Kristiania, den 15te Oktober 1878.

 
Frøken Thorborg Bentsen er Lærarinne ved Aalmugskulen i Tistedalen ved Fredrikshald. I same Dalen heldt nokre Jarnvegsfolk ein fri Sundagsskule. Ein Dag kjem Presten, Welhaven, inn til Frk. Bentsen paa Skulen. 1) Han spyr Borni, um dei hev voret med paa Sundagsskulen. Sume svarar ja. Daa segjer Presten: "Ja I maa ikke gaa der mere, hører I? Disse Folk er Løgnere og Bedragere; de siger de har mit Lov, og jeg har ikke givet dem Lov. - - Gaa der ikke mere, Presten har sagt det. Har I saadan Lyst til at læse, saa kan I jo læse hjemme hos Far og Mor." –
 
Sidan fekk Frk. Bentsen vita, at det ikkje var sannt, at dei hadde sagt seg aa hava Lov av Presten. Det var berre ei Mistyding. Dessutan fekk ho vita, at dei ikkje var Dissenterar, men Rikskjyrkjemenn. Daa ho totte at ein slik Sundagsskule kunde vera bra, gjekk ho til den andre Presten, Hansen (dei er tri der nede: Wille, Welhaven og Hansen), og fortalde alt ho visste um denne Skulen og likeeins det Welhaven hadde sagt. Hansen sagde: " Uf, jeg ved virkelig ikke, hvad disse Prester vil; de taler om, at Menigheden splittes, men de støder jo bort alt, som rører sig i den." Han meinte og, at ein Sundagsskule kunde vera god, og lovad aa tala med dei andre Prestarne um det og aa koma upp sjølv og sjaa og høyra og "om muligt faa Skolen i det rette Spor med Støtte fra Presternes Side" 2). Frk. Bentsen gav Tilbod um aa vilja undervisa ved Skulen, um det skulde turvast. – Daa ho spurde, um der kunde vera nokot galet i at ho gjekk upp i Skulen, svarar han, at det trudde han ikkje. Sjølv vilde han "koma upp", ikkje fyrste Sundagen, men Sundagen deretter.
 
Frk. Bentsen gjekk upp i Skulen fyrste Sundagen fyr aa sjaa og høyra, korleids dei hadde det deruppe. Sundagen etter (Palmesundag) gjekk ho og, for det var daa ho meinte Presten Hansen vilde koma. Daa ho saag at dei mindste Borni sat utan Arbeid elder Hjelp, av di dei ikkje kunde fylgja med i det som vart fortalt fyr dei større, gav ho seg til aa undervisa dei. Ho tenkte, at naar Presten kom, vilde han setja henne til aa arbeida i denne Skulen kor som var. – Men Presten kom ikkje.
 
Etter Paaske fekk ho høyra, at Prestarne var reint ville paa Sundagsskulen, og at ho kunde missa Posten sin, dersom ho gjekk der oftare. "Det er ikkje Raad," sagde ho, "Hansen vil sjølv koma upp og skipa Skulen, og han hev sagt, at det ikkje kunde vera nokot galet fyr meg i aa ganga dit". Likevæl gjekk ho strakst ned til Hansen og spurde um det var sannt. Presten hadde ikkje forstadet nokot slikt, men sagde: "De bør ikke gaa did, gaa ikke did i Morgen, vent til næste Søndag, da kommer jeg op." 3) Men Dagen etter skulde det vera ein Barnefest der uppe, og Frk. Bentsen gjekk, daa ho hadde Hug til aa sjaa, korleides det gjekk til med den.
 
Sundagen etter var det ho meitne Hansen vilde koma att; ho gjekk daa der upp. Men paa Vegen møtte ho ein av Aalmugskulelærararne, og han sagde: "Eg skulde helsa fraa Presten Welhaven, at dersom du gjekk der upp ein einaste Gong til, so er du ferdug med Posten din paa fljugande Flekken, utan Uppsegjing dessmeir; og Wille og Hansen er "uhyre sindte" paa deg, og Whvn. sagde, at Hansen ikkje kjem upp." Ho vart reint forbinad, men snudde. Gjekk so til Welhaven. "Jeg er kommen for at sige at jeg har handlet urigtigt" 4), sagde ho, "men beder med det samme om Lov til at faa forklare hvorledes det er gaaet til." Presten braadde i: " Alene at De er vansindig (!), sindsvag, kan forklare Deres Handlemaade," og so frametter ei heil Stund. Ho prøvde aa greida ut um denne Skulen; Presten rette ut Armen og skreik: " Jeg gjenemskuer Dem, Løgnerske, der De sidder!" Og so frametter. Daa ho tymtad paa, at Presten Welhaven visst hadde voret "urigtigt underrettet" og av den Grunn mistydt Sundagsskulen, meinte Presten, at ho "havde ikke Lov til at have nogen Mening om en Præsts Handlemaade; han vidste hvad han gjorde." Seinare kallad han henne "en Hyklerske," som "heldt med Jernbane-Sluskar" (elder "Slarvar" elder nokot slikt), og sagde ho burde " gaa over til Methodisterne." Tilslut formanad han henne til aa beda Gud um Tilgjeving fyr det ho hadde gjort, men likevæl maatte ho beda Prestarne og sin "Kollega" o. fl um Tilgjeving, hell au tilgav Gud henne aldri. "Min Forladelse skal De have," var Sluten, um De enn "har villet undskylde Dem istedetfor aabent at tilstaa; men vær nu snil og gjør som jeg beder Dem." 5)
 
Ho gjekk til Hansen og spurde, kvat det var ho skulde beda um Forlating fyre. Han svarad, at ho hadde langt ifraa nokot aa beda um Forlating fyre; han vilde berre hava eit Brev paa, at han ikkje hadde raadt henne til aa verta Lærarinne paa Sundagsskulen. Dei kom til Lags um, at ho skulde gjeva Presten eit slikt Brev, og so skulde han klara Ugreida so godt han kunde ved aa fortelja Prestarne um den fyrste Samtalen dei hadde havt.
 
Daa ho kom til den tridje Presten, Wille, fekk ho av honom høyra, at ho hadde faret med " Lygn", voret " trassug" og " ulydig", at ho var " sekterisk" i sine Meiningar og burde ganga til Methodistarne. Ho svarad, at ho ikkje var "sekterisk", Foreldri hennar var gudelege Folk av den lutherske Rikskyrkja, "Pietister om han saa vilde kalde dem". Daa sagde Presten: " Ja ser De, De er altsaa pietistisk, siger De; men vi liker ikke Pietister, og hvis det var nogen Takt hos Dem, saa søgte De Dem strax fra et Sted, hvor man ikke liker Dem".
 
Ho vart sidan Gong paa Gong kallad ned paa Prestekontoret og til Hansen. Folk fann til Slut at detta var for galet, og sume gjekk til Prestarne fyr aa tala dei til Rettes. Men dei trudde Ingen, som lagde eit godt Ord inn fyr den stakkars Lærarinna. Ho var " i den Grad slet og forslagen, at hun havde ført alle bag Lyset." Ho hadde endaa narrat dei, som fyrr hadde gjevet henne Attestar. Wille sagde, at ho var "en meget maadelig Lærerinde, med smaa Evner, ringe Kundskaber, og Børnene kom ikke frem under hendes Veiledning". "Det var", segjer Frk. Bentsen, "første Gang efter 7 Aars Tjeneste i Skolen at jeg hørte min Gjerning der klandret".
 
Ho vart tilslut kallad inn fyr Skulekommissionen. Der vart uppleset eit Brev fraa Wille og eit fraa Welhaven, som dei kravde ho strakst skulde svara paa. Ho svarad: "Meget deri forstaar jeg ikke, og meget har jeg aldrig før hørt fremstillet saa".
 
Ho hadde voret sjukleg fyrr detta kom, og var endaa ikkje fullsterk. No vart ho verre. Sumtid, naar ho kom or Skulen, og so var der Bod fraa Presten at ho skulde paa Kontoret, var ho so trøytt og arm, at ho ikkje kunde ganga den lange Vegen just med sama; naar ho daa kom nokot seint, sagde Presten (Wille), at ho kunde ha teket Hest og komet til Tidar!
 
Skulekommissionen innstilte henne til aa verta avsett fraa Posten sin. Tvo av Skulekommissions-Mennerne var ikkje med i Møtet; um den tredie, Borgermester Wessel, heiter det, at han var med paa Avsetjingi, fyr di Prestarne kravde det, men uttalad hellest "sterke Tvil" um Retten til aa gjera detta og meinte, at Saki burde verta utsett, til alle møtte fram. Men etter at detta vart avgjort, fekk Frk. Bentsen vita, at dersom ho vilde segja upp Posten sin sjølv, so skulde ho faa – " Anbefalingsattester!"
 
Bispen hev no avgjort Saki so, at Frøken Bentsen ikkje vert avsett. Det heittest fyrst, at Bispen vilde skjota Saki fraa seg, daa det ikkje er han, som innset Lærarinnur.
 
- Me hev fortalt denne Saki nokot utførlegt, daa ho i mange Maatar er forvitneleg. Det er væl eit av dei styggaste Døme, som hev voret uppe, paa presteleg Pavehug mot sine Lærarar, og paa presteleg Uvyrdskap, Taktløysa og Rangvisa. Ein maa fæla av aa vita, at slikt kann henda i Kyrkja vaar enno. Og det som ikkje er minst fælt er, at alle desse 3 Prestarne stod so samheldige um denne Saki. Hadde det voret ein, so kunde Ein ha orsakat honom med, at han var " vansindig". Men den, som hev faret minst fint, ser ut til aa vera Hr. Hansen.
 
Saki hev vekt stor Motvilje i Fredrikshald og Tistedalen. Siste Offerdagen var det ikkje ein einaste or Tistedalen, som ofrad til Presten, fortel eit Brev som me hev fengjet. Ein fær vona, at detta vil vera dei ein "Lærepening". Men mange vil finna, at det, som her er hendt, er eit nytt Vitnemaal um, at Prestarne ikkje bør hava so stor Magt yver Skulen, som dei no hev.
 
1) "Smaal. Amtstid." No. 110, 112, 113, 115.
2) Presten Hansen hev sidan forklarat, at det var ein n y Sundagsskule han tenkte aa faa istand.
3) Etter Hansens eigi Uppskrift sagde han: "Det bør De ikke gjøre (dvs. gaa did). Jeg har desuden talt med Presten Welhaven om at begynde Søndagsskole i Tistedalen, hvori han var enig. Kan jeg komme op næste Søndag, skal jeg begynde da; hvis ikke en anden Søndag. Forøvrigt kan det ikke haste saa, Frk. Bentsen. Gaa endelig ikke did imorgen. Gaa endelig ikke did!"
4) Det ho hadde gjort galet var altso, at ho hadde gjenget paa den Barnefesten imot Hansens "Advarsel" og so at ho hadde undervist litegrand paa Sundagsskulen.
5) Sidan hev Wh. sjølv gjevet ei Uppskrift av Samtalen, som inneheld det same som denne her; men Presten hev ikkje skrivet upp alle dei Fantordi – som rimelegt kann vera.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum