Fraa Gudbrandsdalen. (Brev).

 
Dei knappe Tider og dei laake Aar hev lagt ein djup Svevn yver Folkelivet her uppe baade i "kommunal" og "sosial" Mening. No vonar me do, det vil lagast att. Me hev fengjet eit godt Aar, og det gjere trast Forandring i Vilkori aat Bonden.
               
Med Skulesaki hev det likevel gjenget fram i desse laake Aar, og det i merkjeleg Mun. Men so er det vel au faae Stader i Landet som hev so mange "Kulturmagter" i Gang, som me hev. Og me hev bygt Skulehus til Skularne i alle Bygder, og Jordveger kauper me so fort me vinn. Difyr fær me og duglege Lærarar paa dei fleste Stader. Nokot til atters stend me vel altid med Avsyn paa Skulegreidur, men det kjem seg vel etter kvart.
               
Med alt detta er Upplysningi ikkje so god elder so aaljamn, som Ein kunde venta. Kven vil soleids vel tru, at det t. D. i Ringebu finst Skulekrinsar med fleire Ungdomar paa yver 20 Aar, som ikkje hev gjenget fyr Presten! Og endaa er detta den reine Sanning. Men me vil trøsta oss med di, at det er "han Far" si eigi Skuld. Dersom han hadde viljat gjort nokot fyr dei Folk, er eg viss paa, han hadde fengjet Hjelp hjaa Husfederne i Bygdi. Men han hev vel funnet, at det var best aa spara dei fyr Bry og Kostnad, og paa den Maaten veks det upp ein Flokk Heidningar aa kalla fyre, utan baade Kunskap og Kristendom.
               
Som alle skikkelege Folk hev me au ein "Amtsskule". Han er godt søkt og verkar gildt, daa han hev duglege Lærarar, segjer dei. Eg kjenner dei inkje.
               
Det er huglegt aa vita, at dei i vaare Dagar er so viljuge til aa ofra fyr Upplysning og Skular. Det er eit gildt Syn aa sjaa Folk paa denne Maaten "byggja sitt Land", og eg vil segja, at faae Folk fortener so stor Ros som dei, som paa ærleg Maate arbeider fyr detta Verket. Men det er ikkje altid den høvelegaste Løni, desse Folk fær. Eg vil her berre nemna Kristofer Bruun. Heilt og haldent hev han fyr mange Aar sidan ofrat seg fyr Folkeupplysningi; med Tap av eigi Velferd hev han drivet ein Skule, som ikkje aaleine hev voret god fyr Ungdomen, men som au hev verkat framifraa godt paa Aalmugskulen, - og likevel vart denne Mannen negtad Tilskot til Skulen sin. Kanskje tenkte dei gode Kaksarne, at dei paa den Maaten skulde faa fraa seg den Mannen, som var so leid til aa ruska upp i all den Vesallskapen og Stakkarsdomen hjaa Prestarne og dei andre, som stod som Verjur fyr Skulen, Men daa var Trui deira likso laak som deira Verjing og Dyrking av Skulen ofta er.
               
Prestarne hev hellest ikkje den Magt yver Lærararne som fyrr. Lærararne prøver, so godt dei kann, aa vera sjølvstendige, iallfall naar dei duger nokot. Og paa vaare Kantar hev Folk alt lagt Merke til, at det ikkje just er dei beste Lærarar dei, som "sleiker seg" hjaa Presten. Tvert imot er desse ofta dei laakaste og i aandeleg Meining tomaste. Men "Autoriteten" hev fulla eit annat Syn paa denne Ting. Fyr ei Tid sidan skulde dei innsetja ein Skulemeister i Øyer; millom dei, som hadde søkt, var ein dugeleg Seminarist or sjølve Bygdi. Dei andre vilde hava honom; men Presten (Breien)var rædd denne Mannen, av di at han hadde – voret paa Vonheim og høyrt Bruuns Fyredrag.
               
Det er mange til meg som hev ynskt, at Bruuns Skule maatte flytja ikring like eins som Amtsskulen. Men det er væl faafengt aa tala om den Tingen. Visst er det, at der daa vilde verta eit nytt Liv allstad der Skulen kom, og likso visst er det, at Prestarne daa ikkje kunde halda seg so likesæle um den Skulen, som dei no altfor ofta gjera.
 
Heimdal.
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum