Suldal i Ryfylke (brev).

 
Ein Mann paa Foss var med Son sin ute og minte ("minerede"). Dei heldt paa og ladde; daa det var komet so um Lag 5-6 Tomar Krut ned i Holet, tok Sonen, utan aa agta paa Faerens Aatvaring, eit Staalbor og stuvad Krutet med. Rett som det var, gjekk Skotet. Fjellet sprang, og baade Faer og Son vart slengde ikoll og svimeslegne. Faeren vart saarad i den eine Aksli av Staalboret og i Andlitet av nokre Steinfliser. Det var eit sant Under, at det ikkje gjekk verre. Tru Folk kunde ikkje eingong læra aa sjaa seg fyre?
 
l. n.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum