[Ein misskjend Mann.]

 
Hr. Hartvig Lassen er komen ut fyr aa verta misskjend – dubbelt misskjend, - endaa han ikkje er nokon Ven av det, som hev den søte "Bismag" (isl. býflugnabragd) "af Folkelighed". Han skriv i det Stykke i "Aftenbl.", som me gat um i No. 66: "No hev eg daa gjevet Hr. Bruun eit nytt Argument til Styrkjing av den Dom yver mitt Liv og min Livnad, som han hev avsagt . . . at eg, den Gongen eg skreiv ei Bok um Henr. Wergeland, gav gode Voner um aa vilja lata meg innskriva i den Fylking, som Hr. Br. og hans Jamningar høyrer til, men at eg no hev vortet ein Svikjar av Folkets Sak, daa eg ikkje vil fylgja Flokken, endaa det er forkynnt høgt og lydt og skynande nog til alle Hyrnur av Verdi, at dei og ingen andre er Wergelands Medarbeidarar. Eg hev vortet skuldad fyr Fraafall fraa heilt andre Kantar fyrr; men eg hev slett ikkje nokot imot, at "Whig'arne kallar meg ein Tory og Tory'arne ein Whig." Misstanke fraa alle Partar kann i visse Høve vera det beste Vitnemaal, ein Mann kann ynskja seg." – So lovar han aa gleda oss med "en omstændelig Redegjørelse" um Wergelands "Forhold til vort Sprog" og legg Bruun paa Hjarta, at Spott og Flogvit er Vaapn, som Ein ikkje skal lata vera aa bruka mot "en Optræden" som hans, og det "saa eftertrykkeligt som muligt, dersom man har dem". Endeleg skuldar han Bruun fyr Sjølvbyrgskap og segjer: "Til slikt" (som Bruun hadde skrivet 1) "hev eg ikkje annat Svar enn aa taka det uppatt her. Eg trur, at Hr. Bruun vil kunna skyna, kvat mi Togn tyder. Maahenda det ogso kunde falla honom inn, at det bak denne Togn maa vera nokot, som han ikkje kann koma nær elder forstyrra". – Me vil ikkje leggja oss fram i Striden millom dei tvo Herrar, men me veit, at det er vaalegt aa røda um Strikka i hengd Manns Hus, og tykkjer, at Byrgskapen, Stormodet, er minnst likso stort paa Hr. Lassens som paa Hr. Bruuns Sida. Elles kann me trøysta Hr. Lassen med, at han kann vera trygg: det kjem ei Ætt – og ho er alt uppe -, som ikkje vil "misstenkja" honom fyr det, han ikkje er Skuld i. Um den vil halda honom fyr ein Tory elder ein Whig, skal me lata usagt. Kannhenda vil ho finna, at han hev voret korkje det Eine elder det Andre.
 
1) Bruuns Ord var disse: "Og naar Wergelands æsthetiske Beundrer er bleven den, som her møder op for at spotte over W.s Medarbeidere, saa skal jeg ikke negte, at dette forekommer mig som en dyb Spot at Skjæbnen over denne Beunders hele Liv."
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum