Utlandet.

 
I Fredagsmøtet i det tydske Riksthing vart det vedteket eit Forslag av den gamle Arbeidaren Schulze-Delitzsch um, at dei Arbeidarsamlag, som var skipade av honom, ikkje skulde koma inn under Socialistlogi. § 5, som handlar um Uppløysning av Samlingar, Festgongor o. dil., vekkte eit Ordkast, som rakk radt utigjenom Laurdagsmøtet eit Stykkje. Eit Forslag um, at dei Forbod, som var uppsette i denna Paragrafen, ikkje skulde gjelda fyr valmøte, vart ratat. Hovudtalaren den Dagen var den nationaliberale Thingmannen Bamberger. Han forsvarad § 6, som segjer, at socialistiske Skrifter, som sigtar til aa kollstøyta Samfundsskipnaden paa ein Maate, som er faarleg fyr den aalmenne Fred, skal verta forbodne. Um dei tok denne Logi, sagde han, so stod dei enno paa Grunnen aat den aalmennelege Rett; for det var, som Windthorst hadde sagt: Logi lagde ikkje ei Snara um Halsen paa alle. Det var Socialdemokratiet, som var aa lasta, for det var det, som dreiv Loggjevararne inn paa Attergangsvegen og skjemde ut Logerne. Han skuldad Centrum fyr aa hava gjort Samlag med Socialdemokratarne. Han visste det var ei Log, som var kvidesam aa paa ganga, men Umstandi nøydde deim til det. Det var aa velja millom Regjeringi og Socialistlogi gjenomførd ved Regjeringi paa den eine Sida og den grenselause Utbreiding av Socialdemokratiet paa hi. Forkastad dei Logi, so sagde dei samstundes, at Socialdemokratiet ikkje hyste Faarar fyr Riket. Deretter talad han um dei Sambundne, Socialdemokratiet hadde. Det var ei Avart av Socialdemokratiet, som stend i Samband med Børsen, som um Morgonen syg seg mett ved Brjostet aat Kapitalen og um Kvelden dryfter Arbeidarspursmaal med Arbeidararne, denna merkverduge Blandingi av Pomade (Haarsalve) og Petroleum. Dernæst var det den vitenskaplege Socialisme, som og hadde havt stor Innverknad paa Meiningarne aat Nationen. "Eg tek uppatt – so sluttad han – at eg røystar fyr Logi med stor Eving, men eg gjer det, fyrdi eg ynskjer, at ho skal standa som eit Minnesmerkje um, kor faarleg den Leiken hev voret, som Vitenskapen, Livet, Regjeringi, stutt sagt heile Landslyden hadde gjevet seg inn i, daa han hadde seg ut paa denna Gletta! Den strævsame og trottuge Borgar hjaa oss er so gjenombarkad med socialdemokratiske Lærdomar, at han tykjer, han sjølv er ein stor Syndar, naar han brukar sin Eigdom; eg vonar, at denne Logi skal gjeva honom att Sjølvmedvitet sitt". Møtet sluttad med det, at Windthorst ropad ut, at Bamberger si Ording um, at Centrum hadde gjort Samlag med Socialdemokratiet, var ei viteleg Lygn, som Regjeringi og Bladi aat alle Parti spreidde ut. Han vart talad til rettes av Formannen, men ordad um, at Formannen gjekk utum sin Rett. Seinare er Logi vedteki utan store Avbrigde i Nemndeforslaget; soleids ogso den Paragrafen, som segjer, at Logi skal gjelda til 31te Marts 1881.
 
I Danmark er Thingi samlade. Til Landsthinget var det ein Deil nye Val i Haust, men dei hev ikkje forandrat Partistellingi. I Folkethinget er det framleides Usemja millom dei tvo Vinstrekløyvingarne. Ministeriet og Høgre ser paa og tek Vinningi.
 
Heradsthingi i 29 franskeDepartement (Amt, Fylke) er samankallade til aa velja Valmenner til dei 75 nye Senatorval, som skal ganga fyr seg den 5te Januar 1879. Gambetta hev haldet ei Tale um desse Val paa ein Fest, som vart gjeven fyr honom i Grenoble den 10de Oktober. Han talad um, at Senatet maatte ikkje vera ei Hindring, ein Mur som Folkehavet slo seg sund imot; det skulde vera ei stor Samling, som Nationen tryggt studde seg til, fyrdi ho var Kjøt av hans Kjøt og Blod av hans Blod. Han var ved aa spaa i slike Høve; han spaadde no, at Fristyresmennerne ved desse Vali vilde vinna eit Yvertal paa 20 Røyster. Alt vilde ganga vel, naar berre Veljararne vilde slaa fraa seg alle Smaaspursmaal. Landet hadde gjevet eit stort Fyredøme; det hadde vist slik Visdom og Samnad, at dei Framande ropar ut: Kvat er det fyr eit nytt Frankrike, den aalmenne Røysterett hev skapt! Dette Land, som syntes so letthugat, so lettfløygt, hev vortet strævsamt, velskipat og moralskt meir enn nokot annat Land i Verdi. Republiken var fødd med harde Rider og burde hausta Vinningi av det Verk, han hadde gjort. Han hadde reist Frankrike uppatt og vunnet Agting og Undring av alle Folk. I Medvit um sin Rett, viss paa sin Politik, fyrdi det sjølv styrer 'n, kann Frankrike offra seg til Utbytting av Landsens Rikdomar og til Uppaling av sine Born; denne Utgangen stod no berre paa Heradsthingi.

 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum