[Giftige Ormar]

 
Giftige Ormar. 2 Negrar førde nyst tvo "fløitende" Ormar, dei kallar, nær 4 Fot lange, til Dr. Paulhamus, som kaupte deim og tenkte aa senda deim til den zoologiske Hagen i Filadelfia. Han sette deim i eit Glasfat, batt eit Flettverk av Metal yver detta og sette det i ei Ro i Studerestova si. Um Kvelden gjekk han dit saman med den halvvaksne Dotter si og skulde skriva ein Recept. Ei Kattugla flaug inn gjenom det opne Vindauga, sløkkte Ljoset, som Lækjaren hadde med seg, flaksade ikring i heile Romet og slo sund Glaskaret, som Ormarne var i. Dotter hans kastade seg um Halsen hans med grysjelege Skrik. Han skynade strakst, kvat som var hendt, fekk Ljoset kveikt, og fekk fyr 5 Minuttar var gjengne, Folk tilkallade. Ein av desse saag, at nokot røyvde seg under Kjolen aat Gjentungen; skjott treiv han etter detta og reiv Ormen laus fraa Foten hennar. Gifttonni aat Ormen sat fast i Leggen. Ho vart utskori og alle moglege Hjelpe-Medel og Motgifter brukte; det var faafengt: Gjenta do millom Henderna deira, fyrr 20 Minuttar var gjengne. - Ein Time seinare var heile Likamen hennar marmorerad med dei same Flekker, som Ormarne hadde. - Den andre Ormen vart funnen seinare, men utan Gifttenner; dei sat avbrotne i Lækjarens eine Styvel.
 

 

Frå Fedraheimen 19.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum