"Paa Hjemveien".

 
I.
 
(Framhald).
 
[Del 2 av 4. Fyrste delen.]
 
Kor vil no det nye Samfundet taka denne Moralen sin ifraa? Den, som alt annat, ifraa Soga og ifraa sitt eiget Vit og Tenkjing. Franskmannen Comte (Congt) hev funnet ut ein Maate at sjaa Historia paa, som tvillaust hev fremste Plassen i den Kjeda taa Tankar som eg her kallar dei nye Samfundstankarne. Han set det historiske Fyremaalet fyr kvar Ættled i, at dei med sitt eiget Arbeid aukar Voksteren aat Samfundi sine og legg nye Tankar og nye Røynslur inn i sjølve Samfunds-Umgripet, baade i Avsyn paa Styremaaten og i Avsyn paa det materielle og moralske Tilværet aat Samfundet. Med detta Synet paa kvar einskild Ættled høver grant Synet hans paa heile Soga. Fyremaalet aat den er aa syna, korleids Samfundstanken hev aukat i i Inhald gjenom Tiderne, og hev fenget den Fylle, som han no hev. Fyremaalet aat Granskaren vert daa aa finna ut, korhelst i Tidi dei fyrste Spori kjem fram i Dagen til ein Samfundsskipnad, og korleids dei fysste raae og simple Tankarne um Rett og Moral var laga, - og so sidan aa greida ut, korleids kvar Ætt og kvar Tid hev brigdat paa desse Tankar og lagt nytt attaat dei alt inntil vaar Tid; den nye Sogeskrivaren vert soleids liksom ein Rekneskapsførar med dei samfundsrettlege og samfundsmoralske Tankar og Umgrip i Verdi. Det, Samfundet eig taa Moral, hev det Trudomen aa takka fyre alt til denne Dagen, segjer Comte. Folk hev all Tid trengt um ein Guddom til aa passa paa seg, so at ikkje alt Samfundsliv skulde leggjast øyde av kvar Einskildmanns Sjølvkjærleik, Røvarhug og Raaskap. Disse Guddomarne hev skiftat gjenom Tiderne. I dei aller fysste Samfund – raae og skaplause som dei var – gjorde Folk Stein og Tre og alle slike Naturting til Gudar yver seg til aa halda Styr paa seg, og hemna dei Brot, som vart gjorde paa Moralen deira. Og, segjer Comte, i historisk Meining so hadde denne Fetisch-Trui full Rett til aa liva og raada i Folks Liv so lengje, til dess alt det, som ho aatte av moralske og rettslege Tankar fekk ganga inn i Mannens Kjøt og Blod og verta ein Eignalut aat heile Ætti. Men so var og dens historiske Gjerning ute, Trui paa henne gjekk upp, og ho vart "berre ei Soga." Men Arven etter henne liver, solengje Menn er til; for ho hev vakset inn i Ætti og ligg der som det undste Laget i sjølve vaart moralske og rettslegge Vit. So kom det ei ny Tru og tok Romet etter den gamle. Det var "Fleirgud-Trui", segjer Comte, slik som ho er aa finna hjaa Grækarar, Romarar og vaare eigne Forfedrar, og under den voks det fram ein Sum av fullkomnare Tankar baade um Samfundet og um det sedelege Livet aat den einskilde Mannen. I historisk Meining hadde denne Trudomen same Livsretten som Fyremannen sin, nemleg so lengje til den Summen taa Tankar um Moral og Samfund, som han bar med seg, fekk lægrat seg av og grott fast i det aalmenne Mannsvit. Daa hadde han ført sin historiske Gjerning til Ende, og do burt. So kom endeleg den høgste Trudomen, "Eingud-Trui", Kristendomen, og saman med den ein Rikdom av moralske Bud og Logjer, som endaa ingi Tid hadde kjennt. Han hev no raadt so lengje yver heile Tenkjemaaten i Mannheimen vaar, at det vel maa segjast, at ingen av Moralbudi hans er frammanfyr det aalmenne Mannsvitet lenger. Og med detta hev han gjevet Samfundet alt det, han hev aa gjeva det, og Rekneskapsføraren Comte kvitterar daa i Samfundstankens Namn, og takkar fyr væl gjort og fyr ei Gaava so stor, at " Samfundet" aldri kann fulltakka Kristendomen fyr henne." Dette høyrest visst mest som ein ugudeleg Tale. Og det er nok so, at Comte sjølv ikkje var nokon Kristen. Men no er det Samfundet, me talar um, og daa maa du vel hugsa, kvat det nye Samfund er fyr ein Ting, og kvat det vil. Kom ihug, at det er ikkje eit hell annat stort religiøst Dyr, slik som vort gamle 1), men berre ende fram eit Samlag fyr Folks jordiske Tilvære. Her vert endaa full Plass fyr Kyrkja til aa "fanga Menniskjur" fyr den evige religiøse Sanning. Ingen er soleids meir viljug enn Comte til aa vera med paa, at um enn det nye Samfundet kann faa gjort Folk aldri so jordiskt lukkelege, so kann do aldri Trongjen etter eit religiøst Liv verta stilnat. Det nye Samfundet kann difyr likso litet som det gamle vera Kyrkja fyrutan. Og eg kann ikkje skyna, kvi Kyrkja ikkje skal kunna gjera sitt Verk likso godt i eit Samfund med ljose jordiske Vilkor som i eit, der Storfjølden liver nedkuad under Tyngsla og Rettløysa.
 
Kyrkja segjer med full Sanning, at den trudomslege Læra um Syndi, Frelsa og Æveheimen er urørande som Fjell. Det nye Samfund hev ingen Ting aa svara paa detta; for det hev berre med Jordsida aat Mannen aa gjera. Det segjer difyr med likso full Sanning i sin Ring av Tankar: Alt jordiskt er rørlegt og emnat fyr Tilskipnad. Soleids og dei moralske Logjerne, som gjeld Folk imillom i deira Samliv her paa Jordi. Det er ei synleg Sak, at Mannen kann liva eit moralskt Liv, um han ikkje er Kristen. Men korlangt denne Krafti strekk seg, og korleids dei Moralbud maa vera laga, som skal høva bedst aat denne Naturgaava i oss, det maa verta avgjort ved vaar eigi tenkjande Gransking, og skipa seg etter dei skiftande Tenkjemaatar og Hugstemnur i dei skiftande Tider. At Bibelen sin Moral vil til alle Tider ganga som den raude Pulsaara gjenom den nye Samfundsmoralen, er ein historiske Givnad. Men skal det verta ein Samfunds moral, so maa Mannstanken sjølv skipa honom til etter dei jordiske kvardagslege Krav, og daa serleg taka den ideale Brodden ifraa honom, so han ikkje skal verta liggjade høgare, enn at Mannens eigi Kraft kann magta honom. At Morallogjerne ikkje berre vil brigdast, men ogso aukast, naar dei vert gjorde til Emne fyr Mannstankens Gransking, er likso visst; for i det nye Samfund maa Moralen aaleine vera det sama som baade Moralen og Trui ihop var i det gamle.
 
Dei fleste ristar vel paa Hovudet og spyr: Kvat skal driva Mannen til aa halda seg etter ein Moral, som ikkje hev ei Guddomsmagt standande yver seg med Straff og Løn? Ja, det skynar ikkje det gamle Samfund. Fyrr det kann læra aa skyna, at det nye Samfund hev den same dragande og samlande Magti som t. D. eit ljost Bilæte hev, so maa det fyrst koma so langt, at det skynar, at det sjølv berre hev eit myrkt og grinande Bilæte aa syna fram. Sjaa den yrjande Flokken nedi Tyskland, som ropar etter Rettferd og Letting i sine jordiske Kaar; Det gamle Samfundet svarar deim med Fengsel fyr Braud, med Politijag fyr Fridom. Paa den Maaten kann ikkje eit Samfund halda ein menneskeleg Moral uppe. Og Eit lyt kvar og ein ganga inn paa, som hev tvo Augo aa sjaa med: at sjølv Heidningen kann, berre med si Menneskjekraft, liva som ein ærleg Mann, ja vera godhjartat og uppofrande. Kann daa ikkje det gamle Samfund tenkja seg, at eit Samlag, som er skipat til med det tydelege, klaare Fyremaalet aa gjera Jordlivet so ljsot og fritt og rettvist fyre kvar og Ein, som det finst Raad til; som ikkje binn Munnen paa den som er trykt av Naud, men tvertum kjem honom til Hjelp og dreg honom upp av Stakkarsdomen, - at eit slikt Samlag, segjer eg, maa eiga ei stor samlande Magt, - kann ikkje det gamle Samfundet tenkja seg det, so lyt det liva - elder døy – i si gamle Tru. Det nye Samfund trur paa seg sjølv, trur fullt og varmt paa, at den Kjærleiken til kvart Menniskjebarn som hev skapat det, ogso hev Magt til aa samla og bøygja Folket inn under Tukti av dei rettvise Logjer og Moralbud, som det hev fengjet som ein historisk Arv, og der er snaudt nokon Ting i Soga elder i Mannavitet, som kann avsanna det i denne Trui.
 
Ein Ting til. Det Spursmaalet ligg nære: Naar Kyrkja i eit slikt Samfund vinn ei stor Mengd av Folket fyr den livande kristne Trui, og so denne Trui slær ut i eit Liv etter den kristelege Moralen, korleids skal daa dette Livet kunna semjast med det Livet, som Samfundet krev etter sin Moral? Svaret ligg i det som stend ovanfyre. Kom ihug, at Samfundet sin Moral ikkje er annat i det Store enn den Arven, som det just hev fengjet etter Kristentrui, berre mindre ideal. Naar soleids Samfundsmoralen maa lita seg med eit Bud som dette: "Elsk Grannen din berre litet mindre enn deg sjølv" – fyr høgre røkk ikkje Mannens Kraft -, so kann det ikkje verta noko Usemja, um ei stor mengd av Folk vert drivne av si livande Gudstru og ved Bøni si Magt til aa elska Grannen sin meir enn seg sjølv, slik som Frelsaren vil hava det. Det nye Synet paa Samfundet er, sovidt eg ser, slik, at Kyrkja vil kunna verta ei betre Samfundsstudning i det nye Samfund end ho no er i det gamle. 2)
 
[ Meir.]
 
  1) Det gamle Samfundet kallar seg sjølv "den kristelege Stat", rett som det var eit hell annat stort Væsen, som kunde kristnast som eit annat Menneskje.
  2) Eg hev her brukat Ordlaget: "det nye Samfundet" paa ein slik Maate, som um det alt var til. Meiningi er likvel berre: det Samfund, som er tenkt aa koma som ei Rettfylgd utav dei nye Samfundstankar.
 

 

Frå Fedraheimen 16.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum