Utlandet.

 
Bismarck slutad sin Tale i Onsdagsmøtet i det tyske Riksthing med dei Ord, at hans Stræv gjekk ut paa aa faa dei tri Flokkar, som i det heile vilde arbeida i Venskap saman med Regjeringi paa aa fremja Statens Formaal (dei Tyskkonservative, dei Frikonservative og dei Nationalliberale), til aa skipa ei fast Fylking, som kunde standa sterk imot alle Stormar, som Riket kunde verta utsett fyr. Næste Dag talad Socialisten Hasselmann. Han heldt ein Tale, som varde i tvo Timar og forsvarad Socialistarne og deira Rett. Dei fleste av Tilhøyrararne hadde gjenget fraa plassarne sine, men kom att sidan, daa det ved Sluten av Talen vart Staak og Uppstyr. Hasselmann vart fleire Gonger talad til Rettes av Formannen. Han slutad med det Utrop: "So manar eg daa Bismarck til aa hugsa seg den 18de Marts 1848" (Uppstandet i Berlin). Bennigsen svarad paa Bismarcks Uppmaning til dei tvo konservative Flokkar og dei Nationalliberale um aa samlaga seg, at kvar av Flokkarne maatte halda paa sitt Sjølvstende, at det var umoglegt aa smelta deim ihop, men at dei nog kunde møtast og verka saman til Løysingi av sume store Spursmaal. – Deretter vart fyrste Paragraffen vedteken, slik som han var fyreslegen av Nemndi, berre med ei liti Brigding. "Berliner Tageblatt" meiner, at Logi med denne Avrøystingi er vedteki i sin Grunn.
 
Ryssland og Turkiet. Det tek til aa fløkja seg att. Rysseheren hev hevlat med Heimferdi og paa nytt Lag næmat seg den turkiske Hovudstad og hersett Tschataldja-Lina. Det heng soleids ihop, at Muhamedanarne for styggt aat med dei kristne i dei Landskap, som Ryssarne rømde, og Ryssland kravde daa, at Turkiet skulde veita dei kristne Trygd. Turkiet svarad, at det skulde det gjera berre Ryssarne rømde Adrianopel. Til det hev Ryssland att svarat, at det vart ikkje av, fyrr 3 Maanadar var gjengne, etter at den endelege Fredsemja millom dei tvo Magter var underskrivi. Etter Telegramm fraa London hev Ryssland gjevet Magterne Melling um sine Aatgjerder.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum