Livet paa Moen.

 
Det er fælt litet me høyrer gjete fraa desse Ekserplassarne; det einaste kann vera eit og annat Stykkje um Slagsmaal og Øldrikking og dilikt, men hellest høyrer Ein litet um, hossi det gjeng til. Men Folk burde faa vita nokot um det.
               
Eg hev høyrt mange segja, at desse "Leirsamlingar" er fælande gagnlege, soleids til aa læra upp Bondegutar og Heimalingar i baade det eine og det andre som godt er; der lærer dei "Folkeskik, Renlighed, Orden, Punktlighed, god Holdning, Lydighed mod Foresatte" – aa ja, d'er so utruleg mykje, so eg kann ikkje rekna upp det halve. Men no skal du høyra, hoss det er, og kvat eg trur um all denne Stasen.
               
Naar desse stakkars Unggutarne er bisnad og glodde paa bak og framme, vegne og mælte og ikkje funne for lette, so kjem dei daa paa Moen og fær sine "Uniformer" med "blanke Knappar og raude Render" og dreg dei paa seg. Men trur du dei er heile? nei, fillutte er dei, so det sleng og slafsar baade framme og bak. Detta er "Orden" daa maa du vita. "Ja du lyt bøta!" meiner Sjersanten; men huttetu, segj' eg! passa deg Gut! for ser du desse Klædi altfor gløgt etter i Saumarne, som det heiter, so trur eg snaudt du hev godt av det; for du veit ikkje kvat der "bur" der. Detta er no "Reinskapen", skal du vita. –
               
No er dei daa "Militære" fraa Topp og til Taa, og fine Karar er det, Skam fyr den som negtar det! Det er sume, som er upphengde i Kufta og held i Broki, og som hev Sko so store, at dei makleg kunde gjera iallfall halvt høgre um inni dei; men detta er nok au "Orden" og "Punktlighed." Men so maa den "militære Holdning" koma. Og der hev me daa "Korpralen", som gjeng og skrik paa, at "Maven skal ind og Brystet ud!" Han gjeng og briskar og bretter seg framfyr "Jeledet" og er slik Kar, at det er reint mykje (helst naar han er full), og paa den Maaten set han slik Stegg og Age i Gutarne, at dei trur det maa vera ein Ovkar reint. Dei stramar og strekkjer seg det beste dei vinn; men det er berre i Smalryggjen dei vert lite kjeike; Krylen sin hev dei det sama. Ja, dei stramar seg og strekkjer seg, so dei vert so stive og saare i kvar Leden og so sundmaka' paa Hælsinarne, at dei snaudt orkar rugga og ganga, naar dei skal leggja seg um Kvelden. Men paa den Maaten lærer dei "god Holdning."
               
Um Notti vert dei stuva' ihop so mange som det er Raad med inni eit Tjeld, og fullt er der, som Sild i ei Tunna, baade med Folk og – andre Skapningar. Detta er au "Orden" og "Folke- skikk", ser du. So søv dei, og drøymer um Korporalen, og tykjer han skrik endaa styggare enn um Dagen; men Klokka 5 maa dei upp. Dei er væl mest likso sømnuge som daa dei la' seg; men "dæ hjelper kje Bøn fe Dauen aa inkje Pengar fe Saligheit", og upp maa dei. Daa er "Kaffien" ferdug. Det er mange Slag Kaffi i Verdi; den me fæ paa Moen er Bas. Det er "Søyleblande", utan annan Fløyte og Sukker enn dei Sprakkarne og Sprettanne 1), som er i det Vatnet dei kokar 'n i; men du bergar deg utruleg med det au, for der er nok av dei! Det hev eg daa sjav set, so Ingen tarv segja eg lyg. Men detta er au "Renlighed", skynar du.
               
Ja den Korporalen, ja. Han kann ikkje mykje; men tri Ting kann han: skrika, banna og drikka Tvoskjelingsdrammar innpaa Brennevins-"Sjappa", og det kann han til Gagns. Men merkjer han, at han hev med Folk aa gjera, som stend yver honom i Daning, so kann du tru han veit aa bruka den vesle Magti si! – Du veit det er ikkje alle som er slike. Men det er mange av dei. Og det er dei, som skal læra Gutarne "Folkeskikk", maatru! Jaumen vert det "Folkeskikk" av det.
               
Sume trur, at der skal vera slik ei Helsebot i detta Ekser-Livet. Det var ein gamall Komedersjersant, som stod so stødt paa, at hadde han ikkje voret Militær, so hadde han voret daud fyr 20 Aar sidan! – Men naar du um Dagen skal baska paa og eksera med full Pakning i ein Verme paa 20 til 28 Grader, so alle dine Klæde vert so vaate som dei var dregne utor Bekkjen, og so du um Notti skal anten standa paa Vakt i 3-4 Graders Kulde hell au liggja og frjosa inni Tjeldi paa berre marki i den vaate Skjurta, daa trur eg helder, at du døyr 20 Aar snarare, enn at du liver 20 Aar lenger.
               
Ja detta er fælt! Tru det ikkje kunde vera likare? Jau, eg vil tru det. Eg tenkjer Landet kunde trengja alle dei mange Tusund og Millionar Dalarne til annat enn til aa kasta dei burt slik i denne Meiningsløysa og Griseskapen. Det er reint grøtelegt, at me skal vera so narrelege; naar Ein som eg hev set Herstellet i dei store Rike og set, kor godt stellt det er, daa fyrst ser Ein, at detta ber burt i Skoddi, og Ein lyt mest læ aat desse vaare gode Folk, som strævar og vil vera med i alt, men ikkje orkar anten klæ' hell fø' sine Folk. Og kor langt kjem me paa denne Maaten? Kvat duger denne Heren vaar til? Kvat meiner du Bismarck elder Moltke og slike Karar reknar denne Heren fyre, naar dei "veg Folki sin Lagnad i Haandi si", som det heiter? – Og so alt som det kostar aa halda eit slikt Herstell. Ikkje nok med alle dei Millionar, som Staten legg ut beintfram; dei "indirekte" Tap er endaa større. No er det 12000 Mann. Rekna so 2 Kr. i Dagløn fyr kvar av dei og sjaa, kvat du fær ut! Mange sit med Kjering og Ungar heime og kann ofta hava eit litet Bruk au; men heile Aannetidi maa dei liggja burte og ingenting gjera, annat gjera Ende paa dei Skjelingarne dei kann faa i; - for dei som tener Kongen, fær nok ikkje rar Løni, og eg trur ikkje, at nokon Kongens Tenar no kann rosa seg av aa vera "feit um Hjarterøterne", som Thormod Kolbrunarskald sagde. Og um enn Kongens Tenarar no er mindre ute fyr Livsfaare enn Olavs Menn var, so er det daa mange, som fær Mein paa Helsa si av denne "militære" Livemaaten; det hev eg baade høyrt av andre og røynt sjølv, og det er daa ikkje til Gagn fyr nokon.
               
- Nei, eg trur, at det kunde gjerast paa ein annan Maate, som var baade billegare og betre. Daa skulde kvar Mann (det var det sama um han hadde flat Fot hell Krokfing) halda seg ei god Byrse etter nyaste Moten, og so eit visst Tal mæ Patronur. Ein Sjersant kunde daa taka dei eit Tak i Skjoting og Eksis heime i Bygdi so ei 3 Vikur paa Lag kvar Vaar: so kunde dei t. D. trediekvart Aar samla heile Bataljonen til Mynstring. Detta vilde spara uhorveleg med Pengar. Og endaa vilde me faa ein likso god Her, og væl so det; for skjota er no Hovudsaki lell. Til aa forsvara detta Landet treng me ikkje alle desse lange "Gardistar", stive og harde som Gardstaurar, so som den gamle preussiske Korporal-Kongen vilde hava dei. Me treng dei ikkje; og dei toler 'kje meir enn ei Kula dei held.
               
Men ei slik Umbot av heile vaart Herstell treng Tid, veit eg. Me lyt væl enno kasta burt nokre Millionar, fyrr Folk finn, at det er rett aa gjera nokot. Me maa "sova paa" slikt, ser du. Men der var no mange mindre Ting, som Ein strakst kunde retta. Eg vil berre nemna Eit: det, at alle skal eksera like lengje. Dersom Ein sagde til Ungguten: so snart du hev lært dine Ting, skal du sleppa fyr i Aar! so var visst det den beste Maaten aa venja Folk av med aa fuska. Og Ein kunde spara inn mykje Tid og Arbeidskraft berre med det.
               
Tenk paa Herstellet ditt, du norske Folk og Storthing! Du veit ikkje sjølv, kor vanhjelpt du er med det som no er.                                     
1) Smaae Vatsdyr.
 
S. A.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum