[Skinkrigen i Ryenbergi]

 
Skinkrigen i Ryenbergi. Riksraad Munthe fann ein av Dagarne i fyrre Vika paa aa tromma saman Kristiania Bataljon, til aa røyna, kor lang Tid det tek aa mobilisera denne Herdeild, endaa det ikkje er gjevet Pengar av Storthinget til nokot dilikt. Og so slost dei litetvetta paa Skrymt. Ein av deim, som var med, skriv i "Dagbladet", at det hev voret Tale um aa leggja Sak mot Herstyret til Skadebot fyr, at Bataljonen, som hev havt sine Øvingar i Aar, vart utkomanderad i Utid og Utrengsmaal; fleire, som vart rivne burt fraa sitt Yrkje, gjeng no arbeidslause, og Styret hev voret strengt "til det Upprørande" mot dei Innkallade. Brevskrivaren vonar, at Odelsthinget vil granska Styrets Aatferd og iminnsto gjera slikt umoglegt fyr Framtidi. Dersom Krigs-Riksraaden, som hev gjort Tilstellingi paa eigi Hand utan aa leggja Saki fram fyr den heile Regjering, kjem til aa tilsvara Pengarne, vil han fulla missa Lysten til slike Experiment. Odelsthinget vil ogso faa med hans kvite Flagg og hans Aatferd mot Kapt. Prahl aa gjera. Framleides segjer Brevskrivaren, at dei no i Aar hev gjort den Røynsla, at Kaholmens Festning, som det er lagt so mange Pengar i, ikkje er til stor Vernd fyr Kristiania: den kann skjotast ned fraa ein Aasrygg i Vest, fyr 3 Aar sidan var det Faare fraa Aust. Slikt er utrulegt, men sannt, segjer han.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum