Lysingar.

 
Fraa By og Bygd, utgjevet av Vestmannalaget i Bergen. kjem ut med eit Numer kvar Maanad, kostar fraa Nyaar 1 Kr. 20 Ø. Aargangen, fritt sendt med Posten, og kann tingast paa alle Posthus i Landet, i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Lagsmennerne i "Det norske Samlag" lyt fraa Nyaar sjølv tinga Maanadskrifti, som fraa den Tid ikkje lenger verd til deim send igjenom Samlaget. Me vilja takka Lagsmennerne, um dei hjelpa til at samna Tingarar paa "Fraa By og Bygd".
 
Dei utkomne 10 Nummer av denne Aargangen innehalda: Godt Aar. Av Olav Lofthus. – Vel møtt paa nytt. – Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime. Av Hans Mo. – Ørne-Augat. – Um Kunstarbeid. Fyredrag av A. O. Vinje. – Ei fager Lid. Jonsok-Kvelden. Av H. E. – Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyrr Kristus. Etter F. Delitzsch. - Um Sleden. Eit Blad av Husflidsarbeidets Historia. – Natturi og Folkelivet ute med Havet. I-IV. Borni hans Gamle-Gunnar. Regla fraa Sunnfjord. – Ymist. – Vakn upp du Noregs Diktarstreng. Av H. E. – Knausarne paa Golgatha. – Fraa Raumdal. – Gardlytet. Av Hans Mo. – Nokot um Trei. Etter Humboldt og fleire. – Kvat er Fridom? Av Olav Lofthus. – Rikstinget i Augsburg. Etter Westermeier. – Pokkahontas. Ei Segn fraa den fyrste Busetning i Nordamerika. – Nye Bøker paa Landsmaal. – Walter Scott.
 
Kvar Tingar vil ved Jonsokleite faa seg tilsend ei Bok paa Landsmaal som Tillag til "Fraa By og Bygd", anten Storegut, Ervingen, I. Bøhns Visor elder eit Hefte av dei fyrste Aargangar av "Fraa By og Bygd."
 
Bergen i Oktober 1878.
 
Stjorni.
 
 
Hjaa meg er aa faa:
Christopher Bruun: Folkelige Grundtanker; andre udvidkade Upplaget. Kr. 2.00; Johannes Skar: Visknut; Kr. 1.30 Schiller: Vilhelm Tell, paa norsk ved Matias Skard; Kr. 0.60; Saga um Gunnlaug Ormstunga, paa norsk ved Matias Skard, Kr. 0. 25; I Posten 20 Øyre meir. Den som i betalt Brev sender meg minst Kr. 12.00, fær 10 Prosent Avslag og Bøkerna fragtfritt tilsende.
 
Matias Skard, Frosta, Thronhjem.
 
 
Sertrykk av Soga um Peter Schlemihl
med Fyreord er aa faa hjaa Boktrykkar Ringvold (Jarnvegsgata 6) og Kasseraren i den Norske Samlag H. Johanson (Rusløkvegen 44). Pris 60 Øyrur. Dei, som tek 5 Bøker, fær den 6te fritt. Den, som sender Pengar til Hr. Ringvolds Trykkeri, fær Boki fritt til-seg-send.
 
 
Fedraheimen
eit frilyndt Folkeblad paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar, Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
 
Dersom Ein tingar og betalar fyr eit heilt Aar fraa 1ste Juli av, kann Ein faa 1ste Halvaargang 1878 (Januar-Juni) fyr halv Pris, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. – Det gjeng og an aa faa Bladet fraa 1ste Oktober.
 
Ein kann tinga det paa alle Posthus og i Brev til "Fedraheimens Ekspedition, Kristiania." Pengar maa fylgja.
 
- Hev du ikkje betalat fyr 4de Kvartal fyrr, so fær du skunda deg og gjera det no. Hellest vert det Stans med Bladsendingi, veit du.
 
- Naar du sender Pengar til Fedraheimen so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum