Fraa Kristianssandskanten.

 
Eg tykkjer det er so svært leidt, at me aldri i "Fedraheimen" fær sjaa nokot fraa desse Kantar av Landet, og var eg no berre Mann fyr det, so skulde eg skriva nokre Ord.  Det er langtifraa so beintfram aa skriva i "Fedraheimen"; for Lesararne av den er no so vane med store og gilde Stykkje, at dei vel knapt vil sjaa paa Stykkjet mitt.  Men dei maa au koma ihug, at Folkjet paa desse Kantar - i Maalvegen daa – inkje er meir hell um det kann vera halvt Normenn, og difyre kann ein daa helder inkje av oss Stakkarar venta nokot rart. – Men me er daa i Noreg lell; det fekk me vita her um Dagen, daa nokre Lærarar kom heim att fraa Lærarstemna i Kristianssand og fortalde oss nokot litet um Skuledirektør Wolffs Fyredrag um det norske Maalet og Bruken av det i Skulen.  Me høyrde her att nettupp det same, som Skuledirektør Bonnevie fyrr hev preikat um den Saki, og det   var no helder inkje vandt aa vita, at "den eine Ramnen riv inkje ut Augo paa den andre".  Men me veit au, korleids baade Storthingjet og vaare folkelege Blad tok imot desse Bonnevieske Utankar, og me vil vona, at inkje mange hev latet seg "hugvenda" av sovoret. – Det var no Lukka det, at der paa Lærarstemna helder inkje vantad paa Talsmenn fyr Maalsaki, og me vil endaa vita, at det var dei, som hadde Yvertaket.  Serleg likad dei Lærar Lauvland; han heldt fleire Fyredrag imot Skuledirektøren, og mange tyktest det gjekk reint hardt paa Lag millom desse tvo.  Dei likad Diskussionsmøti svært godt; men dessverre, dei fekk forlitet av deim. 
 
Lærarkurset er no slutt, og Folk segjer, det var svært turt og audslegt mot ifjor.  Diskussionsmøti fekk dei inkje istand fyr seint, so Lærararne fekk litet godt av deim; helder inkje var der so mange av Lærararne, som kunde vera med aa segja si Meining, slik som ifjor.  Det er leidt aa vita detta, naar me høyrer koss dei hev havt det andre Stader, t. D. i Trondheim.  Eg hev no mi Meining um Grunnen til detta; men kannhenda ho er inkje sætande.  Eg trur det var reine Faavisa, at det berre skulde vera Lærarskuleelevar (Ikkje-Seminaristar), som fekk Lov aa koma paa Stemna iaar. Styrstedeilen av vaare duglegaste Lærarar fekk soleids fint sitja heime til Skade fyr seg sjølve, men kanskje til likso stor Skade fyr Lærarstemna.  For so mykje veit daa kvar ein, at det i Stakkars 6  Vikur inkje kann verta stort av det med  Kunnskapar, so det, som Lærararne i Grunnen gjeng etter, det er aa koma ihop med andre Menn, som arbeider i same Yrkje og med same Fyremaalet som dei sjølve, men som kannhenda er meir røynde  elder meir lærde, so dei kunde rettleida deim i eit og annat.  Diskussionsmøti gjev her god Hjelp, og me vilde ynskja, at dei dreiv meir paa med deim enn dei hev gjort iaar – og ifjor med.  Er det no so, at Kurset fyrst og fremst skal verka til Samhug og Samarbeid millom Lærararne, so kann det umogleg vera rett aa setja dei beste Folk etter heime.  
 
Ingen skal no av detta tru, at det er berre Seminaristarne, som eg meiner duger nokot; nei, det er visst mange Lærarskulegutar, som er framifraa gode Folk.  Men i det Heile skulde væl Seminaristarne liggja eit Stig høgre. – Eg hev høyrt, dei tilaars tenkjer aa sleppa inn berre Seminaristar att.  Men det trur eg vilde vera endaa galnare; for dermed vart  dei    stengde ute, som  mest  trong det, veit eg.  Eg er stød paa, at eg her hev mange med meg, og det var vel, um D'hrr Autoritetar vilde tenkja yver detta fyr ein annan Gongs Skuld. 1)
 
V.  
 
1) Me vil vita, at Grunnen til den Skipnaden, Hr. V. her umtalar, er den reint praktiske, at Lærarskulegutar og Seminaristar stend so reint ulikt i Fyrekunnskapar, at skal dei møta fram saman, so er det raadlaust aa faa nokon Ting ut av  Skulen. Men Hr. V's Tanke er likevæl verd aa merkja, daa Kunnskaparne væl altid her maa verta det minste. Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum