Lærarstemna i Nidaros.

 
Skuledirektør Bonnevie, Prest Einar Skavlan, Lærar Dybdahl og Lærar Nikalaisen hev haldet Fyredrag. O. J. Høyem hev haldet Fyredrag um Maalsaki, Skulestyrar Vexelsen hev fortalt Vatsdøla-Soga fyr dei. I Samtalemøti hev dei mill. A. havt uppe um Maalsaki og Friskulen. Paa Lag alle syntest vera samde um, at Læraren maatte bruka Barnets Morsmaal i Skulen, iallfall fyr dei smaae; dei store var det likt til, at Sume vilde skulde " døie" Dansken. Saki tok tvo Kveldar, men kunde trengt den tredie med. – Um Stats- og Friskular vart det sagt, at Skilnaden millom dei i det store var den, at i Statsskulen vert Læraren innsett utan Spursmaal um Foreldri vil hava 'n til Lærar aat sine Born elder ikkje; i Friskulen stend Læraren der i Fylgd av Foreldri sin Vilje og Ynskje. I Friskulen gjeng og Undervisningi meir "Livets Vei" med Sigte paa Barnehjartat og Barneaanden. Aalmugskulelæraren kann arbeida ut fraa Friskuletanken i Skulen sin. Men um sume enn stend slik, er det dermed alle som kann det elder vil det? Og um dei vil det, so vil dei altid faa med Born aa gjera, som Foreldri aat ikkje likar Lærarens Skulemaate og Livssyn. Det er Ein trygg fyre i Friskulen, der Lærarar og Foreldri stend fritt saman. Heile Samhøvet her er bygt paa Kjærleik og Tillit. – Ein Friskulemann uttalad seg sterkt um, at det ikkje var so, at Friskulemennerne vilde Aalmugskulen "til Livs"; dei visste fullt aa vyrda Arbeidet aat dei mange utmerkte Lærarar i Aalmugskulen, som arbeidde merkjeleg trufast under tidt vanskelege Høve.
 
Amtsskulen vilde Friskulemennerne ikkje lasta; han stod der etter Storthingets Vilje og kunde utretta nokot godt til Fyrebuing. – Merkjelegt nok sagde Skuledirektør Bonnevie, at han ikkje hadde nokot imot, ja at han saag det gjerna, at det kom upp Friskular i Trondheims Bispedøme, - um han enn ikkje vilde lika, at dei kom i Bygder, der dei hadde " gode Skular" hellest. Han trudde i det heile, at Friskulen kunde hava god Innverknad paa Aalmugskulen.
 
Seminarlæra vilde fleire hava paa 3 Aar. Sume meinte, at ho helder burde styttast enn aukast, so lengje ikkje Undervisningi der vart teki paa ein meir folkeleg og praktisk Maate. Eit Par Talarar tok aalvorlegt paa Seminarskulen fyr den "dogmatisk-systematiske" Undervisning.
 
(Etter "Bud til Menigmand".)
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum