herad, der Far deira var Prest fraa 1801 til 1829. 12 Bønder og 8 Husmenn skal faa Renturne etter 4 %. Fær dei høgre Renta, skal faatøke Ekkjur og ugifte Gjentur faa det, som vert att.                
Ny Uppfinning. Jonas Fister i Ryfylke hev funnet upp ei ny Vaskegreida. Ho ser ut som ein Trompet, slit ikkje Klædi og skal hjelpa til aa faa Arbeidet skjott fraa Haandi. Inni er det ein Ventil som i ei Pumpa. Naar eit Klædeplagg vert lagt i Karet og Apparatet vert sett ned paa det og skjott dregjet upp att, kjem det inne i Røyren til aa verta eit lufttomt Rom, so Saapevatnetskjott trengjer upp igjenom Tyet og reinskar det.
 
Minnesmerke. Paa Gottland, der Kongen nyst vigde ein Jarnvegsstubb, hev ein Innsendar i det einaste Bladet paa Øyi fyreslegjet, at dei skal plante ei ung Eik fyr kvar Stolpe, der Fest-Pavillonen stod under Høgtidi, leggja ein stor Stein med Namn (Oskar II) og Aarstal (1878) paa den Staden, der Kongen stod, og ein liten Stein fyr kvar af Kongens Gjester. "Eit slikt simpelt Minnesmerke vil koma til aa tala til Etterkjømdi um den velsignade Freden og um ei fredeleg Gjerd fraa den fredsæle Kong Oskar II's Dagar", segjer Bladet.
 
Amtsskulen i Nordre Throndheims Fylke vert i Vinter halden paa Garden Holte i Skogn (fyrr i Verdalen, Beitstaden og Inderøyi). 38 Gutar. Mange av Bygdarfolket møtte fram ved Opningi.
               
Brennevinsforbruket i Kristiania fyr 1879 er sett til 1,100,000 Pottur, i Eikersund til 36,000 Pottur.
 
Seld Gard. Yverlærar Holth hev selt Garden sin, Marienborg ved Eidsbotnen nær Levanger, fyr 29,000 Krunur.
 
1400 Mill. Rubler (4000 Mill. Krunor) er Krigsskadeboti, som Turkiet hev aa greida til Russland etter Berlinsemja. Det er likvel berre 200 Mill. Rub., som skal verta avgjorde i Pengar; fyr dei atterstandande 1200 Mill. skal Russland faa Land. Attaat dei 200 Mill. maa Turkiet ut med ½ Mill. Franks til aa reinska upp Donau-Elvi.
 
Amerikansk Høgbrot. Præsident Hayes var nyst ved Gettysburg, der ein stor Bardage stod i den siste Krig. Præsidenten stod i ei Vogn, og ein Øverst gav honom Underretning um Slagets Gang. So kom det ein gamal Postførar køyrande og ropte: "Lat meg koma fram!" Nokre Borgarar gjorde seg um aa faa honom til aa venta, daa det var Præsidentens Vogn, som stod i Vegen. Daa Postføraren høyrde det, svarade han: "Eg bryd meg F. um, kven det er: eg hev aa forda Posten fram, og køyrer han ikkje utor Vegen, køyrer eg Vogni og Mannen i Knas!" Præsidenten laut tokka seg undan. Men han sagde lognt: "Eg maa tala med General-Postmeisteren um Mannen; han røkter Yrkjet sitt som ein Ovkar." Ei Vika etter var Postføraren Postmeistar.
               
Røvarar. Ein Godseigar Magini fraa Sorano (Italia), er fangad av Røvarar; dei krev 25,000 Lire (Franks) i Løysepengar.
 
Bisp Dupanloup let etter seg berre 40,000 Franks; deim skal Sonen aat Du Boges faa; Bispen do paa Godset aat Du Boges. Liksom Halvdan Svarte skal Liket hans sundlemast: Hjartat skal gøymast i Saint Felix, Bispens Fødestad. Elles skal han gravleggjast i Kathedralkyrkja i Orleans.
 
Dei 10,000 Franks, som Bankarne i Stockholm sette som Løn fyr aa fakka Falsknaren de Grüytters, hev Tenaren paa det Hotel i Bremen, der de G. budde, fengjet; han heiter Mebius. Ein Portnar, som ogso vilde have Pengarne, fekk ein lang Nase.
               
Stor Buskap. Samuel V. Allan i Texas (Amerika) eig 225,000 Naut, og til aa gjæta deim held han 400 Hyrdingar med 3,000 Hestar; hans Beitemarker er 338,000 Kvadrat Kilometer store.
 
Ein Storsnut. Ein Skræddar tok seg nyst ein Tur gjenom Djurgården i Stockholm saman med Kona si. Dei møtte ein ung Laps. Skræddaren helsade. Lapsen iddest ikkje sjaa paa honom. "Det var daa underlegt", sagde Skræddar-Kona; "hev du gjort honom nokot?" "Ja, ein Klædning til 150 Kr., som han ikkje hev betalt", svarade Skræddaren.
 
Vinhausten i Ungarn hev voret uvanleg rik. Slik Vinavl hev dei ikkje havt sidan 1834. Tunnurne hev vortet ein dyr Vare og kostar meir enn Vinen.
 
Glasgov-Banken hev ei Underbalans av 93 Mill. Krunur, og derattaat er 202 Mill. i Grunnkapital og Reservefond burtkomne. Det er Uppspil, som det er Mun i. Solengje Heimen hev havt Bankar, hev ikkje slikt hendt, vert det sagt. Det er Stuld, Svik og Fals paa alle Kantar. Og det er ikkje i Amerika helder!
 
Afrika-Ferdamann. Den franske Løytnant Semelle var saman med Belgiaren Burdo paa ei Ferd gjenom Afrika fraa Vest mot Aust; den fyrste er no daaen. Det var deira Maal aa etterrøkja Landskapet millom Tshad-Sjoen i Nord, Atlanterhavet i Vest, Kongo i Sud og dei store Sjoar i Aust. – Det geografiske Samlag i Paris hev fengjet i Stand eit Kart paa 4 Kvadrat Meters Storleik, som viser alle Afrika-Ferder i Upptekkjings-Augnemed fraa 1754 til Stanley. Talet paa Upptekkjarar er 121, derav 42 Franskmenn.
 
Zulu-Missionen. Bisp Schreuder held seg enno paa Entumeni. Han hev vitjat Kongen fyr aa faa honom til aa kalla dei andre norske Missionærar tilbaka, men Kongen vilde ikkje. Paa tvo Stationar hev Zuluarne gjort Herverk.
 
Amerikansk Flesk. I Witten (Tydskland) fann dei tvo Sidur, som var fulle av Trikinar. No vert ikkje Flesk fraa Amerika selt i Tydskland, fyrr det er undersøkt med Mikroskap.
 
Daane. Soknepresten i Skonevik (Sud-Hordaland) Peter Bugge, 34 Aar gamal, fyrr Kateket i Vatsøy, - Kand. Johan Grieg, Skuleinspektør i Kristianssand, 33 Aar. – Konsul Arthur Kohmann i Bergen.
 
Det er ikkje sannt, at dei Innfødde paa Ny-Zealandhev sleget i Hel og etet upp 5 Missionærar.
 
Professor Seeley i London held i denne Tid nokre zoologiske Fyredrag. Han paaviser med stor Lærdom, korleids t. D. Krokodillen, Turtelduva og Ormen gjeng yver i kvarandre, med di han utfyller Holi millom deim med utdøydde Dyrslag.
 
Kleopatra-Naali, som nyst er uppsett i London, skal ikkje standa traust nog. Dei hev Døme paa, at Orkanar hev blaaset so hardt, at dei gjev eit Trykk paa kvar Kvadratfot av 117 Pund, men Kleopatra-Naali toler ikkje meir enn 90 Pund.
 
Felice Dupanloup hadde lengje fyrr han døydde fengjet sin Etterfylgjar paa Bispestolen i Orleans; det er Abbé Pierre Hector Couille, som den 10 Okt. 1876 av Paven vart utnemd til Bisp av Sidon og i "Voni" til Bisp av Orleans.
 
Ein Fik. Ei Kona i Bryssel klagade yver, at ho hadde fengjet ein Øyrefik av ein Arbeidsmann paa Gata. "Korleids gav han Dykk den Fiken"? spurde Politimannen. "Soleids"! svarade Kona og dreiv til Politimannen av all magt, so han ragade. Han til Politimeistaren, men Kona slapp fraa Tiltale fyr detta.
 
Myntbruk. Den tydske Mark vert nyttat av 43 Mill., den austrikske Gylden av 36 Mill., den britiske Sovereignen av 35 Mill., Franken av 77 Mill., Sylvdollaren av 521 Mill. (Kina medteket) Gulldollaren av 80 Mill. Menneskjur.
 
Elektriskt Ljos. I Wien er det tilskipat eit Samlag med stor Grunnkapital til aa upplysa Gaturne med elektrisk Ljos, og Jarnvegsstyret gjerer Freistnadar med aa upplysa Stationar og Linestykke paa same Maaten, etter at Marcusog Egger hev uppfunnet ein elektrisk Lampe. – I Bremen vil dei innføra elektriske Lampar paa Fordings- og Bukserings-Eimskipi paa Ober-Weser og derved gjera det moglegt aa arbeida um Vetrnotti. – I London vil dei upplysa heile Viktoria Embankment paa den nørdre Sida av Themsen og likeins Waterloo Bridge med elektrisk Ljos. Société générale d'Elektricité i Paris skal skaffa elektrisk Batteri, 20 Lampar og andre Innrettningar.
 
Metrolpoliten (Bispen) i Saloniki, Joakim, kjend som stor Russestend, er vald til økumenisk Patriark og heiter Joakim den Tridje.
 
Post-Sparekassarne i England. I 1867 var den innsette Kapital 9 ¾ Mill. £, no er han 28 ¾ Mill. Mange trudde, at desse Kassar vilde koma til aa skada dei aalmenne Sparebankar, men ogso desse hev gjenget fram i dei siste 10 Aar; der stend no i deim 44 ½ Mill. £.; i 1867 berre 36 ½ Mill. Hjaa oss finnst ikkje Post-Sparekassar.
 
Domar. Den øvste Kriminalrett i Birnbaum hev dømt Kardinal Ledochowski fyr Brot mot Mailogjerne til ei Bot av 15,000 Riksmark elder Fengsl i 2 Aar og fyr Ukvæmsord mot Yverpræsident Günther til Fengsl i 2 Maanadar. – Karl Plouger av den danske Høgsterett dømt i ei Bot av 100 Krunur fyr Ærekrenkjingar i "Fædrelandet" mot Dr. Georg Brandes.
 
Til Rom er komet spanske Pilegrimar, i Tal 2000
 
I Hamni i New-York laag den 7de Septbr. 138 norske Skip.
 
Den fordrivne Kongen av Oude (Judia) er paa Ferd til London og vil beda um Løyve til aa reisa heim. Han vil verta gravlagd (elder brend) i India. Dei Pengar, som stend i "the Bank of England" tilbyd han som Borgen fyr, at han ikkje vil gjera Uppreist paa nytt.
 
Negrarne hev gjort Uppreist ved Waterproof i Louisiana.
 
Hovdingen Habieb Abdul-Rahman i Atshin (Afrika) hev den 13de Oktbr. gjort Semja med Hollendararne.
 
Jarnvegen fraa Kotri til Multan i Indusdalen er no opnad, so Ein kann reisa med Jarnveg heilt fraa Kurrachee til Lahore.
 
Eit Minnesmerke yver Professor i Upsala Karl Säve, "reist av Frender, Vener og Lærlingar", vart sin Maandag avslørat. Säve var ein aagjæt Vitenskapsmann i Maalkunna og Soga.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum