Notisar.

 
Lærararne i Stavanger (Rogalands) Fylke. L. Oftedals nye Blad "Vestlandsposten" fortel, at det er aa sjaa eit "foruroligende" Liv paa Søkningsvegen aat Lærararne i Fylket, sidan Amtsthinget negtade aa auka Laagmaalet av Lærarløni. Eit Herad i Fylket, Suldal, hev av Heradskassa lagt paa Lærarløni 2 Krunur Vika, og Bladet vonar, at fleire Herad vil fylgja etter. Det er naudsynlegt, dersom Fylket skal halda "den i Sanning duglege og solide Lærarstokk, som det no i lenger Tid hev kunnat gleda seg i".
 
Ein Oter hev etter "Sogns Tidende" i Leirdals-Elvi uppe ved Garden Seltun nyst teket og etet upp ein Laks, som var av dei Vaksne. Hovudet vog 11 Mark og Sporden fraa nedste Luten av Ryggfinnen 1 B Pund 13 Mark.
 
Studentarheimen. Prest G. Blom hev yverteket Forstandarposten ved Studentarheimen.
 
"Fædrelandet" fortel, at ein preussisk theologisk Kandidat Bleibtreu hev vitjat Kristiania, Skien, Bergen og Trondheim fyr aa setja seg inn i dei kyrkelege Tilstand her, og at han ogso i eit tydsk Tidsskrift hev gjevet ein som det tykkjest "noget overdreven Skildring" av B. Bjørnsons Skaldskap. Overdreven gunstig??
 
"Morgenposten" kallad det eit "Tidar-Teikn", at ein Lækjar i Tyskland, Dr. Bresgen, etter aa vera dømd til 6 Vikur Fengsl, hev stytt Livet sitt. Kvat detta skal vera "Teikn" paa, er vandt aa skyna.
 
Nytt Skip. Fraa Bangs mek. Verkstad i Bergen gjekk den 9de Oktbr. eit Jarnskip paa Vatnet. Det heiter "Bjørnstjerne Bjørnson." Storleiken er 750 Tons (dvs. det lastar innpaa 7000 Tunnur Kol). Det vert riggat som Seglskip og skal fyr det Fyrste ganga i Koltrafik millom Newcastle og Bergen, men det vert ogso forsynt med Eimmaskin (180 Hestekrafter). Detta er Hr. Bangs fyrste større Arbeid, men velgjort.
 
Professor Dr. G. Storm er innboden til Fredriksstad til aa halda historiske Fyredrag.
 
Jadarbanen søkk paa nytt Lag no, etter at det er komet Haustbløyta; verst er det paa Hognestadmyren. Eit Lokomotiv er i full Verksemd med aa draga Grusvogner.
 
Nytt Folkehøgskulesamlag. I Hordaland (Sydre Bergenhus Fylke) innbyd L. Haugse, R. Jaastad, J. Lutro, H. Eidnes, R. E. Ernes, T. O. Hus, P. K. Berven, A. Saxe, L. Kinsarvik, T. T. Børve, B. M. Haugland, R. Skaar (eldre), R. Juul, W. Konow, H. Saakvitne og T. Hellesnes til Skiping av eit Folkehøgskulesamlag fyr Fylket. Medlem er den, som gjev minnst 1 Kruna um Aaret, elder 15 Krunur ein Gong fyr alle. Innskriving og Pengar er aa senda, helst med det fyrste, til Gardbrukar Lars Haugse, Adressa Grimo, Ullensvang. Det er Skulen i Ullensvang, som fær Hjelpi fyr det Fyrste. Fylkesthinget negtade, som Ein veit, denne Skulen Hjelp i Sumar.
 
Kongens Bilæte skal heretter trykkjast paa Post-Frimerke, naar dei hev eit Verde av minnst 1 Kruna. Dei andre Merke hev fulla forlitet Verde til, at Bilætet kann taka seg ut paa deim. Me hev no 13 Slag av Frimerke i Krunemynt.
 
Eit Daadyr hev dei set paa Kambu ved Moss.
 
Professor Edison arbeider no paa Kuvskrifti aat Blinde og derattaat paa aa faa utbytt det elektriske Ljos soleids, at det kann brukast i aalmennelege Hus. Til dessa hev dei kortsame Maskinar voret til Hinder fyr detta.
 
Til den nye Høgskulen (Fri-Universitetet) i Stockholm hev Bystyret tilsagt 40000 Krunur aarleg til 1884 av Bykassa.
 
Ein Straffange paa Akershus, Ole A. E. Uppaaker, stakk i Sumar, som me fyrr hev fortalt, Uppsynsmann Kristofersen med Kniv i vingstre Sida, men Kniven gleid av paa eit Rivbein. No hev den same Fange gjort ein ny Freistnad paa aa gjera det av med Kristofersen. Daa sistnemnde fyr nokre Dagar sidan saman med ein Fange kom upp i Cella aat Uppaakern til aa bøta Gasen, som var i Ustand, lagde Uppaaker paa Uppsynsmannen med ei Jarnstong, ½ Alen lang og 1 Tume tjukk, og slo med den Uppsynsmannen under Øyrat so hardt, at Stongi rauk tvert av; med Stumpen gav han Kr. enno eit Par Slag i Hovudet. Uppsynsmannen misste ikkje Sansningi, fekk med Hjelp av den Fangen, som var med honom, Celledyri stengd og Valdsmannen innlæst. Uppsynsmann Kristofersen skal likvel koma fraa det med Liv og Helsa, hev me høyrt.
 
Althingsmann Einar Gudmundsson fraa Hraunum i Skagafjardarsysla uppheld seg med islandsk Stipendium paa Moss og legg seg etter hermetisk Nedleggjing av Saudekjøt og Fisk hjaa Stadshauptmann Thorne. Sidan vil han vitja Svein Foyn i Tunsberg og derifraa reisa til Lofoten.
 
Ny Bok i Venting. Professor Schübeler held paa og skriv eit nytt Verk: "Vextlivet i Norge, med særligt Hensyn til Plantegeografien". Det skal forsynast med Kort og utkoma som Festprogram til 400 Aars-Festen ved Kaupenhamns Universitet.
 
23000 Skuleborn møtte nyst fram i Procession til aa heidra den Belgiske Kongen med deira Lærarar, ei Deild av Borgargarden og tvo Militærmusikkorps. Dei var fraa Skularne i Bryssel; Antwerpen, Gent, Hasselt, Løwen, Mecheln, Marche, Mons, Namur og Permonde og fraa Landsbygderna ikring desse Byar. Kvar Skule hadde med seg ei Blomekorg elder iminnsto ein Blomekrans, som vart nedlagd paa Slottstroppi. Borni song Chorsong og ropte Hurra og Live fyr Kongen og Drottningi. Borni fraa Gent hadde dei fagraste Blomar, og dei ropte sitt Live i det flamske Maal.
 
Sjølvmord-Statistik. Ein Kongress av Lækjarar i Italia hev bedet Bladskrivararne um ikkje aa kunngjera nokon Statistik yver Sjølvmord, allvisst ikkje nokor greinleg Fraasegn um Sjølvmordstilfelle, daa det hev visst seg, at slikt smittar og hev nye Sjølvmord til Fylgje.
 
Greiv Harry Arnim, den tidlegare preussiske Sendemann i Paris, som fyr eit Par Aar sidan vart dømd fyr Høgbrot, hev no busett seg i Prag.
 
General Trepow, som Bjera Sassulitsh skaut paa, skal i desse Dagar yvertaka Embættet som Generalguvernør i St. Petersburg og umliggjande Landskap. Som Chef fyr den tridje Avdeild, dei kallar, er utnemnd General Drentelen. Hans Formann Mesenzow vart, som Ein veit, ihelskoten, og Formannen hans att, Potopow, vart vanvittug.
 
Ramaherilanja, som var i Noreg eit Tak og sidan hev voret i Frankrike, er no komen heim til Madagaskar. Han hev voret 6 Aar i Utlandet, det siste Halvaar uppheldt han seg paa Mauritius-Øyi, derifraa han dreiv Underhandling um aa faa koma att til Antanarivo.
 
Til Legatet "Eilert Sundts Minde" er av Dramns Arbeidarsamfund samanskotet 145 Kr.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum