"Paa Hjemveien".

 
[Del 3 av 4. Fyrste delen.]
 
II.
 
Dette Stykket hans Alexander Kjelland er ikkje større enn at det fær Rom paa 10 Blad i Tidsskrifti. Men so er her helder ikkje ein Setning, som ikkje inneheld eitkvart vekkjande fyr Vit hell fyr Hjarta. Det er eit Stykkje Mannsliv, han lyser upp i, og det gjer han nokot paa same Maaten som Eldingen blenkjer upp i ei kolsvart Nott.
 
Fru Worm, eit framifraa hugsterkt og hug-reint Kvende, er gift med ein Kaupmann, som hev gjort Svik (skrivet falske Namn), og som difyr er komen paa Tukthuset. Sjølv sit ho heime med sine tri Born med berre Skuldi og Skammi aa liva taa. Men ho tek til aa arbeida, saumar og strævar og arbeider seg upp ein heil Forretning, so ho baade greider seg sjølv og betalar Mannens Skuld. Ein vert i Fyrstunne mest rædd denne Fru Worm; ho høyrest so hard og kald. Denne Kvelden her sit ho som vanleg aa saumar; Mannen hennar er just ventande heimatt fraa Tukthuset. No vil Dotter hennar, Anna, og Kandidaten, Anna's Festemann, at ho skal fylgja dei ut paa Bryggja aa taka imot Mannen. Men ho vil ikkje. Og naar dei paa vanleg Maate med varlege og mildlagde Ord prøver aa gjøyma burt alt det, som maa vera henne saart aa høyra og minnast, so nemner ho sjølv med fast Mæle dei tunge Ordi som dei andre vil løyna -: "Tukthuset", "Logbrotsmannen", "lausgjeven Straffange" og meir slikt; heil Sanning skal der vera i alt, um ho enn er aldri so saar. Ho hev i den lange Ventetidi tenkt igjenom mangt av det, som er rangt og rotet i Samfundet ikring henne; ho hev gjort seg sine Meiningar klaart og heilt upp utan aa bøygja av fraa det som kjendest saart; og det, ho sjølv hev røynt, hev lært henna aa sjaa, "kvat det hev paa seg aa vera ein Manns Kona i detta Landet. Detta lange einslege Livet saman med desse Tankar, hev liksom herdt henne. "Naar Ein i lang Tid", segjer ho, "hev brukt all si Magt paa aa utgrunna og gjenomtenkja ei einaste Sak, daa vert den endelege Yvervitning liksom ein vælmurad Festning, og Tankarne legg seg tilrettes liksom skarpslipte Vaapen." Men Ein merker likevæl snart, at der er eit Hjarta under Klaarskapen og den ytre Hardleik, og det eit varmt og rikt eit. "Tru meg, Born!" segjer ho, "eg treng heile mi Kraft til den Striden eg no gjeng til Møtes." Det, som argar henne, er, at Mannen, Brotsmannen, no skal koma heim, radt fraa Tukthuset til henne, og, utan Anger og Skam, med logleg Rett, kunna krevja aa taka Styret yver det Hus og det Yrkje, ho sjølv med sitt ærlege Stræv hev bygt; var han ein heilt ut ærleg Mann, ein Mann, som i sann Anger hadde reist seg fraa sitt djupe Fall, "daa stod mitt Hus og Hjarta honom opet"; men det er just det, han ikkje kann vera, naar han slik kjem drivande ende fraa Tukthuset og heim til henne. Og ho veit det av Brevi hans med.
               
Dei andre gjeng paa Bryggja. Alle "gode Menn" i den vesle Byen, endaa til Presten og Byfuten, tevlast um aa te seg "nedlatande" mot den stakkars Brotsmannen. Men Fru Worm sit heime og syr.
               
No kjem Worm inn gjenom Døri. Han gjeng beint fram mot Kona si med vidopne Armar: "O, Marie! endelig har jeg dig igjen!" – Men ho dreg seg ifraa. Ho hadde endaa havt som ei Von um, at han kunde koma som ein angrande, skamfull Mann, med Bøn meir enn med Krav; men den Voni er no sviki. Ho er harm og uppøst i heile sin grunnsanne og grunnærlege Natur yver, at Kvinna ikkje skal vera ein meir mætande Skapning, enn at ein slik Mann skal vaaga aa bjoda seg fram fyr henne paa denne Maaten. Men han vert vond, talar som han var i sin fulle Rett, og meiner paa, at Brotet hans ikkje er so stort, som ho vil gjera det til, og at han i Grunnen ikkje er verre han enn alle desse andre, som no gjeng fyr skikkelege Folk. Ho fortel honom daa, at ho hev arbeidt upp ein heil ny Forretning, større enn hans var, at ho hev greidt heile hans Skuld, og at ho endaa hev Pengar tilovers, og "- det mest vigtige! - du skal ikkje kunna finna den minste Flekk hell Skugge ved min Forretning fraa fyrste Dagen av og til i Dag". Han vert upp i Undring. "Naa, væl!" segjer Frua, "synest du no – berre naar du tek det paa rein Forretningsvis – synest du det er som det skal vera, at du stig ende fraa Tukthuset inn i ein slik Forretning som naturleg Medeigar, ja – etter vaare Logjer – endaa til som den, som hev det øvste Styret?" Worm mjuknar. "Nei, - men - -". "Kann du ikkje au tenkja deg, kor innerleg tungt det maa vera fyr Kona di aa sjaa deg koma att fraa Straff og Jammersdom utan aa ha lært annat enn det, at Kunsten aa vera ærleg ligg i – aa vera litegrand meir sløg og varsam!" Worm sig reint ihop. "Jau, jau, Marie, du hev Rett", segjer han. Lenger uti segjer Frua: "Men enno er ikkje alt tapt. Eg hev set ein Glimt av din gode Natur; endaa kann Angeren . . . For du hev ikkje angrat! hadde du angrat i Sorg og Skam, so var eg den siste i Verdi, du hadde komet til. I den burtaste Kraai paa Jordi hadde du gjøymt deg, og voret glad du hadde i Løynd tort stræva fyr dei, som du so styggjeleg hev sviket og urettat. Og naar du daa kjende deg so laak, at du ikkje kunde tenkja paa dei skuldlause Borni dine og den ærlege Kona di utan aa raudna, naar du knapt vaagad senda meg det du tente i Saknad og Slit - daa vilde eg samla den vesle Flokken min og skunda avstad yver Land og Hav, gjenom dei staakande Byar og den yrjande Mannheim, til deg, til deg, du kjære min Mann!" Worm sig i Kne og bed henne um Tilgjeving; ho tilgjev honom av heile sin varme Hug. Og daa han gjeng, og den vesle Son deira, Otto, spyr: "Mor! skal han no fara fraa oss att!" so svarar ho: "Nei, Guten min! No er Faer din - paa Heimvegjen".                    
 
 

 

Frå Fedraheimen 26.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum