Brevsending.

 
Kaupenhamn den 5te Oktober 1878.
 
Hr. Bladstyrar! Eg vil fyrst segja, at det er fyrste Gongen, eg freistar skriva Norsk; men eg hev lovat meg sjølv, at det inkje skal verda den sidste. Dinæst vil eg segja, at eg er fødd og alen i ei Bygd, der dei talar eit samanslurvat norsk-dansk Maal, som inkje er vænt og inkje hev den fulle heimslege Klangen. So kann eg seinst segja, at eg korkje hev studerat norsk Ordbok held Grammatik, og so kann nok Bladstyraren skyna, det verd eit skrøpelegt norskt Maal, det eg kann skriva. 1) Men skal eg inkje difyr freista? Aa jau, Gut, det duger 'kje ufreistat! som Ordet segjer.
 
Men kvat kjem det no av, at eg, som no sit her paa ein trong, liten "Hybel" i denne yrjande Hovudstaden i eit framandt Land, fær slik Hug til aa skriva eit norskt Brev? Det var det, eg vilde freista fortelja.
 
Eg heve inkje voret rett lengje i Hovudstaden, men ferdst paa sume av dei danske Folkehøgskulann og so millom Bønderne. Ein og annan Prest og hellest andre studerade Folk hev eg talat med.
 
Naar Ein høyrer, kor glade dei Danske er i Morsmaalet sitt, høyrer kor aalvorslegt og fint dei kann syngja um det og legg Merkje til det Stræv, som ogso dei hava med aa halda det reint og skilja ut det framande, mest Tyske, som i dei laake Tider hev snikjet seg inn i det, og so høyrer og ser, kor gjildt dei kann bruka det i Munn og i Bok, avdi det er deira eiget, heimlege Maal, - so meiner eg, at ein Nordmann, vil han vera ærleg mot seg sjølv, sitt Folk og sitt Land, lyt verta norsk Maalmann anten han so vil hell inkje. Det er nokot annat her enn heime, der me halta til baade Sidur. Og Ein lyt verta glad, storglad, yver eit slikt sjølvstendugt Liv, som det er her i Danmark. Det fell seg so naturlegt fyr Folk aa tala, og det um andre Ting enn dei, som ligg jamt med Jordi. Ein kann høyra Bønder tala um gudelege, folkeleg og politiske Saker, og det med sine Folk, ja til-med i dei store Møti, der tidt fleire Tusund høyrer paa, - og tala paa ein Maate so greid og klaar, som me inkje heime er vane til. Og skulde det inkje fyr største Delen koma av di, at dei danske Bønder kann tala det Maal, dei hev talat fraa dei var smaae, utan aa strama seg upp til aa knota og utan at dei tarv vera rædde, so dei skjelv i Kneom, at dei, som høyrer paa, skal finna Maalet deira "simpelt." Det trur no iminsto eg. Du skal tru, det er trøysamt aa høyra Juten tala sit Morsmaal; han gjer det so stødt og greidt, og likasovel um dei hægre Ting som um dei lægre. Og so er det ein annan Ting eg kann nemna. Me veit so vel korleids dei norske Prestar og Bønder liva saman. Det er paa den Maaten, at dei liva helst inkje saman. Iminsto er det so i mi Heimbygd, at Bønderne aldri kjem i Presten sitt Hus – tidare, enn naar eit Baan skal døypast, elder eit trulovad Par fyr Altaret, hell eit Lik i Jordi. Daa lyt dei " paa Kontoret." Det kann henda, at dei, som bur nærast ved, ein og annan Gongen kjem til Presten; men at det daa kjem nokot fram i Talen, som kann lyfta Tankjen, at dei tala um det, som er mest verdt aa tala um paa Jordi og i Himelen, det hev no aldri eg høyrt gjetet. Her er det annorleides: Prestehuset stend vidopet fyr Bønderne. Til Presten kann dei ganga med det som ligg dei paa Hjarta, anten det er Gleda hell Sorg. Til honom kann dei ganga utan Ræddhug i Bringa, utan at dei tarv krupa og knota. Til honom kann dei ganga, som til ein av sine eigne. Og Presten er ein av deira eigna. Skulde inkje detta og fyr ein stor Deil koma av, at inkje Maalet set nokon slik stygg Skilnad millom Prest og Soknefolk? Eg tenkjer jau.
 
Eg hev lengje voret glad i Maalsaki, men mest fyrdi eg heldt so av Vinje. No hev eg lært aa skjyna, at Maalsaki er ei Livssak fyr oss, um me eingong skal verta eit fritt sjølvstendugt Folk, annat enn berre paa Papiret. –
 
I Haust – Novbr. – byrjar ein utvidkad Folkehøgskule paa Askov. Den skal vera fyr meir framkomne Gutar, slike som fyrr er vakte, vil nokot, og veit kvat dei vil. Norske Gutar! kom dit, de tregar det inkje. Ein gløymer inkje, men Ein lærer aa halda av det som heime er, naar Ein kjem ut, - det vil segja, naar Ein kjem ut til nokot godt. Og Ein kjem betre til aa skyna sitt eiget, naar Ein ser det, som andre hava.
 
Hermed fær det vera nok fyr denne Gongen.
 
R*.
 
1) Nei, Maalet er bra, som Lesaren ser! Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum