Kristiania, den 25de Oktober 1878.

 
Sinnssjuke-Statistiken fyr 1877 er nyleg utkomen. Etter den tek me inn i Bladet desse Tal: Ved Sluten av Aaret laag i Asyl (Riks-Asyli paa Gaustad i Aker og Rotvoll i Strindi, Kommune-og Privat-Asyli i Kristiania, Oslo, Kristianssand, Stavanger, Bergen – Byens, Rosenbergs, Møllendals – og Throndheim 550 sinnssjuke Menn og 511 sinnssjuke Kvinnur, tilsaman 1061; av deim var i Gaustads og Rotvoll Riks-Asyl 522. Det innkom det nemnde Aar 598, utgjekk 499 og do 68. Som heilbrigde vart utskrivne 195, som uheilbrigde 304, men av deim var i Betring 139. Av dei 1061, som laag att i Asyl den 31te Decbr. 1877, var 894 for faatøke til sjølv aa greida Utgifterne ved deira Upphelde. Av dei 598 Innlagde var fraa Byar i Noreg 193, fraa Bygder 398, fraa Utlandet 5, ukjend Heimstad 2. Etter borgarleg Stelling vert dei uppførde soleids: Bonde-, Husmanns- og Inderstfolk 254, Dagarbeids- og Tenestefolk 159, Handverksfolk 60, Kaupmanns- og Borgarfolk 32, Embættsfolk (derunder "andre Funktionærer") 32, Sjofolk 28, Lægdsfolk og Andre 33, tilsaman 598. Av dei Innlagde var ugifte 67. 5 – derav Ekkjur 5. 9 og Ekkjemenn 2. 8 – og gifte 32. 5av Hundrad. Som Grunn til Sjukdomen vert uppførd fyr dei i 1877 innlagde: Arv (arvelegt Anlæg) 156, Drukkenskap 38, Trudomstvil 26, Usedugskap 43, saare Sinnsinntrykk 75, ulukkeleg Kjærleik 13, Kvendesjukdomar 40, andre, meir sjeldne Grunnar av ymse Slag 48, ukjende Grunnar 159. Um Statistiken maa me segja, at naar han Inkje upplyser um Tilstandet i dei fyrre Aari, er han ikkje so god som ynskjelegt kunde vera. Han burde ogso medtaka dei Sinnssjuke utanfyr Asyl, so Ein i detta Verket hadde alle Upplysningar um denne Sjukdom. Soleids gjerer dei med Statistiken yver dei Spitelske, og det same kunde gjerast her, naar det var rett Skikk paa det.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum