Lett og vandt aa lesa.

 
De er sakte meint som Erting og Lentur meir en som Aalvor, naar Motmenner tiom er ute mæ de, at Landsmaal og Bygdemaal skaa vera so ubeint aa lesa jamvel fyr Bygdæ. For de er aalkjend, at Maalbøker og Maalbla er fagna Lester kring i Bygdo, og de er likeins titt nok inhamra i Blai heran, at ingjo Lesing kan bli lett uta Vane og go Vilje. De synest soso Sjavile aa gjera seg noko Bry meir mæ ein slik Motgrunn mot Maali, men de er do ein Ting, som kanskje trengst aa koma meir i Ljosi, og de er, at ein Mann, som dagstøtt les eit Maal, inkje stavar, jamvæl inkje mæ Augo, men han kjenner einstigs eit Or og somti eit Stykkje af Samanhengin paa Makselen. Ein hugabraa Romanlesar kan tana gjenom ei Bok paa ein Times Ti, afdi at han les liksom Chinesaranne heile Oræ og enddaa meir i eino. Detti kan inkje vera so stor Sak, som Folk vani tenkje seg, daa me veit, at so gott som alle kan lesa i China, enddaa dei dera heve serskilte og hoste flokutte Teken fyre kvort eit Or. Men brigdar du nokso liti, um de so bare er paa Orthografien, so vert de liksom eit Stuvlaup, Vanen og Augo kjem i Trætte, Tankjen lyt ut af Fari sit ti aa semja dei att, og daa gjeng de fyrstundes helder traue mæ Lesingjæ. Men de er sjavsagt, at Maali inkje heve noko Skuld i slikt, for Maali er dømande etti de som de er fyr Øyro, og inkje etti de, som deer fyr ein Nymennings Augo.
 
r.

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum