Eit Bonde-Votum i Maalsaki.

 
Aasen og Vinje dei Hovdingar gilde
Samlad ein Fylking av Maalmenner snilde.
No fær me lesa det livande Ordet,
Som Bonden talar um Kvelden kring Bordet;
No strøymer det fram, det velsignade Maalet
I Songar og Tale som klangfulle Staalet.
Godt kan det brukast i Thingsal og Kyrkje,
Godt kan det brukast i Høgtid og Yrkje;
Godt kan det brukast til Salmar og Preikor;
Godt kan det brukast i Likferd og Leikor.
Upp daa, Maalmenner, til Fylking for Riket!
Slaa so i Slaget, at Dansken maa vike! -
- Det er 'kje Mannen, men Maalet me hatar;
Det fremdar oss inkje, um honom det batar.
Den klangfulle Malmen i Dansken me finn kje,
Me vil inkje ha' det, me eige det inkje!
Men Maalet, som Mor hev oss lært attmed Vogga,
Det Maalet fær Graaten te saktna og stogga.
Det Maalet er mjukt nok, naar Gudsfrykt er inne,
Det Maalet kan mykja det hardaste Sinne.
 
O. E. Følsvik.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum