Skule og Upplysning.

 
Meir um Stykket hans A. S.
 
Stykket hans A. S. i Fedraheimen No. 57 inneheld nokot um Statsskularne og Folkehøgskularne, som eg maa skriva litt um. Han spyr, kvifyr Folkehøgskularne kann visa fram so mykje betre Frukter enn Statsskularne, og kvifyr der er komet meir Liv og Aand i Folkehøgskularne framfyr i dei andre. Han finn og Svar paa Spurningarne, han finn Grunnen, "ein rimeleg Grunn." Denne Grunnen – so vidt han vedkjem Aalmugeskulen – tykkjer eg er fælande einsidug og usætande, so eg ikkje kann halda med A. S. i det han her segjer.
 
Fyrr var det Her-Tenesta, som skulde lokka Folk til aa verta Lærarar, meiner han. Slike, som ikkje hadde Hug elder Mod til aa vera Hersveinar, dei vart Lærarar.
 
Det skulde daa vera Grunnen til, at me hev so mange "late Slarvar" i Statsskulen. Aa ja, hendt kann det hava; men hev me ikkje fleire udugande Lærarar enn slike, so kann me visst vera fegne. Hellest vil det no etter kvart verta slutt med den Drivfjøri, daa baade Slarvar og Tankeløysingar no maa gjera Hertensta. Men no er Drivfjøri den "store Lærarløni" aat Statslæraren, som skaffar oss Tankeløysingar inni Statsskulen, liksom Hertenesta skaffad oss "Slarvar!" Det er ubeinsame Titlar aat deim, som Lærarar er; men dette var enno ikkje det Verste. Ein høyrer stundom det som verre er. Eg høyrde ein ung Gut som var Lesar sagde, at her ikkje bland Hundrad av vaare Lærarar var ein, som var nokot tess. Hovudfyremaalet skulde vera det aa føra Borni til Jesus; men tvert um vart det gjort; dei førde Borni fraa Jesus til Djevelen. Dette Vitnemaalet galdt no væl hellest endaa meir Folkehøgskularne enn Statsskularne; men det vart sagt um dei siste. Og det vert sagt so mykje. – De segjer Hr. A. S., at Lærarløni ikkje er for stor, men helder "hoste liti", so De ikkje vil vera med paa aa gjera henne mindre. Men so segjer De, at det er ei Røynsla, at Løni – desse 3 Dalar Vika og Kosten – lokkar mang ein Ungdom til aa verta Lærar og skaffar daa trulegvis Staten fullt upp av Slarvar og Tankeløysingar. Detta kann eg ikkje faa til aa hengja ihop. Grunntanken maa etter det vesle Vitet mitt vera den Liedske Tanken:"Mindre Løn betre Lærarar"; men kvifyr ropar De daa ikkje – liksom Lied – paa mindre Løn? No, daa De tykkjer, at Løni er "hoste liti" enno, og kannhenda vilde ho skulde verta større, so gjer De daa det De kann fyr aa faa Slarvar og Tankeløysingar inni Statsskulen.
 
Denne leide Setningen "Mindre Løn betre Lærarar" hev voret og er ei Gaata fyr meg. Var han sann, so maatte me hava dei beste Lærarar i dei laakaste Postarne, veit eg, t. D. i dei paa 24 Vikur Umgangsskule; men eg trur aldri at nokon vil segja det. Eg veit med full Vissa, at Seminaristar fyrr vil ganga heime utan Post, enn dei søkjer seg ein slik; ja det maa vera ein helder laak Lærarskulesvein, som vil hava sovorne Postar. Det kunde sjaa meir rimelegt ut aa snu Setningen radt um; men eg meiner no ikkje plent so helder, at det er Løni, som gjer Lærararne gode.
 
Det kann snaudt vera mange "Slarvar og Tankeløysingar", som den "store Løni" dreg inn i Skulen. Eg hev allstødt høyrt, at Skulelivet er eit mødesamt og helseslitande yrkje, som mange er rædde. Attaat kjem og det, at mange, um ikkje dei fleste, maa setja seg i Skuld fyr aa koma seg paa Skulen, og daa kann ikkje Livemaaten verta so framifraa. Dessutan, um det enn er ein, som vert narrad inn i Skulelivet av Pengarne, men som ikkje hev Hug til Skulen so vil eg daa verkeleg sjaa, um han lengje vil halda ut. Eg trur, han sluttar, eg, og det helder snart. Der maa Hug til, skal Ein halda paa med Skulelivet. Og daa hev eg ikkje so lett fyr aa tru, at her skulde vera so reint fullt av "Slarvar og Tankeløysingar."
 
Men her er Kvas i alle Skogar, og Lærarstandet vaart kann visst verta betre. Me maa alle vedkjennast, at Folkehøgskulen i mange Ting viser seg friskare og meir fruktberande. Men me fær ikkje vera for braae med aa døma vaare Lærarar og gjeva deim Skuldi, naar Statsskulen stend tilatters fyr den frie Skulen. Me maa hugsa paa, at Statslæraren ikkje er sin eigen Herre, men at han stend under andres Vilje. Hadde han frie Hender, daa kunde me med større Rett døma honom etter hans Arbeid. Me maa sjaa paa Tidi, han hev aa gjera med, me maa sjaa paa Læregreinerne, han skal undervisa i, me maa sjaa paa hans Utdaning, fyrr me kann segja Domen yver Statsskulelæraren og hans Gjerning. Daa fyrst fær me full Greida. Lat oss sjaa eitgrand paa detta! Ein lægre Skulepost sviv um ei 30 Vikur. Daa er Skulen bytt i tri Avdeilder. Der vert soleids 10 Vikur Skule um Aaret fyr kvart Barn. Paa denne Tidi skal daa Barnet læra Trudomslæra, Bibelsoga, "Udvalgte Stykker af Læsebogen", Song, Lesning, Rekning og Skrivning. Alt detta paa 10 Vikur. Og korleids stend det vel til med Barnet, naar det kjem paa Skulen? Jau; sume hev lært litegrand stava og lesa; sume hev byrjat aa stava; men mange hev ikkje lært nokot, som er Gagn i. Bornet er 8-9 Aar gamalt, naar det kjem. Foreldri hjelper lite og inkje til. Dei legg heile Arbeidet yver paa Læraren. Og Læraren hev 10 Vikur aa gjera paa. Og av dei 10 Vikurne vert endaa mykje forsømt. Kor mykje kann det daa verta av det?
 
Paa Timeplanen stend det, at Læraren skal undervisa øvste Avdeildi i "Udvalgte Stykker af Læsebogen" 10 Timar fyr Aaret. Desse Stykkji skal daa umfata Noregs- og Heimssoga, Landkunna, Maallæra, Samfundslæra o. s. b. Kor skal Læraren av? Kvat hjelper det, um so Læraren sjølv er ein Ovkar i alle desse Læregreiner, naar han ikkje hev Tid til aa læra ifraa seg? Det einaste han hev aa gjera, naar han ikkje vil rota alt ihop upp i Vase og Skodd, det er aa taka ei einskild Læregrein og sjaa aa faa Barnet inni den. Vil du so gjeva Læraren Skuldi fyr, at Borni ikkje kann elder kjenner alle desse Læregreiner?
 
Detta er no ein Ting, at han ikkje stend fri, og ikkje kann faa leggja si Undervisning som han vilde. Men dertil kjem nokot, som kannhenda er endaa verre. Det er alt for mykje so, at Foreldre og Lærarar ikkje ror ein Baat. Læraren kann t. D. fortelja Soga paa Skulen. Men Far og Mor likar ikkje detta. Det er Synd, maatru. Det er Djevelskap. Dei maa korkje høyra hell lesa slikt; det forpestar Sjæli; det tyner det "aandelige Liv." Naar Barnet fær høyra slikt, so er det ofta at det ikkje bryr seg stort um det Læraren fortel, og helder ikkje lærer sine Leksur. Kormykji vil vel festa seg paa den Maaten? og kven hev Skuldi? – Og kor kjem det fraa, at Lærar og Foreldre ikkje ror ein Baat? Læraren kann hava Skuld her, han og. Han burde stræva so godt han kunde med aa jamna ut den Klufti, som er millom Skule og Heim. Han burde gjera seg kjend med dei aalgjengde Sermeiningar i Bygdi, og so av all Magt stræva paa aa rettleida og læra Folket, so det fekk betre Syn og Skyn. Det er visst og sannt. Men det er snarare sagt enn gjort. Lærarens Utdaning hev ikkje gjort honom so sers godt lagad fyr detta Arbeidet. Ho hev mykje meir havt det Laget, at ho hev dreget honom burt fraa Folket og gjort honom til ein halvframand, som Folk ikkje heilt ut trur. Han hev gløymt aa tenkja og tala so, at han kunde faa Folket med seg. Kven hev so Skuldi her? – Det gjeng soleids ikkje an aa døma Læraren so ende ut som Slarv og Tankeløysing, um han ikkje fær Statsskulen til aa bløma. Han hev tunge, sterke Band um Foten sin. Vart desse avløyste, so fyrst kunde me røyna, kvat som Sanning var. No maa me, dersom me vil vera rettvise, byta ut Skuldi paa so mange og so mangt, at Ein ikkje rett veit, kor Andsvaret ligg. Ein maa skulda paa "Systemet."
 
Skule og Heim maa koma til aa draga meir ihop. At det i sume Maatar er betre no enn fyrr, er sannt; og det kann me mykje takka Folkehøgskulen fyre. So maa me faa ei betre og meir folkeleg Lærar-Utdaning. Seminarlæra er for stutt, og dei fleste Seminar er for ufolkelege til aa kunna fostra gode praktiske Lærarar. Og so maa me faa ei friare Skulestyring, som dreg Folket sjølv meir inn i Arbeidet og dermed i Samhugen fyr Skulen. Lat oss ikkje døma Lærararne; dei kjenner visst sjølv best, kor Skoen klember. Men lat oss jamt og fast arbeida paa aa faa det heile Skuleverk skipat til, so det kann koma meir og meir i Samhøve med Tidi og faa meir og meir Magt til aa verksetja sine store, Aalvorsame Tanke.            
 
H-h.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum